Det hjelper ikkje å skulda på andre, Bollestad
Pelsdyr: Kvar går grensa for kva ein politikar kan vera med på mot eige partiprogram og eiga overtyding? Og spesielt når dette går mot enkeltmenneske og sender dei ut i håpløysa?
«Det er vanskeleg å forstå at eit mikroparti skal få slik makt at det kan tvinga eit stort regjerings- og stortingsfleirtal til å køyra over enkeltmenneske på den måten som her blir gjort», skriv Dag Raustein, om Venstre og avviklinga av pelsdyrnæringa. Foto: Scanpix
Debattinnlegg
- Dag RausteinRandaberg
Eg vil tru at andre enn eg stiller dette spørsmålet når me ser kva regjeringa gjennom landbruks- og matminister, Olaug Bollestad, steller i stand for pelsdyrbøndene. At ho, partiet hennar og regjeringa gjer vedtak og vedtek ordningar som kan ruinera mange familiar, mot fleirtalet i Stortinget sin vilje. Og bare eitt år etter at eit klart fleirtal i Stortinget garanterte for at næringa skulle få halda fram.
Uforståeleg avvikling
Det er vanskeleg å forstå at eit mikroparti skal få slik makt at det kan tvinga eit stort regjerings- og stortingsfleirtal til å køyra over enkeltmenneske på den måten som her blir gjort. Ei næring som har mykje å seia distriktspolitisk, er utan subsidiar, er eksportretta og løyser avfallsproblem for slakteria. Og ei næring som dei ansvarlege for dyrevelferd, veterinærane i Mattilsynet, har friskmeldt. Det er uforståeleg med avvikling.
Endå mykje verre blir det når næringa ved ei avvikling bare skal få ein fjerdedel av det som er nødvendig kompensasjon for å unngå ruin for den enkelte pelsdyrbonden.
Kor langt og lenge kan ein statsråd sitja ansvarleg for å behandla sine medmenneske slik Bollestad her gjer, og mot sitt eige syn? Det hjelper ikkje å skulda på andre. Kan det å ha makt verkeleg ha så mykje å seia som dette? Og det hjelper ikkje å prøva å avleia det uhyrlege som her skjer med samstundes å koma opp med meldinga om at Veterinærinstituttet sine avdelingar likevel skal behaldast i distrikta.
Kvar er samvitet?
Kvar er samvitet til politikarane og partia? Er det ikkje på tide å seia til det som er att av partiet Venstre at: «Me kan ikkje som anstendige menneske stå for å avvikla pelsdyrnæringa, men vil heller bidra til å utvikla henne vidare. Me har eige samvit å tenkja på, og me skal kunna sjå folk i augo også etter dette».
Les også
Mest lest akkurat nå
Aftenbladet anbefaler
Mann i 30-årene risikerer forvaring etter å ha forgrepet seg på ett år gammel datter
Birgitte Munch var toppleder med millionlønn. Så hoppet hun helt av karrierejaget
Dette mener ekspertene skal til for at vi kan leve som før
Da Rebekka og Charlotte møtte hverandre for 12 år siden, var det hat ved første blikk. Nå er de bestevenninner