Svaret er enkelt: Gå tilbake til to-pris-systemet!

DEBATT: Me treng ikkje straumstøtte – me treng fornuftige prisar.

  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Medlem av Raudt Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Regjeringa seier dei gjer så godt dei kan med dei skyhøge straumprisane, og lovar at både folk flest og dei næringsdrivande som fortener det, skal få straumstøtte.

At regjeringane – både Solberg-regjeringa som var og Støre-regjering som er, gjer «så godt dei kan» – har me fått merka. Dei vedtok EUs tredje energipakke (med Acer) og bygde nye utanlandskablar som blei opna i november. Det er jo derfor, og bare derfor, straumprisane har stige til himmels!

Som tjuveri

Produksjonskostnad på vasskrafta er 10–12 øre pr. kWh, men det eg betaler er det 20-doble – etter at eg har fått såkalla «straumstøtte». Når nokon tar ein avanse på det tjue-doble av utgiftene, er det mest å samanlikna med tjuveri.

Viss ein tjuv tilbyr seg å betala tilbake ein liten del av det han har stole, er det framleis tjuveri. Og det skal me vera takksame for?

Me treng inga straumstøtte-ordning. Me treng at regjeringa fastset prisar som er nokolunde i samsvar med produksjonskostnaden. Straum er infrastruktur. Får me ikkje straum, vil det meste me gjer stoppa opp, og arbeidsplassane forsvinna. Kva skal me då leva av? Skal på profitten gå til dei få som blir styrtrike på dagens vanvitige straumregime?

To-pris-systemet

Samtidig er energi ein avgrensa ressurs som me ikkje må sløsa bort. Korleis skal me sikra nok energi og samtidig hindra sløsing? Enkelt: Gå tilbake til to-pris-systemet, med låg pris til nødvendig forbruk og skyhøg pris til overforbruk. Det fungerte, og fungerte godt, i alle år.

Så lenge me hadde to-pris-system, var folk nøysame med forbruket. Då to-pris-systemet blei droppa, og straum i staden skulle seljast som ein annan vare på marknaden, gjekk både pris og forbruk opp – til glede for dei som ville håva inn profitt og til skade for jordas miljø.

Få tilbake to-pris-systemet me hadde fram til 1990! Makspris på til dømes 35 øre for nødvendig forbruk, skyhøg pris på overforbruk og på straum til eksport.

Publisert: