Kva samfunn vil vi vere?

DEBATT: Regjeringa står i desse dagar overfor ei av dei vanskelegaste avgjerdene nokon gong. Kva tiltak skal førast vidare i kampen mot koronaepidemien?

Publisert: Publisert:

«I ein situasjon der grunnlaget for avgjerder er usikkert, og det er stadig fleire som pressar på for mildare tiltak, kan dydsetikken balansere nytteetikken ved å minne oss om at det kan vere verdiar som trumfar nytten for det store fleirtalet, også når det har store kostnader», skriv Odd Magne Bakke. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Odd Magne Bakke
    Dekan ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora, UiS
iconDenne artikkelen er 115 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

Det grunnleggande dilemmaet regjeringa står overfor er kor mykje og kva vi som samfunn og einskildpersonar skal ofre for å redde liv.

Dette er i seg sjølv ei svært krevjande spørsmålsstilling. Det faktumet at det er hefta stor usikkerheit ved dei modellane som Folkehelseinstituttet og andre ekspertar baserer sine råd til politikarane på, gjer vegvalet dess meir komplisert.

Nytteetikk og dydsetikk

Nytteetikken blir mykje brukt i politikk og samfunnsliv. Den går ut på å følgje det handlingsalternativet som maksimerer mest mogeleg nytte til flest mogeleg. Men ei slik tilnærming bør balanserast med det som blir kalla for dydsetikk.

Dydsetikk handlar om haldningar og verdiar, om korleis vi som einskildpersonar eller samfunn ønskjer å stå fram. At det er veremåtar og handlingar som trumfar andre, også når kostnadane ved desse handlingane kjem i konflikt med andre etisk grunngitte val. Kan dydsetikken fungere som etisk kompass i det særs krevjande landskapet styremaktene skal manøvrere i?

Då regjeringa valde å stenge ned store delar av landet, var det med ei viktig målsetting om å kjøpe seg tid, slik at sjukehusa kunne rigge seg for å ta i mot mange som ville ha behov for intensivbehandling, få tid til å skaffe smittevernutstyr, testar og utvikle måtar og system for smittesporing og – kontroll.

Nytteetikken bør balanserast med dydsetikken, særskilt i ein situasjon som no der grunnlaget og konsekvensar av avgjerdene er usikre.

Må ikkje gjere oss slappe

Helseministeren har nettopp informert om at tiltaka har vore effektive. Kvar smitta person smittar i snitt mindre enn ein anna person. Vi har kontroll på smitten, slo han fast. Bodskapen frå ministeren er ar dette ikkje må gjere oss slappe og ta lett på tiltaka.

Men tiltaka har kolossale samfunnskostnadar. Bedrifter går konkurs eller reduserer aktiviteten. Over 400.000 menneske er registrert som heilt eller delvis ledige. Regjeringa har med støtte i Stortinget opna oljefondet på vidt gap, og vedteke ei rekkje krisepakkar på til saman 200 milliardar kroner for å lindre situasjonen. Ingen kan med sikkerheit føresjå dei økonomiske og menneskelege kostnadane med tiltaka. Mange er usikre og bekymra for kva framtida vil bringe.

Det er stadig fleire næringslivstoppar og økonomiske ekspertar som roper varsku om dei økonomiske kostnadene ved gjeldande tiltak.

I politikk og samfunnsliv står som sagt nytteetikken sentralt. Perspektivet er ofte å identifisere og velje handlingar som maksimerer nytte for flest mogeleg menneske. Dei kritiske røystene til å vidareføre strenge tiltak argumenterer langs denne linja. Mildare tiltak vil føre til mindre økonomiske og menneskelege kostnader for det store fleirtalet. Dermed er ei slik tilnærming etisk godt fundert.

Tek ikkje omsyn til dei sårbare

Baksida til nytteetikken er at den ikkje alltid tek tilstrekkeleg omsyn til den sårbare parten, dei som ikkje får nytte av handlingane. I den situasjonen som landet vårt er i no, er det dei eldre og dei med underliggjande sjukdomar.

Nytteetikken bør derfor balanserast med dydsetikken, særskilt i ein situasjon som no der grunnlaget og konsekvensar av avgjerdene er usikre. Dydsetikken er orientert om haldningar verdiar, og korleis personar og samfunn ønskjer å stå fram både i samtid og ettertid. Ønskjer vi å stå fram som eit land der vala våre kan føre til at kapasiteten på sjukehusa blir sprengde, at menneske døyr i hopetal, utan dei næraste rundt seg og at lika blir stabla i store kjølerom, sjølv om eit slikt handlingsalternativ er det som maksimerer nytten for det store fleirtalet?

Dette er sett på spissen. Men i ein situasjon der grunnlaget for avgjerder er usikkert, og det er stadig fleire som pressar på for mildare tiltak, kan dydsetikken balansere nytteetikken ved å minne oss om at det kan vere verdiar som trumfar nytten for det store fleirtalet, også når det har store kostnader. Det handlar om kva samfunn vi vil vere og stå fram som.

Publisert:

Korona-viruset

  1. BI avlyser alle fester i fadderuka

  2. Folk fortsatte festen hjemme

  3. Politiet om store fester landet rundt: – Folk må tenke seg om

  4. Stine Grøndal Sesseng gledet seg til å jobbe på kontoret. Så kom kontrabeskjeden.

  5. Nattklubbene i Stavanger og Sandnes får åpne klokken 20

  6. Sjekk alle tiltakene: Innfører forbud mot skjenking av alkohol etter midnatt

  1. Korona-viruset
  2. Debatt
  3. Koronaviruset
  4. Folkehelseinstituttet