Ære være olja og optimismen, men fortsatt er det innsats og arbeidsmoral som gjeld

GJESTEKOMMENTAR: Ikkje ein gong oljerikdommen kan redde velferdsstaten om me tillet oss å sakke akterut på dei grunnleggande faktorane bak verdiskaping og vekst.

«Viktige forhold ved utsiktene for Vestlandet er gitt frå verda rundt oss, og medvinden let vente på seg», skriv Klaus Mohn.
  • Klaus Mohn
    Klaus Mohn
    Professor, Handelshøgskolen ved UiS og NHH
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Omsider er ventetida over. Liketil og lovande er kvardagen her. Opp og ut før sola renn. Fem dagar arbeid, to dagar helg. Faste fritidsaktivitetar og inga tid å miste. Skuldrene er senka og blikket er løfta - mot eit nytt ubrukt år. Slik kan det og kjennast når høgtida er bak oss.

Spenningane aukar

Fjoråret er uansett tilbakelagt. Det var vel ikkje så mykje meir enn det måtte være. Popstjerner gikk bort, populistar vann fram og i politikk og næringsliv har kunnskapen vike plass for kjapp kommunikasjon av omskiftelege kjensler og stemningar, både ute og heime.
Ved inngangen til 2017 er spenninga høg, både mellom land og innafor land. Konfliktar let til å få næring frå uro knytt til aukande kulturelle og økonomiske avstandar. Uvissa er stor rundt utsiktene, og det er ikkje så vanskeleg å teikne eit pessimistisk bilete for økonomi og politikk i året som kjem.
På same tid skal ein huske at media stundom har ein tendens til å overdramatisere dei negative utviklingstrekka. Fortsatt er det nemleg mykje som går framover her i verda. Mange har fått det betre fordi fattigdom, sjukdom og analfabetisme no er på retrett. Investeringar i helse, energiforsyning og kommunikasjon har gitt gevinstar i form av høgare velferd i mange utviklingsland verda over.

Retorikk og realitetar

Optimismen er stor når det gjeld innovasjon, teknologiutvikling og gründerverksemd. Eit symptomatisk eksempel fekk me i førre veke, då Aftenbladet intervjua FN sin undergeneralsekretær Erik Solheim etter eit foredrag ved Misjonshøgskolen i Stavanger. Den tidlegare SV-leiaren har konvertert, og står i dag fram som ein uhemma forkynnar for krafta i det private næringslivet.

I det internasjonale biletet er det lite som tyder på nokon markant oppsving det komande året.

Problemet er at når underbygginga ikkje er heilt overtydande, så får optimismen eit islett av overtru. Eit liknande mønster gjer seg gjeldande i eit debattinnlegg frå NHO Rogaland sin direktør i romjula, der optimismen for regionen står i sterk kontrast til det som nærmast er å rekne som realitetar for 2017. Oljeinvesteringane er fortsatt på veg ned, konkursfaren er på veg opp og arbeidsløysa har enno ikkje passert toppen.

Les også

Svein Olav Simonsen, NHO Rogaland: Små kommuner blir svake i en stor vestlandsregion

Verdsøkonomien

For oss her på Vestlandet er det tre områder av økonomien som blir spesielt viktige i året som kjem. For det første gjer den store internasjonale kontaktflata at Vestlandet blir særleg påverkeleg for utsiktene for verdsøkonomien. Høg internasjonal vekst gir auka potensial for eksport frå Noreg, samt betre utsikter for oljepris og oljeverksemd.
I det internasjonale biletet er det lite som tyder på nokon markant oppsving det komande året. Snarare verkar det som om fleire vestlege økonomiar for tida lir av utmatting, samstundes som det har roa seg rundt framveksande økonomiar som Brasil, Russland, India og Kina. Det internasjonale pengefondet (IMF) har varsla oppsving kvart år sidan 2011, men så langt har verdsøkonomien slakka farten. Difor blir nok verdsøkonomien i 2017 ikkje meir enn så som så.

Les også

Analytikere: Økt oljepris vil ikke føre til investeringsboom

Oljeprisen

For det andre er utviklinga på Vestlandet fortsatt knytt til utviklinga i oljeprisen. Her blei 2016 det stor comeback-året for Opec. Planlagte kutt i produksjonen har dempa utsiktene for oljeforsyninga, og olja har difor blitt litt meir knapp og litt mindre billeg enn før.
Spørsmålet er om auka i oljeprisen vil spele noka rolle. No har oljeselskapa svetta seg gjennom to år med låge prisar. Pengane har fossa ut, investeringane er strupa, gjelda har gått opp og vekstutsiktene har gått ned. Resultatet er at oljeselskapa no vil tenke seg om meir enn ein gong før dei opnar lommeboka igjen. Om dette ikkje er gode nyheitar for 2017, så vil varsemd med kostnadane betre grunnlaget for stabil aktivitet i olje- og gassverksemda på litt lengre sikt.

Les også

Eksperter spår høyere oljepris i 2017

Klimapolitikken

For det tredje er Noreg og Vestlandet fortsatt uløyseleg knytt til energiutsiktene. Uavhengig av om ein trur på menneskeskapte klimaendringar, så ser ein allereie at energi- og klimapolitikken er under omlegging verda over. Konsekvensane av denne omlegginga blir vanskelege å vri seg unna, sjølv for pengerike nasjonar som Noreg.
Om ein skal ta Paris-avtalen på alvor, så peikar politikken mot høgare prisar på drivstoff for forbrukarane og lågare råoljeprisar for oljelselskapa. Høgare kostnadar ved CO₂-utslepp skal dempe etterspurnaden etter fossile brensel. Verknadane av omlegginga vil slå inn for fullt først på lengre sikt, men klimapolitikken vil likevel prege valkampen 2017 på eit vis som kan få konsekvensar for Vestlandet allereie dei nærmaste åra.

Privat huskeregel

Viktige forhold ved utsiktene for Vestlandet er dermed gitt frå verda rundt oss, og medvinden let vente på seg. Det betyr ikkje utan vidare at lagnaden vår er upåverkeleg. Innsats, arbeidsmoral og produktivitet er nemleg fortsatt dei viktigaste viktigaste føresetnadane for framgang.
Ikkje ein gong oljerikdommen kan redde velferdsstaten om me tillet oss å sakke akterut på dei grunnleggande faktorane bak verdiskaping og vekst. For dette korte utsynet over året som kjem, kan det difor passe å avslutte med Kolbein Falkeid sin appell «Privat huskeregel»:

Du skal ikke klistre fine øyeblikk
opp på veggene i tankene
og forgylle dem med lengselen din.
Du skal kjøre spettet
hardt innunder arrete hverdager
og vippe dem opp.
En etter en.
Det er derfor livet har deg på mannskapslista.

Publisert: