Der det er vilje, der er det veg!

KRONIKK: I samband med at Rogaland Mållag runda 100 år 26. mars 2020, skriv tidlegare lærar, stortingsrepresentant, statsråd og fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa her om nynorsken sin plass i Rogaland.

Publisert: Publisert:

Andrea Hebnes Tobekk, elev ved Jåttå videregående skole i Stavanger, sa ifrå då ho ikkje fekk lærebøker på nynorsk. «Hovudutvalet for opplæring i fylkeskommunen har ei viktig oppgåve framover i å fylgja opp nynorskbrukarar», skriv Magnhild Meltveit Kleppa. Foto: Carina Johansen

Debattinnlegg

  • Magnhild Meltveit Kleppa

Ein elev som eg hadde i ungdomsskulen for over 40 år sidan, gav meg nyleg noko å tenkja på. Me utveksla nokre synspunkt på Facebook, og så skreiv han plutseleg: Orsak språket mitt, Magnhild.

Eg kvitterte straks med å seia at han skreiv meir enn godt nok.

Facebook-vennen min gav meg ei påminning utan å seia det: Eg skulle vore mykje meir romsleg. Eg var lærar i over 20 år, og eg brukte raudblyanten altfor ofte.

Skal elevane lika å skriva, må det faktisk vera fritt fram ei stund, – så får korrigeringane koma etter kvart. Me målfolk må vera mindre opptekne av å ta kvarandre, me må vera rause viss me skal rykkja fram!

Foreldre, barnehage, skule og lokalmiljø har eit felles ansvar for å støtta opp om den lokale identiteten. Det er viktig å vera merksam på både kva dialekt og skriftspråk gjer med oss, og korleis me i dag også må vera oss særleg medvitne korleis digitale plattformer spelar inn.

Les også

Kronikk: «Rogaland Mållag fyller 100 år: Rogalandsmålet er nynorsk»

Overgangen grunnskule/vidaregåande skule

I sommar kom ei melding om at det no er 200 fleire elevar i grunnskulen i Rogaland som vel nynorsk enn i fjor.

Dette er oppmuntrande!

Samstundes kom det alarmerande tal om overgangen mellom grunnskule og vidaregåande skule i fylket vårt. Medan 23 prosent av elevane skriv nynorsk i grunnskulen, er det tilsvarande talet i vidaregåande skule berre 6 prosent.

Andrea Hebnes Tobekk sa ifrå. Ho fortalde om erfaringane sine i Aftenbladet 17. august. Andrea starta skuleåret på vidaregåande utan lærebøker på nynorsk. Læraren bad henne å skifta til bokmål. Ho kjenner til at fleire elevar har gjort nett det. Sjølv venta ho eit halvt år på nynorske lærebøker, andre venta utan at bøkene kom. Ho seier til Aftenbladet at ho møtte mykje undring, – ja, ho brukte ordet «sjokkert» då ho skulle skildra reaksjonane ho møtte frå skulen.

Andrea foreslår noko så enkelt som å innføra ein rubrikk på søknadsskjemaet slik at elevane kan seia frå kva hovudmål dei vil ha når dei søker om plass. Det nyvalde hovudutvalet for opplæring i fylkeskommunen har ei viktig oppgåve framover i å fylgja opp nynorskbrukarar.

Les også

Heller ikke i år fikk Andrea nynorskbøker til skolestart

Les også

Skolane må ta ansvar for nynorske læremiddel

Erfaringar

Som stortingsrepresentant hadde eg glede av å møta andre medvitne nynorskbrukarar. Sjølv hadde eg som aktiv politikar stor nytte av møte mellom Løvebakken Mållag og Nynorskforum, ei gruppe der mellom andre Det Norske Teatret, Norsk Ordbok, Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Mållaget og forlaget Samlaget utveksla erfaringar.

Som statsråd hausten 1997 såg eg elles rikeleg med døme på kor krøkkete offentlege brev kan skrivast. Meir enn ein gong sende eg utkast til brev i retur til embetsverket fordi eg ikkje skjøna kva som stod der. Breva var tiltenkte einskildpersonar som hadde klaga på trygdevedtak. Eg har sett innvikla brev i 2020 også.

Eg opplevde også at rasande austlandsfruer ringde ned departementet fordi dei ikkje fann seg i å få brev om eigen pensjon på nynorsk. Ingen var misnøgde med auka pensjon, men med at sosialministeren hadde sendt brev på nynorsk.

Dette lærte meg noko om kor viktig det er å tenkja på mottakaren. Det er halde mange Klarspråk-kurs for offentleg tilsette opp gjennom åra. Behovet er stort for å skriva enkelt og forståeleg på begge målformer.

Kommunal- og regionaldepartementet er ein flott stad for utøving av likeverdig bruk av nynorsk og bokmål. Departementsråd Eivind Dale kan med eit smil fortelja at han og eg skreiv under leiarlønskontrakt om betring i kvaliteten på eigen nynorsk og av nynorskbruken i departementet. Han følgde opp!

Les også

Ville vekster i fylkets nynorsk

Målbruksplanar

1. november 2013 byrja eg som fylkesmann i Rogaland. Eg sa til dei tilsette første dagen:

«Eg er komen heim, Rogaland er eit nynorskembete!»

Det gjekk ikkje mange dagane før eg vart klar over at kunnskapen om mållova og kvaliteten på språket var vekslande. Det kjem mange ryddige, lettlesne brev frå både nynorsk- og bokmålskommunar i Rogaland og frå Fylkesmannen.

Det er likevel eit markert rom for betring også her.

Ei tydeleg mållov er viktig i tida framover. Ny opplæringslov er til høyring med frist 1. juli 2020. Nyvalde kommunestyre har no fire år framfor seg med stort rom for lokal språkpolitikk.

Målbruksplanane kan reviderast. Kommunestyra kan til dømes avklara korleis dei folkevalde sjølve, administrasjonane, elevane og foreldra til ei kvar tid kan kjenna til retten til opplæring og lærebøker på hovudmålet.

Planen kan slå fast medvit om nynorskbruk i rekruttering, løfta fram dei gode nynorskdøma frå næringsliv og frivillige organisasjonar. Døma er mange.

Eg har elles tru på ein nynorskvenn, ein kvalitetssikrar, i ulike samanhengar – ein trygg nynorskbrukar i ein kommune eller ein statleg etat som kan ha eit ekstra blikk for å gi råd til andre.

«Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld», skreiv Tarjei Vesaas i 1950. Det seier sitt om at arbeidet for nynorsken ikkje berre er vilje til språk, det er også vilje til demokrati.

«Språkleg skaparkraft» er visjonen til Rogaland Mållag i jubileumsåret. Då krevst det vilje.

Og der det er vilje, der er det veg!

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Sykepleierleder reagerer på feil bruk av munnbind på flyplasser

  2. Kvinne skadet i arbeidsulykke i Sandnes

  3. 27 bilførere fikk fartsbot ved skole i Sandnes

  4. SUS opplever kraftig nedgang antallet nye kreftpasienter: - Oppsøk legen dersom du har symptomer

  5. Kommunen fjernet stupebrett umiddelbart etter dybdemåling

  6. Disse lokale trenerne er tatt ut til A-lisenskurs

  1. Magnhild Meltveit Kleppa
  2. Nynorsk