Kor miljøvenleg er vindmøller eigenleg?

DEBATT: Eg er veldig usikker på denne klimavinsten i eit 25-årsperspektiv, som er levetid for desse møllene.

Publisert: Publisert:

– Kva med ureininga som kjem ved nedtaking og destruering av vindmøllene? spør Svein Kå. Søyland. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Svein Kå. Søyland
    Ålgård

Eg les i Aftenbladet 14. januar at dagleg leiar i Norsk Vind, Per Ove Skorpen, seier at: «Vindkraft er helt avgjørende for å løse klimakrisen, og det kan bygges ut nå». Ja, eg bur midt oppe i det, nærare bestemt på Søyland i Gjesdal, og hadde turområdet mitt på Ryggjene, der Mågaknuden er høgaste fjelltopp.

Ikkje freistande

Som eksempel kan eg nemne at i 2016 var eg på Mågaknuden 244 gonger. No får eg ikkje lov til å bevege meg i det området frå måndag morgon til fredag kveld. Jo, eg kan nok gå der før kl. 06.00 om morgonen eller etter kl. 18 på ettermiddag, men på denne tida er det mørkt no, så det vert lite av. Ikkje er det så freistande heller, slik dei har rasert terrenget med mange nye vegar 5-6 meter breie, og heile fjelltoppar er skotne vekk.

Men det eg undrast på er: Kor miljøvenleg er dette eigenleg? Her går 30-40 store dieselmotorar i anleggmaskinar, knuseverk, lastebilar osv. Ifylgje varselskilta deira arbeider dei frå kl 07.00 om morgonen til 23.00 om kvelden. Kvar av desse maskinane brukar vel jamt over minst 20 liter diesel i timen, og då vert det store mengder i løpet av det godt og vel året dei treng å førebu mølle-fundamenta. Så skal møllene produserast i Danmark(?), 22 stammar og 66 vengjer, kor mykje ureining produserar dei der? Vidare er det lastebiltransport til hamn, båtfrakt til Risavika, så båt attende til Egersund, og derifrå spesialtransport til fjells.

I tillegg er det ein veldig trafikk av arbeidsbilar frå heile regionen kvar einaste dag, og ikkje berre morgon og kveld. Om eg prøver meg på ein tur på dagtid, kan eg vera sikker på å måtte vike for 4-5 køyrety på dei 10-15 minutta eg går på «deira» veg.

Så er det og slik at sjølv om me bur på Sør-Vestlandet er det dagar utan vind så møllene står, eller så hender det at det er for mykje vind, så står dei då og. Eg er veldig usikker på denne klimavinsten i eit 25-årsperspektiv, som er levetid for desse møllene. Når dei skal ned att, er det sikkert at investorane vil trø til då når dei skal destruerast? Eller kven har ansvaret den dagen dersom dagens aktør har gått konkurs? Og kva med ureininga som kjem ved nedtaking og destruering?

Manglar ikkje fjell i Sveits

Krafta frå desse møllene er det byen Zürich i Sveits som skal kunna slå seg på brystet og hevde at dei går på rein kraft. Så vidt eg veit manglar dei ikkje fjell i Sveits heller, kan dei ikkje sette opp sine eigne vindmøller?

Eg er ganske sikker på at om me hadde brukt desse milliardane som no går til vindmølleparkar til heller å ruste opp eldre kraftverk, samt forbetre linjenettet, då ville me fått minst like mykje kraft, og mykje mindre øydelegging av naturen.

Publisert:

Les også

  1. Gigantisk klimaklokke skal vise at vi har dårlig tid

Mest lest akkurat nå

  1. – Et slag under beltestedet fra Høie

  2. Etter 19 år med dårlige vaner, har Ole Klemetsen fått nok. Nå starter han på et nytt prosjekt.

  3. Tina Bru sitt nye hus på Stokka må ligne på et uthus

  4. Lye-saken: Politiet tror de vil finne gutten på steinen

  5. Bytyqi-forhandlingene: – Tror og håper vi kan bli enige

  6. Finansministeren: Ja til julebord på gavekort

  1. Debatt
  2. Vindkraft
  3. Kraftverk