Ikkje fjern hurtigbåten vår

DEBATT: Skuleelevar ønskjer å oppretthalde hurtigbåttilbodet i Indre Ryfylke.

«Å kutte hurtigbåttilbodet vil vere eit steg baklengs inn i framtida, fordi det vil forverre tilbodet for innbyggjarane, og gjere Suldal til ein lite attraktiv bustad», skriv Suldal Ungdomsråd.
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Innlegget er skrive av Suldal Ungdomsråd ved Arin Eirikssønn, Bjørn Wigestrand, Mohammed Ibrahim, Hanna Søraas Vasshus, Kamilla Tednes Jårvik, David Roganovic Larsen og Andreas Hustveit Benninghoff.

  • Hurtigbåttilbodet er veldig viktig for skuletilbodet i Sauda. Sauda er den nærmaste skulen for elevar frå Suldal. Det er den einaste vidaregåande skulen man kan dagpendle til.
  • Eit godt pendletilbod bidrar til at fleire Suldals-ungdommar vel å gå på skule i Sauda, noko som fører til at Sauda kan ha eit breiare utdanningstilbod. Fleire elevar kan også føre til eit betre sosialt miljø på skulen.
  • Eit godt hurtigbåttilbod gjer det også meir gunstig for elevar frå andre plassar å velje å gå på Sauda vgs.
  • Lang reiseveg fører til mindre fritid. Kutt i hurtigbåttilbodet vil auke reisetida for suldalselevar betrakteleg.
  • For lang reisetid kan ha mange dårlege effektar, for eksempel sosial utanforskap, stress, utmatting og mindre fysisk aktivitet.
  • Utan hurtigbåten vil suldalselevane ha ein farlegare skuleveg. Riksveg 13 er kåra til ein av Noregs farlegaste vegar. Dersom elevanes skuleveg ikkje inneber hurtigbåten, vil all dagpendlinga gå gjennom dette farlege vegstykket. Suldalselevane skal ikkje vere nøydd til å risikere livet for å kome seg til og frå skulen!
  • Hurtigbåtkutt skaper klasseskilje! Suldalselevar frå familiar som ikkje har økonomi til å betale for hybel, har ikkje moglegheit til å velje vekk ekstra skuleveg. Dei har heller ikkje moglegheit til å gå på skule ein annan stad, sidan Sauda er den einaste me kan dagpendle til.
  • Dette fører til større sosial urettferd. Dei som allereie er dårlegast stilt frå før vil verte hardast ramma av kutt i kollektivtransporttilbodet. Ungdom som ikkje kan køyrast av foreldre, og som ikkje har råd til moped eller liknande, må også ha moglegheit til å reise rundt på ein god og forsvarleg måte.
  • Utan hurtigbåten vil Suldal verte mindre aktuell for nye tilflyttare. Dette fordi å reise vert veldig upraktisk for folk som bur her.
  • Mange ungdommar kan ikkje køyre sjølv eller bli køyrt rundt, derfor er hurtigbåten ein essensiell reisemåte i mange samanhengar dersom man skal kome seg forsvarleg og effektivt rundt.
  • Å kutte hurtigbåttilbodet vil vere eit steg baklengs inn i framtida, fordi det vil forverre tilbodet for innbyggjarane, og gjere Suldal til ein lite attraktiv bustad.
  • Hurtigbåten er hovudpulsåra i Ryfylke. Hurtigbåten bind saman Ryfylke på ein effektiv og god måte. Den er ein viktig del av infrastrukturen.
  • Me synest at Indre Ryfylke burde verte prioritert, fordi at her er det ikkje så mange andre moglegheiter for reise.
Suldalselevane skal ikkje vere nøydd til å risikere livet for å kome seg til og frå skulen!
Publisert: