Åndeleg minimalisme for folk på flukt
KRONIKK: Den elles sindige og dyktige kommentatoren Solveig G. Sandelson i Aftenbladet deler i avisa den 25. mars ut ei overraskande ukontrollert overhaling til folk som måtte oppfatta kristentru som noko anna enn litt positiv strøssel på ein sekulær realitet.
- Sofie BrautBryne


Utgangspunktet for utbrotet er grenseområdet ved ei av utfartsårene for dei mange fortvila ukrainarane som over natta fekk seg flyktningstatus, og som no står med ein koffert i eine handa og eit opprive hjarta i den andre. Nokre av organisasjonane som møter desse, vil både hjelpa materielt og forkynna håpet i den kristne trua. Denne kombinasjonen ser det ut til å vera som fell Sandelson så tungt for brystet, og gjer at ho grip til ein serie kraftuttrykk som eg ikkje har sett på kommentatorplass sidan Trump gjekk av.
Å forkynna for sårbare menneske på flukt er ikkje berre «steindumt», tornar Sandelson, nei, det er «egoistisk», «djupt uetisk», «arrogant» og «respektlaust». Karakteristikkane haglar, og til slutt sit ein att og lurer litt på kva det var som brast så høgt. Det kan vera så mangt. Men ettersom eg ikkje kjenner til dei konkrete døma og organisasjonane Sandelson nemner, og sidan ho eigentleg heller ikkje går så djupt inn i desse, er det interessant å sjå nærare på nokre av misforståingane som artikkelen synest å lena seg på.
Solveig G. Sansdelson: «Å forkynna om Gud og Jesus for ukrainske flyktningar som så vidt har kome seg over grensa, er i beste fall steindumt»
Ja, verkeleg annleis
Artikkelen baserer seg for det første på eit noko eindimensjonalt og einsidig syn på kven flyktningane er og kva sårbare menneske «eigentleg» treng. Her er mange millionar på flukt, i eit kulturområde som Sandelson heilt korrekt peiker på, er langt meir religiøst enn her lenger nord. Er det så sikkert at alle desse vil ha eit sekulært minstemål, at dei ikkje treng noko meir enn å bli møtt materielt? Korleis kan ein vera så sikker på det? Eit menneske i ein sårbar situasjon kan nettopp koma i kontakt med andre behov, mange har blitt overraska over at den maslowske behovslogikken mildt sagt ikkje alltid er like dekkande, og at det er noko sant i ordet om at mennesket ikkje lever av brød åleine. Det verkar heilt usannsynleg og nesten provinsielt om den sekulære norske ryggmergsrefleksen skulle vera tilstrekkeleg for å forstå kva så mange menneske har behov for.
Organisasjonane som Sandelson refererer til, høyrest ut til å vera små, ideelle organisasjonar som ikkje har noko å tena på verksemda si. Skuldinga om at dette er egoisme, verkar rett og slett noko urimeleg i denne samanhengen. Er me komne der i vårt kjølige nord at vi ikkje greier å tenka at nokon berre gjer noko for andre fordi dei vil gje dei det beste dei har?
Sjablongar
For det andre, er synet på tru som kjem til uttrykk i artikkelen, lite representativt for det han søkjer å beskriva, nemleg kristen tru. Hos Sandelson blir kristentru ei tvangstrøye som skal pressast på ein sårbar stakkar, det er einkvan som fortel deg korleis du skal leva livet ditt og i det heile gi nokon noko dei ikkje treng. Det er trist når ein har erfaringar som tilseier at tru er slik, og i seinare tid har kulturen vår vore totalt dominert av eit slikt einsidig bilete av kristentrua. Du skal ikkje lenger enn til siste sesong av «Lykkeland», før du merkar at bedehus og kyrkje er dei einaste miljøa som fritt kan skildrast utan brei research. Her er det fritt fram for einsidige sjablongar.
Sandelsons artikkel finn rom for ei akseptabel variant av tru – eit salmevers eller ei bøn til «noko høgare» er innanfor, både for flyktningar oss andre. Ei allmennreligiøs førestilling til trøyst når livet er vanskeleg, passerer også i eit sekulært samfunn. Artikkelen sikrar seg såleis mot ei hard ateistisk haldning, men porsjonerer opp ein mager diett av trøystetru for tøffe tider.
For nokre menneske er kanskje slik åndeleg minimalisme nok. Men for mange er det heilt annleis. Stilt overfor krig og andre eksistensielle trugsmål, vert ein slik pynteleg «religiøs» diett rett og slett ikkje nok. Ein kan nemleg koma på utkikk etter sanning når det er løgn på alle kantar. Ein kan koma til å lengta etter den ultimate rettferda – ja, etter ein verkeleg overmenneskeleg dommar – når urettferda hopar seg opp på alle kantar, når heimen er rasert og familien spreidd. For mange er det greitt nok med ein heimesnikra godmodig gud som ser mellom fingrane og seier «godt, alt». Men ansikt til ansikt med okkupasjonsmakt og krigsherrar er det også mange som lengtar etter eit endeleg oppgjer, som løftar blikket og ber om rettferd – og nåde.
«Spidsborgeren»
Eg har ingen intensjon om å returnera alle dei uvenlege karakteristikkane som Sandelsons stabla opp i artikkelen sin, men artikkelen kviler på fleire svært snevre premiss. Kan vi vita kva type trøyst menneske på flukt treng? Er ei subjektiv trøystetru utan referanse til sanning betre enn anna tru? Det er nemleg denne trøysta Sandelson føreskriv for millionar av folk på flukt. Ei særs fattig trøyst, får vi konkludera med.
Søren Kierkegaard, den briljante danske eksistensialisten og teologen, peika på korleis «spidsborgeren», med si vanetenking omkring kristentru er den som gjer kristendommen til ein slags ABC i moralisme, passe i takt med tidsånda, passe tilpassa gjeldande takt og tone. Dei noko innskrenkande ideane om tru og trusformidling som kjem til uttrykk i Solveig Sandelsons kommentar, tek likeins ikkje innover seg at kristen tru kan vera noko heilt anna enn sjablongane som Kierkegaard alt før midten av 1800-talet tok eit oppgjer med.
Les også
Krigen i Ukraina
- DIREKTE
Minst én person drept i angrep mot Kyiv
- LOKALT
Regjeringen ber Stavanger og Sandnes bosette flere flyktninger
- UTENRIKS
Zelenskyj møtt med langvarig applaus i Aachen, lovet hjelp på vei mot EU-medlemskap
- UTENRIKS
Wagner-gruppen sier de trekker seg ut av Bakhmut 10. mai
- KOMMENTAR
«Der vi best ser den nye kalde krigen i Europa»
- UTENRIKS
Den internasjonale straffedomstolen (ICC) utsteder arrestordre på Russlands president