Stavanger er overmoden for ny kunst

DEBATT: Stavanger treng fleire stemmer – og fleire kunstnariske utrykk. Debatten rundt Nuart viser at byen er overmoden for dette, og innimellom det betente ordskiftet finn me mykje god og konstruktiv kritikk.

«Nuart har bidratt til at fleire tenker på kunst og tar aktiv stilling til den, men me skal ikkje la Nuart bli ei kvilepute for kunsten i det offentlige rom», skriv Ingeborg Kvame. Bildet viser australske Fintan Magee sin kunst fra 2016.
  • Ingeborg Kvame
    Ingeborg Kvame
    Styreleiar i BKFR (Bildende Kunstneres Forening Rogaland)
Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Leiaren for kulturstyret og kunstutvalet, Annamaria Gutierrez, trekk fram dei unge, flinke stemmene hjå Contemporary Art Stavanger (CAS). Maiken Winum, som skriv for CAS, skriv om Nuart i sitt velskrivne essay «Meningen med kunsten til, av og for alle». Som resultat av festivalens sekstenårige livsløp har majoriteten av byens innbyggere trykket gatekunst til sitt bryst – den er både tydelig og tilgjengelig, og oppleves derfor som inkluderende – og tja, kanskje som kunst for alle?

Les også

Høyre-politiker vil diskutere gatekunsten i bystyret

Mangel på mangfald

Det er ikkje tvil om at Nuart er ein publikumssuksess, og at dei har tilført mykje bra til byen. Nuart har bidratt til at fleire tenker på kunst og tar aktiv stilling til den. Men, me skal ikkje la Nuart bli ei kvilepute for kunsten i det offentlige rom i Stavanger. Me må bruka det Nuart har skapt som eit momentum for kunsten i Stavanger. Folk set pris på å få oppleva kunst utanfor institusjonane, og dette må stimulerast ytterlegare. Det er ikkje gatekunsten som er problemet, men mangelen på eit mangfald av kunst i byrommet.

Les også

Reed svarer Haraldseth: - Nuart har økt kunstinteressen i Stavanger

Me har andre kunstnariske initiativ i byrommet. Galleri Artilleri, som er mest kjend for Occupy Landscape og bruken av sokkelen til Hepworth, har nye prosjekt på gang. i/o/lab senter for framtidskunst tilbyr Public art screens, ein formidlingskanal som bringer internasjonal videokunst ut til det offentlige rom. Hausten 2017 skal kunstbiennalen Screen City på nytt nytta det offentlege rom til å utforske relasjonen mellom levande bilete, lyd og arkitektur.

Ut over våren skal Sølyst – øya rett over Bybrua – etablere seg som Kulturøya Sølyst i regi av LEVA Urban Design. Dei satsar på eit variert program frå det breie folkelege til den smale kunsten for å tilby brukarane samansette kunst- og kulturopplevingar.

Les også

Gatekunstens tristesse

Gler oss

Det er Stavanger kommune sitt ansvar å legge forholda til rette for eit rikare mangfald av kunstopplevingar i det offentlege rom, vidare er det er kunstnarane, kuratorane og kunstinstitusjonane sitt ansvar å koma med kunstnariske initiativ for å sikre at eit mangfald er mogleg.

Me gler oss til å gå i dialog med Stavanger kommune og Annamaria Gutierrez om korleis me saman kan utvikle Stavanger til å bli ein by rik på eit mangfald av kunstopplevingar i det offentlege rom.

Publisert: