Dyrare strøm med blå regjering

DEBATT: Det er sterke krefter i sving som prøver å selja krafta vår til dei som betalar mest.

«At kraftbransjen går inn for fleire kablar, og spesielt til Storbritannia, er logisk, der strømprisen nå er 70 prosent høgare enn her heime», skriv Ivar Andersen. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Ivar Andersen
    Elkraft ingeniør
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

2. august kunne me lesa i Aftenbladet at det var ein stor dag i Flekkefjord, for då starta dei med kabellegging til Tyskland: 623 kilometer Nordlink-kabel skal leggas nå, dette i tillegg til fleire kablar som går til Danmark og Nederland, kor me er knytt til det europeiske kraftnettet – som me allereie er knytta i hop med over land som Russland, Finland og Sverige.

Me får dyrare strøm

Under planlegging er North Connect til Storbritannia. Dette høyres flott ut, men realiteten er at me her i landet får dyrare strøm. Det er kraftselskapa som tenar på denne eksporten, og me skal betala, for prisen på elektrisk kraft i Norge skal opp på europeisk nivå.

Fram til 1990 var elkraft rekna som ein del av infrastrukturen i landet, som vei, vann, kloakk er, og tidlegare og post og telefon. Men under Syse-regjeringa, og med Eivind Reiten som olje- og energiminister, blei kraftbransjen liberalisert og kommersialisert. Dette var bare starten, det er sterke krefter i sving som prøver å selja krafta vår til dei som betalar mest.

Utløyst reaksjonar

Bak North Connect står Lyse, Agder Energi, E-CO (Hafslund) og svenske Vattenfall. Dei treng to konsesjonar, ein anleggskonsesjon for å bygga kabelanlegget, søknad levert 30. mars, og ein handelskonsesjon, søknad levert 14. juni, for å kunne handla strøm. Søknaden om anleggskonsesjon har allereie utløyst reaksjonar, mellom anna frå Industri Energi, og all den tid den sittande regjering ikkje vil ha støy om dette i valkampen, er sakshandsaminga sett på «sakte fart» til etter valet.

Energiloven gjorde elkraft til eit kommersielt produkt som matvarer og sydenturar, og i ein kommersiell verden skal bedriftsleiinga maksimera overskotet for eigarane. Skal overskotet i kraftbransjen opp, så må prisane på strøm i Norge opp. Så enkelt er det, for 95 prosent av strømen selles her i landet. Fleire kablar gjer ikkje meir strøm å eksportera, men dei driver prisen på strøm her heime opp. At kraftbransjen går inn for fleire kablar, og spesielt til Storbritannia, er logisk, der strømprisen nå er 70 prosent høgare enn her heime.

Svekka konkurransekraft

Me har mange nok kablar til utlandet for å fanga opp variasjonar i nedbøren, og har dermed full forsyningstryggleik. Høgare strømprisar gjer og svekka konkurransekraft.

Les også

  1. Kabelleggingen til Tyskland i gang: – Dette er en stor dag

  2. Kraftbransjen feilinformerer

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Gladnyhet om skatt i Stavanger

  2. Det eneste minnet Gjert har om faren er da han lærte å sykle - på trehjulssykkel

  3. To lokale bedrifter har dratt inn 327 millioner i arbeid for ett datasenter

  4. Brann i gjenbruksbutikk i Stavanger

  5. Familien vil ikke bruke mer tid på drapsmannen

  6. – Risikoen er svært høy hvis dette ikke går i orden