Støre – skremmer han oss?

DEBATT: Norske arbeidsfolk og stadig fleire fagforbund vil ha vekk EØS-avtalen for å få slutt på den frie arbeidsinnvandringa frå EU-landa.

– Støre prøver å skremma oss alle med at den norske fiskeeksporten kjem i fare utan EØS-avtalen, skriv Anders M. Andersen. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Anders M. Andersen
    Anders M. Andersen
    Nedstrand
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Denne EU-innvandringa er direkte årsak til arbeidsløyse, som i dag er fire prosent. Denne innvandringa er Frp for, og har dette partiet vore heilt for heile tida. Det er politikk for NHO, «arbeidsgjevarane». I staden er Frp mot flyktningar, og kallar dei innvandrarar.

Dobbelspel

Dette dobbelspelet kunne Arbeidarpartiet avslørt for lenge sidan. Men Ap har same politikken. Støre går imot dei fagorganiserte utan å gje dei så mykje som eit svar. EØS og fri arbeidsinnvandring vil han ha. I staden varslar han full utestenging av flyktningar frå krigar norske regjeringar og han sjølv har vore med på å starta og føra mot sivile. Same dobbelspelet som Frp.

Norske fagorganiserte prøver han å slå i hovudet med fisk. Han prøver å skremma oss alle med at den norske fiskeeksporten kjem i fare utan EØS-avtalen. Då vil det koma tollmur mot norsk fisk, veit Støre å fortelja.

Det er grov propaganda og ikkje sant. For heile verda gjeld ein overordna avtale (WTO). Den slår fast at for eksisterande handel kan det ikkje innførast ny eller høgare toll. EU-landa har ulike tollsatsar, ned til null. Til Polen har me stor fiskeeksport. Etter at Polen blei EU-medlem, er den norske fisken stadig tollfri, slik regelen for internasjonal handel seier. EU-landa produserer 20 prosent av laksen og 10 prosent av torsken dei set til livs. Norsk torsk er så etterspurd at han blir seld uansett; til 46 land utan toll, og til 26 land med toll.

Fører til arbeidsløyse

Det er vel ikkje anna å venta når NHO vil ha fri import av billeg arbeidskraft, og ser roleg på at det fører til arbeidsløyse. Av Støre og Arbeidarpartiet skulle ein kanskje venta noko anna. Dei har ikkje anna å koma med enn grunnlaus skremming, og går mot politisk konkurs.

Les også

  1. Å være eller ikke være i EØS - det er spørsmålet i arbeidslivet

Publisert:
  1. Debatt
  2. EØS
  3. Internasjonal handel
  4. Arbeidsinnvandring

Mest lest akkurat nå

  1. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Farse har blitt Jærens mest populære lunsjrett

  4. Lagmannsretten vil løslate Gunn Merete Lodes drapsmann fra forvaring

  5. Go-Ahead kutter avganger på Jær­banen allerede fra fredag

  6. Knallfint – og litt stusslig