Danning i vår tid – om menneska og det vi gjer med naturen

KRONIKK: Korleis folk bør innrette seg til kvarandre fører til debattar verda over, og har gjort det så lenge vi har samla oss i ulike fellesskap.

Det viktigaste spørsmålet i vår tid føreset at vi løyser dei dilemma som klimaendringane og presset på naturen inneber.
  • Terje Blåsternes
    Magister i filosofi og universitetsbibliotekar, UiS
  • Narve Dolve
    Førsteamanuensis, Institutt for kultur og språk, UiS
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den engelske filosofen Lawrence C. Becker (1939–2018) skriv at verda er «messy», altså rotete og uoversiktleg. Becker melder ifrå om at det trengst idear og tilrådingar som kan rettleie oss som individ.

Går vi til gresk filosofi, vil vi støyte på ordet paideia, som tyder utvikling av personkarakteren og kultivering av det som er typisk menneskeleg. For grekarane var paideia, altså danning, ein stadig pågåande prosess. Den skulle bevisstgjere folk om ansvaret og pliktene som følgjer den einskilde borgaren sin relasjon til andre. Romarane bygde vidare på den greske filosofien. Her handla danning om humanus et civilis cultus, utvikle ein menneskeleg kultur og sivilisasjon.

Det er tradisjonen frå den greske og romerske filosofien den norske historikaren Hans Fredrik Dahl lener seg til når han skriv at danning er karaktereigenskapar som viser seg fram gjennom kva vi seier og gjer. I dette perspektivet trer danning fram som ei mellombels oppsummering av alt som har påverka oss som personar. Kva vi har lært gjennom liva våre, heile oppveksten vår, og kva folk vi er saman med, sett sine spor og formar oss. Så er det opp til oss sjølve om vi vil innrette oss, fornye hevdvunne vanar og skikkar eller justere oss etter det verdi- og normgrunnlaget som styrer ulike grupper.

Utdanningssektoren

Forvaltninga av danninga til borgarane i ein nasjon blir før eller sidan lagt til utdanningssektoren, i alle fall i velfungerande samfunn. Utdanninga ein kvar utdanningsinstitusjon inviterer til skal vere til hjelp på ei danningsferd som har ein vidare funksjon enn berre det å kunne faget sitt.

Utdanning skal også gi oss dugleik i å bli aktive medborgarar i det samfunnet vi er ein del av. Vi modnast og veks over tid, ofte i det stille utan av vi merkar det sjølve. Å bli til eit gagns menneske er ikkje eit endeleg sluttprodukt. Men omgjevnadane kan registrere skifte i tankesett, interesser og språkbruk på livsvegen vår.

Nyfiken og spørjande

Danning og sjølvkontroll er vovne inn i kvarandre, uavhengig av kulturell tilhøyrsle. Fortida og notida sliper og broderer ut identiteten vår og gjev den eit uttrykk i møte med andre. Det vil alltid vere folk rundt oss som rammar oss inn gjennom eit omriss av forventningar til åtferd, enten vi berre representer oss sjølve eller fram på vegner av ei gruppe, eller òg ein arbeidsplass.

Kanskje er det rimeleg å oppfatte danning som ei haldning? Det greske ordet doxa siktar mellom anna til at vi møter symbol og uttrykk for kulturar gjennom å føle, tenke og opptre på bestemte måtar.

I innstillinga frå Dannelsesutvalget for høyere utdanning frå 2009, blir danning nettopp konkretisert som eit sett av haldningar. Her blir det lagt vekt på det å vera nyfiken og å ha evne til konsentrasjon som vesentlege føresetnadar for å oppnå innsikt.

Å stå fram som spørjande er heldigvis kvalitetar vi alle kan halde ved like, uavhengig av alder. Det er òg kostnadsfritt å spørje om grunngjevingar for påstandar og resonnement som blir lagt ut. Her er vi inne på kritisk refleksjon og evna til å mobilisere eiga tankekraft, slik Dannelsesutvalget legg vekt på. Kritisk tenking er å utføre stadige vurderingar av oss sjølve og det som har innverknad på oss. Dette er i tråd med opplysningsfilosofen Immanuel Kant (1724–1804) sin idé om det opplyste mennesket. For Kant går vegen til fridom gjennom evna til å bruke forstand og skjønn utan andre si rettleiing.

Jord, vind, hav og menneske
glir inn i kvarandre. I dette
perspektivet handlar danning
om kva vi kan krevje av naturen.

Naturen og oss

I eit samansett og fleirkulturelt samfunn som vårt er det ikkje sikkert at vi blir einige om felles grunnverdiar. Det som ofte bli kalla uenighetsfellesskapet viser til demokratisk samhandling. Vi må tolke kvarandre på ein velvillig måte, tole usemje, og vise mot til å bryne meiningane våre i dialog med andre. Slike oppfordringar må stadig synleggjerast om vi skal gjere teneste mellom borgarar som skal vareta mangfald, og utvikle toleranse for kvarandre.

Kloden vår står aldri i ro. Det gjer heller ikkje alle folka som fullfører livsløpa sine på Jorda. Skal vi drive fram eit moderne danningsomgrep, er det ikkje tilstrekkeleg å skaffe seg djuptgåande innsikt i bruken av språket, det menneskelege lynne og grunndraga i menneskenaturen. Her støttar vi oss til den romerske filosofien som ber fram eit slagord som har fått stor relevans i vår tid: «Follow the nature.»

Dette treffer på mange måtar tidsånda. Jord, vind, hav og menneske glir inn i kvarandre. I dette perspektivet kjem danning til eit punkt som handlar om kva vi kan krevje av naturen, og korleis vi oppfører oss i møte med liv som pulserer og lever, akkurat som vi gjer. Det er stor semje om at det viktigaste spørsmålet i vår tid er korleis vi skal sikre at framtidige generasjonar får dei same livsvilkåra som dei vi har hatt. Ein føresetnad for dette er at vi løyser dei dilemma som klimaendringane og presset på naturen inneber.

Dersom danning mellom anna er å sjå seg sjølv som ein del av ein heilskap, bør vi forstå at vi skadar oss sjølve dersom vi skadar naturen. Naturen klarar seg godt utan oss, men vi klarar oss ikkje utan den.

Publisert: