Ønsker me verkeleg å auka spenninga i Europa?

NATO: Sverige og Finland søker medlemskap i Nato. Rødt vil stemma for å avslå søknaden. «Usolidarisk» og «sjokkerande», er reaksjonen frå maktpolitikarane i Arbeidarpartiet og Høgre. Men kor blir det av den saklege debatten?

Ein kan innvenda at me ikkje skal la Russland setta vilkåra. Men me må jo tenka igjennom kva som mest sannsynleg blir følgjene av det me gjer.
  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Når eit land søker medlemskap i Nato, pliktar me å vurdera om opptak vil bidra til å auka eller dempa spenninga. Det er ikkje slik at alle som vil, automatisk slepper inn. Vil opptak av Sverige og Finland påverka spenningsnivået i Europa? Det er uansvarleg å ikkje drøfta dette.

Er krigsfaren stor?

Me skal òg ta omsyn til kva krigsfare søkerlanda opplever. Det russiske felttoget i Ukraina har til no gått katastrofalt dårleg. Har dette auka eller minska faren for eit eventuelt russisk angrep på Finland og Sverige? Om faren i det heile tatt var der, må den vel vera mindre i dag, når Russland har køyrt seg fast i Ukraina?

No er me i ein situasjon der tiltak i Nato blir oppfatta som trugande i Russland, som svarar med opptrapping, som så fører til opptrapping i vest, som så fører til endå meir opptrapping i Russland. Me er inne i ein aukande valdsspiral. Kan me bryta den? Finland og Sverige meiner dei blir tryggare i Nato. Men korleis vil Russland oppfatta det? Sidan muren blei riven og Sovjetsamveldet og Warszawapakta oppløyst, har Russland blitt meir og meir omringa av Nato og USA-basar, stadig nærare dei russiske grensene. Finsk Nato-medlemskap vil venteleg føra til USA-basar langs heile den finsk-russiske grensa, og på terskelen til St. Petersburg.

Trugande for Russland

Russland vil ha sakleg grunn til å oppfatta det som trugande. Me kan forventa at landet vil svara med endå meir opptrapping. Skal då Nato svara på det med endå meir opptrapping? Vil me evna å stansa denne valdsspiralen i tide?

Ein kan innvenda at me ikkje skal la Russland setta vilkåra. Men me må jo tenka igjennom kva som mest sannsynleg blir følgjene av det me gjer. Sjølv sit eg ikkje med nokon fasit på sanninga. Eg vil gjerne ha argument for at eg tek feil. Men når ein står føre dramatiske endringar i tryggleikssituasjonen, må me tenka igjennom kva me gjer. No er ikkje tida for tiltak som vil auka uroa og spenningsnivået. Og me må ikkje stempla folk som har motførestillingar som usolidariske.

Me er inne i ein aukande valdsspiral. Kan me bryta den? Finland og Sverige meiner dei blir tryggare i Nato. Men korleis vil Russland oppfatta det?
Publisert: