Sjølvbeteningskassene: Folk treng folk

HANDLERUTINAR: Sjølvbetente kasser er kome for å bli, skreiv Aftenbladet 1.august. Psykolog Egon Hagen svarer med at «verda går framover», at «småbarnsforeldre ikkje har tid til småsnakk i kassa likevel» og at han er «utviklingsoptimist». Eg trur nettopp psykologifaget kan hjelpe oss til å reflektere litt grundigare over kva som faktisk er i ferd med å skje med samfunnet vårt.

Publisert: Publisert:

Psykolog Ingrid Kristine Aspli er skeptisk til sjølvbetente kasser. Folk treng menneskeleg kontakt, skriv ho. Foto: Fredrik Refvem

Debattinnlegg

Ingrid Kristine Aspli
psykolog og 2.kandidat for Stavanger SV

I det ligg det også at vi må passe på at vi ikkje vert for utviklingskåte, på kostnad av folkehelsa. Reint psykologfagleg er det slik at vi menneske treng kontakt med andre menneske for å fungere godt og få god helse: «People need people», seier den kjente forskaren Steven Porges. Vi treng fysiske møte, vi treng augekontakt, vi treng sosiale smil, vi treng kroppskontakt, vi treng å snakke med andre. Dette kallar Porges for «samregulering» og er noko nervesystemet vårt er heilt avhengig av.

Les også

Flere og flere selvbe­tjente kasser: – Folk er nådeløse. De velger pris fremfor alt annet.

Difor spørs det om «verda går framover» er svaret på dei sjølvbetente kassene sitt inntog i butikkane. Det er ikkje berre eldre, som skulle ha godt av å møte eit menneske som seier «hei» i kassa på butikken, slik Hagen hevdar i saka. Det gjeld oss alle.

Som samfunn så kan det sjå ut som at vi er i ferd med å rigge oss slik at vi møter færre og færre folk i kvardagen vår, som deltakarar i samfunnet. Det må jo få nokre konsekvensar. Og kan vi sjå konturane av dei helsemessige konsekvensane allereie?

Kjentfolk

Sjølv handlar eg fleire gongar i veka på den vesle Coop Prix borte i gata. Ikkje fordi det er billegast. Ikkje fordi dei har størst utval. Men fordi eg er på hels med og småpratar med fleire av dei i kassa. Fordi eg treff kjentfolk. Fordi det er så triveleg der.

Eg, som småbarnsmor, i tillegg til min mann og mine barn, treng faktisk travarane i kassa på Coop Prix, som veit kven eg er, som kommenterer vêret, og hjelper meg å pakke når eg har hendene fulle av utolmodig baby og barnevogn. For ikkje å snakke om den gongen kassadama trylla fram ein seigmann til dottera mi, for å premiere at ho var så flink til rydde på plass handlevogna. Coop Prix på Våland er rett og slett bra for nervesystemet mitt.

VIDEO: Slik fungerer selvbetjeningskassene.

Det er også difor eg nærmast kan kjenne korleis helsa får ein boost kvar gong eg ruslar rundt på parsellen min i Våland kolonihage. Kolonihageuniverset, der alle helsar og småprater med kvarandre. Der folk du ikkje har sett før, kjem bortom og spør om du har ei jernrive eller ein vasslange dei kan låne. I kolonihagen helsar eg på eit tital personar dagleg, og eg veit kven som bur på rekke og rad bortigjennom. Heime i nabolaget mitt aner eg ikkje kva dei tvers over vegen heiter.

Førarlause bussar

Dersom butikkane ikkje skal ha folk, bussane skal vere utan førarar, ingen går på postkontoret lenger, og så vidare, så er det ein tabbe for folkehelsa, fordi vi blir fattigare på kontakt. Einsemd vert allereie skildra som eit stort samfunnsproblem blant gamle, men også blant unge. Dette trass i for den enorme bruken av sosiale media.

Er det fordi det fysiske møtet forsvinn? Er det samreguleringa vi mistar, som gjer at nervesystemet vårt slår alarm? Kan det vere slik at kroppen vår seier «hallo! Det er noko grunnleggande som manglar her!» Og som streikar ved å slå til med symptom på både angst og depresjon og meir til?

Ein hudpleiar fortalde meg ein gong at mange av hennar kundar begynner å gråte når dei får nakkemassasje, «fordi det er så lenge sidan dei kjente kroppskontakt».

Helsefremmande

Eg hugsar også ein kronikk for nokre år sidan, kor ein professor frå NTNU skreiv at det var lite økonomisk klokt av regjeringa å bruke 200 millionar på fleire lærarar i skolen. Han meinte at ein heller burde ha bytta ut lærarane med nettbrett. Eg, og fleire med, vart grueleg provoserte. Gode relasjonar mellom vaksne og barn går faktisk aldri ut på dato.

Folk treng nære relasjonar, folk treng kjentfolk og folk treng kontakt generelt.

La oss ikkje modernisere oss vekk frå helsefremmande kvardagslege augeblinkar. I mylderet av alle skjermar og tastar og plattformer: la oss ikkje gløyme det faktum at folk treng fyrst og fremst folk.

Publisert: