Kjønnsidentitetsreligionen som skulen forkynner, er eit overgrep mot barna våre

DEBATT: Styresmaktene har med sjølvidentifisering av kjønn og den nye kjønnsidentitetsreligionen skapt eit synkehól av vankunne som me nektar å godta at våre ungar og den oppveksande slekta skal ramla ned i.

Barn fortel heime at læraren seier det finst fleire enn to kjønn, og at pronomen er han, ho og «hen». Barna protesterer, men blir irettesette av læraren for denne nye synda. Bildet viser Esben Esther Pirelli Benestad, som seier han er kvinne og mann på ulike vekedagar.

Debattinnlegg

  • Anne Kalvig
    Nestleiar WDI Norge – Women’s Declaration International
Publisert: Publisert:

Skoleelevar lærer nå at konstruksjonen «kjønnsidentitet» er kven ein person verkeleg er. Det me før kalte personlegheit, individualitet eller kanskje sjel, er samla opp i begrepet «kjønnsidentitet». «Kjønnsidentitet» som lausrive frå kroppen er kompetansemål på 4. trinn, i naturfag, for å få eit skinn av å vera fakta.

Kjønn er ikkje lenger to

Kjønnsidentiteten, lærer barna, kan tyda at dei er «fødde i feil kropp». Kjønn er ikkje lenger to, men mange, med basis i kjensler og metafysikk. Foreningen Fri skriv nå bramfritt på nettsidene sine: «Ansatte i skole og barnehage skal ha grunnleggende kompetanse om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, samt ha en forståelse for hva kjønnsmangfold er». Lærarane skal altså marsjera i takt og vedkjenna seg den nye kjønnstrua: jenter kan ha penis, menn kan vera lesbiske kvinner. Men dette var ikkje sant før, og er ikkje sant nå.

Biologisk kjønn må vera førande i alle samfunnssamanhengar der kjønn har relevans. «Kjønnsidentitet» må inn i religionsfaget, som døme på tru. Inntil då, må foreldre i god tid få melding frå skolen om kva tid den nye kjønnsreligionen skal forkynnast, slik at me kan halda barna heime og gje dei kunnskapsbasert opplæring i staden.

«Kjønnsidentitet» (gender identity) blei lansert av den pro-pedofile sexologen John Money på 1950-talet. Money er mest kjend for eksperimentet med tvillingparet Bruce og Brian Reimer. Han overtalte foreldra å oppdra Bruce som jente, guten blei underlagt «kjønnskorrigerande» behandling då ein penisoperasjon gjekk gale. Han blei gjeven hormon i oppveksten, og båe gutane blei utsette for pedofil eksperimentering hos Money. Bruce aksepterte aldri at han var jente. Tvillingane enda båe med å ta livet av seg som vaksne, og foreldra framheld at det skuldast Money sitt eksperiment. Money er feira som ein klassikar innan sexologien, og etablerte den fyrste «kjønnskorrigeringsklinikken» ved Johs Hopkins universitet i USA.

Sosial smitte og kulturtrend

Store norske leksikon, snl.no, hoppar over Money i artikkel om «kjønnsidentitet». Esben Esther Pirelli Benestad, sexologen som påstår å vera kvinne og mann på ulike vekedagar og påstår at han tilhøyrer eit urfolk, skreiv inntil nyleg dei fleste artiklar om kjønn hos snl.no. Ei tverrfagleg gruppe viste at leksikonartiklane fremjar pseudovitskap og propaganda om kjønn. Postdoktor i psykologi, Reidar Schei Jessen, har overtatt ansvaret for mange av artiklane, og utelet altså Money i den nyskrivne artikkelen «kjønnsidentitet». Han «definerer» kjønnsidentitet som «opplevelsen og erkjennelsen av å være for eksempel mann eller kvinne, både mann og kvinne, ingen av disse eller noe annet».

Dette heng dårleg saman med at kjønnsidentitet elles blir framstilt som noko eit barn modnast inn i, gjennom erkjenning av å ha eit kjønn. Artikkelen er ordrik, men kjønnsidentitet som uavhengig av kroppen, som ein identitet essensielt «tilhøyrande» det motsette kjønnet eller «noe annet», gjev ikkje meining som fakta. Denne metafysikken skal oppheva biologisk kjønn, og ligg til grunn for endra språk og lover i stor stil.

