Arrogant leiarartikkel

DEBATT: Eg tykte det var ille å lesa leiaren i Aftenbladet 6. mai, der leiarskribenten fór laus på kulturministeren, som i likskap med helseministeren meiner at landet vårt må opnast kontrollert, også elitefotballen må finna seg i å stå i kø.

Publisert: Publisert:

Kulturminister Abid Raja. Foto: Fredrik Hagen

Debattinnlegg

  • Ingvar Olimstad
    Suldalsosen

Eg er ein gammal mann som alltid har hatt stor idrettsinteresse. I til saman 34 år har eg vore med i styret for tre idrettslag og vore leiar i to av dei. Idrettsinteressa er framleis stor, men i desse dagane synest eg ikkje kampen om å slå motstandarane med nokre hundredels eller tiandedels sekund, eller hoppa og kasta nokre centimeter lengre enn dei andre, og heller ikkje det å vinna ein fotballkamp, betyr så mykje. I denne korona-tida har eg opplevd idrett på sitt aller beste.

Her i Suldal, der eg bur, legg o-laget kvar veke ut orienteringsløp som ligg ute ei veke, der o-løparane kan springa gjennom løypa når det passar dei, ta si eiga tid eller springa utan tid, og registrera seg ved sjølv å senda melding til o-laget. Dei kan springa aleine, eller dei kan gjera det som eit familie-/venneløp.

Moro, helsebringande og gratis

I Suldalsheia har skiløparane hatt kreative treningsopplegg. Og så er det alle turgruppene, pensjonistar og unge i små grupper som held avstand, men likevel er saman. Andre har funne på ulike former for aktivitet. Idrett er blitt viktig, moro, helsebringande og gratis. Idrettsleiarar og andre som står bak og gjer dugnadsarbeid til glede for mange, fortener stor takk. Eg vil påstå at denne form for folkeidrett er viktigare både for einskildmenneske og for samfunnet enn eliteidretten. Elitefotball kan vera kjempegod underhaldning. Eg gleder meg til å sjå gode fotballkampar og god idrett att, men det kjem likevel eit godt stykke ned på prioriteringslista.

I Aftenbladet onsdag 6. mai kunne vi lesa om mange grupper som har hatt det vondt i denne tida. Vi las om ei kvinne som ikkje hatt fått besøkt mannen sin på sjukeheimen dei siste to månadene, om gravide som ikkje hadde fått koma på helsestasjonen, om barnehagetilsette som arbeider under stor press, og om næringsdrivande som slit. Vi les om slike kvar einaste dag.

Finna seg i å venta nokre dagar

Derfor var det ille, tykte eg, å lesa leiaren i avisa, der leiarskribenten fór laus på kulturministeren, som i likskap med helseministeren meiner at landet vårt må opnast kontrollert, også elitefotballen må finna seg i å stå i kø. For meg vitnar det om at Abid Raja har ekte interesse for idrett. Bare ei kontrollert opning av landet kan gjera oss trygge på at dette er noko som held. Noko anna kan få alvorlege bakslag både for idretten og for sektorar som er langt viktigare enn idrett. Så får heller Giske og Aftenbladet og Fotballforbundet finna seg i å venta nokre dagar. Andre må venta lenger. Leiaren i Handballforbundet sa då også: «Eg kjenner meg godt ivaretatt av styresmaktene.»

Eg beklagar, redaktør, men for meg osar leiaren i onsdagsavisa av arrogant sportsidioti.

Publisert:

Les også

  1. Hvis ikke Raja har penger å gi, bør han snarest vise at han forstår at idrett og kultur er viktige deler av samfunnsnavet

  1. Debatt
  2. Idrett