75 år sidan Noreg vart eit fritt land
DEBATT: Ei av dei gruppene som på ulike måtar har blitt gløymd for sin formidable innsats og det psykiske presset dei levde under både under og etter krigen, er krigsseglarane.
Debattinnlegg
- Anne Kristin BrunsMedlem i utval for kultur, idrett og samfunnsdialog (KrF)

I Aftenbladet 4. januar 2020 etterlyser medlemmar av Seniortanken korleis vi på ulike måtar kan markere ulike jubileum i 2020. Planlegging av jubileet Stavanger 900 år er i gang, men dei etterlyser at andre viktige jubileum ikkje må bli gløymd som t.d. 75-årsmarkeringa av at Noreg fekk sin fridom tilbake.
Styrken i fellesskapet
I Kongen sin nyttårstale var det nettopp dette jubileet som knytte talen til Hans Majestet saman. Han understreka viktigheita av fellesskapet som skapande kraft. At landet vårt vart oppbygd nettopp ved styrken i fellesskapet. Gode leiarar og eit folk som viste vilje og evne til å stå saman.
Stavanger er ein sjøfartsby, med havet som sin naturlege kommunikasjon over mange hundre år. Mange sjøfolk og båtar var frå Stavanger og Rogaland under krigen, og sjøtrafikken var stor særleg over til England.
De ga sine liv for redernes profitt
Ei av dei gruppene som på ulike måtar har blitt gløymd for sin formidable innsats og det psykiske presset dei levde under både under og etter krigen, er krigsseglarane. Noreg hadde ein stor flåte på sjøen under krigen. Mange av dei kom ikkje heim like etter krigen til fridomsfeiringa, fordi dei var spreidd over heile verda. Dei kom heim til eit land som ikkje var budd på å ta imot dei. På mange måtar har dei ikkje blitt behandla med heider og ære slik fleire av dei andre som gjorde ein formidabel innsats. Den norske flåten tilsvara omlag ein million menn på land. Nettopp denne gruppa gjorde på mange måtar ein usynleg jobb ute på havet. Dei levde i ein konstant frykt for å miste livet ved å risikere å bli torpedert og angrepet dei åra krigen varte. Vi som nasjon har i nyare tid prøvd å gjere opp for dette.
Formannskapet vedtok 21. februar i 2019 i sak 37/19 at «Rådmannen anbefalar at det realiseras et minnesmerke over krigsseglarane i Stavanger sentrum, og at arbeidet med utforming av minnesmerket gjennomføras som eit kunstprosjekt. Minnesmerket lokaliseras til Helmich Gabrielsens plass, og skal inngå som ein del av en
heilskapleg plan for en samtidig opparbeiding av hele plassen.»
På plass i jubileumsåret
Denne prosessen er i gang, og det vil vere av stor verdi om Stavanger kommune fekk dette monumentet på plass nettopp i jubileumsåret 2020. Det vil vere ei viktig markering både for fridomsåret og for krigsseglarane.
Som medlem i utval for kultur, idrett og samfunnsdialog vil eg bidra til at dette arbeidet blir etterspurt, og at vi i løpet av 2020 søker å få dette på plass. Dette er eit viktig monument for å heidre ei gruppe menneske som gjorde ein uvurderlig innsats for vårt land og vår tryggleik under krigen.
Les også
Mest lest akkurat nå
Aftenbladet anbefaler
Barneavdelingen er åpen mandag til fredag. I helgene går behandlerne hjem. Lyset blir slått av.
Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit
Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG
Flere titalls menn skal ha kjøpt seksualiserte bilder og filmer av den mindreårige jenta