Kutt den gordiske trafikk-knuten!

BOMPENGAR: Stavanger Aftenblad oppfordrar på leiarplass til å vurdere heile Bymiljøpakken på ny. Det er ei klok oppfordring som eg håper vil takast til følgje.

Paradokset er at Bymiljøpakken inneheld store motorvegprosjekt som genererer trafikk heller enn å redusere den, skriv innsendaren som ønsker ei ny vurdering av heile pakken.

Debattinnlegg

  • Alexander Rügert-Raustein
    Leiar Samferdselsutvalet Rogaland, Gruppeleiar Miljøpartiet Dei Grøne Rogaland & Randaberg
Publisert: Publisert:

Me bør begynna med å endre styringsforma. Styringsgruppa der dei lokale representantar for fylket og kommunane er tvingde til å følgje konsensusprinsippet, er handlingslamma. Kompromiss vil aldri kunne vere noko meir enn eit minste felles multiplum, og vil alltid vere dårlegare enn utgangspunktet. Det betyr at dei dårlegaste forslaga alltid vinn fram til ulempe for regionen. Det beste som kan skje er at det ikkje blir endringar.

Demokratisk underskot

Me treng eit styresett som har ein overordna regional avgjerdstakar som heilt klart vil vere fylkeskommunen. Det er også stort behov for å rydde i det demokratiske underskotet. Dei fem ordførarane som representerer lokalbefolkninga i styringsgruppa, samhandlar i svært liten grad med sine respektive kommunestyre og fylkestinget. Det einaste dei folkevalde får ta stilling til, er ferdigtygde forslag til handlingsprogram som i praksis ikkje kan endrast ettersom ikkje likelydande vedtak vil blokkere framdrift på grunn av konsensusprinsippet. Dermed er dei lokale folkevalde umyndiggjorde.

Målsettinga i pakken treng også revidering. Nullvekstmålet må bli eit reduksjonsmål i tråd med klimaloven. Noreg er forplikta til ein reduksjon på 55 % innan 2030. Ettersom utslepp frå trafikken er samansett av utslepp frå vegbygging og vedlikehald, produksjon, vedlikehald og drift av køyretøy, er det innlysande at overgangen til fossilfritt drivstoff aleine ikkje er tilstrekkeleg til å nå dette målet. Det totale trafikkvolumet må ned og det får ein lettast til i byområde.

Bompengar til kollektiv

Når det gjeld porteføljen i pakken, viser Wirak til konsensus rundt at ein ikkje kan bruke bompengar utelukkande på kollektivtiltak for å behalde legitimiteten til Bymiljøpakken. Det er eit kroneksempel på kor problematisk denne «konsensusen» er. Det er absolutt ingen konsensus utanfor denne gruppa på fem ordførarar om samansetning av porteføljen i pakken. Det er nemleg absolutt mogleg å bruke bompengar (tilnærma) utelukkande på kollektivtiltak. Følgande står i gjeldande handlingsprogram Oslopakken 3:

«Over 97 % av bompengeinntektene i Oslopakke 3 i handlingsprogramperioden går til tiltak som bidrar til utvikling av et meir attraktivt kollektivtilbod og sykkelinfrastruktur.»

Eg reknar med at Wirak er samd med meg i at Oslopakken har større legitimitet i Oslo enn Bymiljøpakken har her. Paradokset er at Bymiljøpakken inneheld store motorvegprosjekt som genererer trafikk heller enn å redusere den. Når styringsgruppa i tillegg ivrar etter å løfte desse opp på prioriteringslista, viser det i praksis at ein ikkje kjenner seg forplikta til nullvekstmålet.

Bymiljøpakken er eit verktøy for å sikre folk mobilitet, sjølv om flest mogleg lar bilen stå oftare, bruker kollektivtransport, syklar og går oftare i staden. Det vil redusere klimaavtrykket og gagne både luftkvalitet og folkehelsa. Men det vil også frigjere vegkapasitet til nyttetrafikken.

Utan ein meter ny veg

Det betyr at viss me lukkast med satsinga vil næringslivet kunna komma seg raskt fram heilt gratis, nærast som eit frynsegode av ein framtidsretta samferdselspolitikk, utan å måtte byggja ein einaste meter av vegprosjekta. Det betyr ikkje at det ikkje skal brukast pengar på vedlikehald, tvert imot skal dette kraftig opp.

Når Wirak seier at eg snakkar som ein MDG-politikar og ikkje som leiar av samferdselsutvalet, tek han feil. Som utvalsleiar skal eg vere oppteken av måloppnåinga i Bymiljøpakken. Det viktigaste er kollektiv- og sykkelsatsinga for å nå nullvekstmålet som burde bli erstatta av eit reduksjonsmål snarast råd. Vegprosjekt som genererer meir trafikk, er stikk i strid med det uavhengig av kva partipolitikken tilseier.
Bymiljøpakken bør ikkje vere eit verktøy for å finansiere vegprosjekt som ikkje trengst når ein lukkast med kollektivsatsinga. Den skal heller ikkje realiseres for å sikre misforstått legitimitet.

Målsettinga i pakken treng også revidering. Nullvekstmålet må bli eit reduksjonsmål i tråd med klimaloven. Noreg er forplikta til ein reduksjon på 55 prosent innan 2030.

Les også

  1. Vi opp­fordrer alle aktø­rene til å ta en fot i bakken nå og vurdere hele Bymiljø­pakken på nytt

Publisert:
  1. Nullvekstmålet
  2. Trafikk
  3. MDG
  4. Stavanger
  5. Luftkvalitet

Mest lest akkurat nå

  1. Ole Kallelid er død

  2. Spiste alene på rommet mens de andre koste seg på julebord. Nå sier hun takk for seg

  3. Stampuben er deres andre hjem: - Hadde den blitt stengt for godt, ville jeg satt meg ned og begynt å grine

  4. Anita Lundekvam (25) har flyttet og selger bilen: – Vi sparer på de siste vedkubbene

  5. Slik så Bjarne ut etter joggeturen

  6. Politiet ønsker tips i forbindelse med savnet kvinne i Haugesund