Same trusførestilling ligg til grunn for endra rammeplan for barnehagen (kjønnsidentitet inngår i verdigrunnlaget) og læreplan for skolen. Fri Skeiv kompetanse følgjer opp med å instruera lærarar i å tilrettelegga for elevar som driv tucking og binding. Her står det også at maskuline jenter kan få løfta vekter i kroppsøving! Menns transvestisme som fetisj inngår i «trans» og har særleg vern i hatparagrafen. Mennene skal fullt ut aksepterast som lesbiske kvinner. Jenter og kvinner som kjønn har ikkje vern i hatparagrafen. Stadig fleire unge oppgjev at dei er «trans» eller «ikkje-binære». Det er sosial smitte og ein sterk kulturtrend.

Demokratiet forvitrar

Nye lærebøker og -materiell fortel at kjønn er ei kjensle, flytande, kan «skiftast» og at barna må kjenna i hjarta kva dei «eigentleg» er. Personlegheit, omdøypt til kjønnsidentitet, blir målt opp mot kjønnsstereotypar. At kjønnsimiterande behandling fører til sterilitet og sjukdom, blir ikkje nemnt. Barn fortel heime at læraren seier det finst fleire enn to kjønn, og at pronomen er han, ho og «hen». Barna protesterer, men blir irettesette av læraren for denne nye synda, som er å orientera seg ut frå fakta, sansing og kognisjon. Dei sluttar å seia i mot, og ytrar ikkje meiningane sine. Tilbakeslaget mot kvinnefrigjering og trange kjønnsroller for båe kjønn, er totalt.

Vitskapsbasert kunnskap er eit skjørt byggverk. Opplæringslova seier at skolen skal fremja demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte. Det motsette skjer nå. Barna våre blir utsette for overgrep. Styresmaktene har med sjølvidentifisering av kjønn og den nye kjønnsidentitetsreligionen, skapt eit synkehól av vankunne som me nektar å godta at våre ungar og den oppveksande slekta skal ramla ned i. Leiar i WDI Norge er anmeldt av ein Fri-rådgjevar og risikerer nå tre års fengsel for å ha skrive på Twitter at menn ikkje kan bli kvinner, mødrer eller lesbiske. Ein kommunedirektør måtte gå frå jobben for å ha påpeikt at Pride er politisk og eigt av Fri, og at politiet(!) ikkje bør ta initiativ til å arrangera Pride. Redd barna heng offentleg ut lærar som er kritisk til kjønnsidentitetsideologi, og krev saman med byråd Marthe Gerhardsen at oslobarna SKAL gå i Fris Pride-tog. Demokratiet forvitrar.

Biologisk kjønn må vera førande i alle samfunnssamanhengar der kjønn har relevans. «Kjønnsidentitet» må inn i religionsfaget, som døme på tru. Inntil då, må foreldre i god tid få melding frå skolen om kva tid den nye kjønnsreligionen skal forkynnast, slik at me kan halda barna heime og gje dei kunnskapsbasert opplæring i staden.

Les også

  1. Kvinnesaksaktivist etterforskes for hatefulle ytringer

  2. – Et forbud mot homo­terapi kan føre til at mange pastorer ville vært villige til å drive sivil ulydig­het

Publisert:
  1. Kjønn
  2. Debatt
  3. LHBT
  4. Twitter
  5. Kropp

Mest lest akkurat nå

  1. Hommersåk samles i sorg – igjen

  2. Det trengs et forbud mot bruk av robot­klippere om natten og strenge reguler­inger for bruk om dagen

  3. Marte (19) og Tor Martin (19) omkom i MC-ulykken i Gjesdal: – Dette er ufattelig og grusomt

  4. Før visste bare lokal­kjente om stølen. Så kom en «tur­fluenser»

  5. Tea Egenæs elsker 60-talls­huset i Stav­anger: – Alt tre­verket gir den gode atmos­færen og sær­preget

  6. Ledere i app-sel­skap måtte gå etter varsler­sak