Norge i skvis mellom USA og Russland

DEBATT: Som småstat er det viktig for Norge med eit godt forhold til vår store nabo i aust. Men NATO-medlemskapen gjer at me blir dregne inn i rivaliseringa mellom USA og Russland.

Her den amerikanske atomubåten «USS New Mexico» ved kaien i Tromsø 10. mai.

Debattinnlegg

  • Ingegerd Austbø
    For IKFF-Internasjonal kvinneliga for fred og frihet
Publisert: Publisert:

Då Norge gjekk inn i NATO i 1949 vedtok Gerhardsen-regjeringa den såkalla «base- erklæringa». For ikkje å provosera Sovjet vart det m.a. bestemt at Norge ikkje ville tillata atom-våpen og utanlandske basar i landet i fredstid.

I april vart det kjent at USA har teke initiativ til ein ny forsvarsavtale med Norge. USA kom med ein ferdig «mal» til avtale-tekst. Forslaget vart presentert av utanriksminister Søreide og forsvarsminister Bakke-Jensen. På fire såkalla «omforente områder» skal USA kunna investera og byggja infrastruktur, som gjer det lettare å ta imot amerikanske soldatar. Dette gjeld flybasane Rygge, Evenes og Sola, og i tillegg sjøforsvarets logistikk-base i Ramsund. Forsvarsministeren er frimodig nok til å hevda at dette er i samsvar med «basepolitikken».

NATO-medlemskapen gjer at me blir dregne inn i rivaliseringa mellom USA og Russland.

Litt av ein floke

USAs investeringar skal vera norsk eigedom heiter det, men USA skal ha bruksretten, og bruken skal skje med respekt for norsk suverenitet. Litt av ein floke. Spørsmåla reiser seg. Kva er ein base? Kva betyr suverenitet? Kva er eigedomsrett utan bruksrett? For folk med vanleg sunn fornuft er vel bruks- og råderett kjernen i eigedomsretten. Likeins må vel norsk suverenitet bety at norske styresmakter skal bestemma over bruken av sivile og militære ressursar i landet.

Når amerikanarane skal ha bruksretten, får dei i praksis ein base. Bakke-Jensen seier at partane skal ha konsultasjonar om bruken. Men me veit jo kven som er den sterke part her, så me kan tenkja vårt om korleis desse konsultasjonane blir. Det har også kome fram at dei amerikanske soldatane skal ha «diplomatisk immunitet», det vil seie at norsk politi/rettsvesen ikkje skal kunna gripa inn mot dei om dei bryt norsk lov. Dette forsterkar inntrykket av at det er snakk om basar, for dette er vanleg når det gjeld amerikanske basar elles rundt om i verda.

Dregne inn i rivaliseringa

Som småstat er det viktig for Norge med eit godt forhold til vår store nabo i aust. Men NATO-medlemskapen gjer at me blir dregne inn i rivaliseringa mellom USA og Russland. Me risikerer å bli slagmark i ein eventuell open konflikt mellom dei to stormaktene. Dette er stadfesta av russiske styresmakter. Stortinget må derfor seia nei til dette avtaleforslaget. Ingen amerikanske basar på norsk jord!

Les også

  1. Norge bør slutte seg til FNs forbud mot atomvåpen

Publisert:
  1. Debatt
  2. USA

Mest lest akkurat nå

  1. Når kommer vinteren, egentlig?

  2. Leger ved sykehuset slår alarm: 21 personer alvorlig skadd på elsparkesykkel de siste to årene

  3. Store endringer i korona­regimet: Dette er de nye reglene

  4. Røykutvikling i bygg i Sandnes sentrum

  5. De åpnet nytt hotell, så kom koronaen. Nå dobler de igjen

  6. Turen på elsparkesykkel endte på legevakten for Malin (22)