Toing av Frp-hender ikkje nok

DEBATT: «Slutt å lyve om Frp!», skriv Christian Wedler i eit svar til min gjestekommentar i Aftenbladet på laurdag. Eg er heilt einig med han. Vi skal prøve å vinne til sanning i all vår ferd.

Frp tiltrekkjer seg ein del ekstremistar med ein del av sine utspel, òg slike som ikkje er vedteken politikk. Som då ei rekkje kjende høgreekstermistar demonstrerte til støtte for Sylvi Listhaug for to år sidan, og ho kvitterte med ein takkevideo. Det er på tide å rydde skikkeleg opp.
  • Jarl Wåge
    Jarl Wåge
    Lærar og skribent
Publisert: Publisert:
Les også

Gjestekommentaren Wedler svarte på: «Frp er partiet for mannfolk flest»

icon
Denne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Christian Wedler, gruppeleiar i Stavanger Frp, kan fortelje at forslaget om juridisk abort, som blei fremja av leiar av Stavanger Frp og blei vidaresendt til handsaming på fylkesårsmøtet, fekk null stemmer på det møtet. Og bra er det. Men forslaget er løfta fram av ein Frp-ar. Eg må vedgå at eg ikkje ein gong hadde høyrt om juridisk abort før det blei sett på kartet av denne lokallagsleiaren.

Forslaget i seg sjølv er ganske så makabert, for det vil gje mannen rett til å fråskrive seg ansvaret om ei kvinne blir gravid og ber fram barnet mot hans vilje. Førre dagen var eg og andre i lang debatt på Twitter med ein Frp-ar som forsvarte juridisk abort. Han meinte det til og med det var eit likestillingstiltak. Leiar av Stavanger Frp er ingen kven som helst, og det som i alle fall ikkje er løgn, er at det finst slike haldningar blant enkelte innan Frp. Og eg må understreke for Wedler at eg aldri har framstilt dette som Frp-politikk.

Les også

Stavanger Frp vil utrede juridisk abort

Les også

Juridisk abort avvist av Frp’s fylkesårsmøte

Fleire kontroversielle forslag

Det er heller ikkje løgn at eit fleirtal i Aust-Agder Frp har foreslått for landsmøtet til partiet at kvinnene sjølve skal betale for abort. Ikkje eit ord om at det skal koste mannen eitt øre. Som om det er jomfrufødslar det handlar om. Her ser vi to døme på direkte kvinnefiendtlege forslag som truleg ikkje blir den offisielle politikken til Frp. Men at det viser haldningar som finst i partiet, kan ingen vaske av seg.

Les også

Aust-Agders forslag om full egenandel for abort: – Klønete forsøk!

Nyleg vedtok Agder FpU at alle som har våpenløyve, skal kunne bere våpen i det offentlege rom. Eit hakesleppvedtak av dimensjonar. Magnus Mathisen, som er forslagsstillar, meiner at det på sikt bør gjelde alle typar våpen, og han trur ikkje dette vil føre til meir skyting. Det kan derimot bidra til at lovlydige personar kan gripe inn og stoppe terroråtak og annan grov vald, hevdar han. Han peikar på Israel som døme på land der dette fungerer godt.

Forslaget har blitt avvist av moderpartiet, men det skal opp på FpU sitt landsmøte. Det vil sjølvsagt vere å lyge om ein hevdar at dette er Frp sin offisielle politikk. Det er det ikkje, men det er altså haldningar som finst i partiet som i alle fall ivrar for å væpne politiet.

Frp tiltrekkjer seg ekstremistar

Frp likar ikkje å bli kalt eit høgrepopulistisk parti. Då det kom fram at 22. juli-terroristen hadde vore medlem i FpU frå 1999 til 2007, og i Frp frå 1999 til 2004, var Siv Jensen sjokkert. Sjølvsagt var ho det. Men det Frp ikkje kan sleppe unna, er at det finst høgreekstreme som støttar partiet. Då det blei arrangert støttemarkering for Sylvi Listhaug utanfor Stortinget, var mange av dei 140 frammøtte kjende frå høgreekstreme miljø. Listhaug nytta ikkje høvet til å ta eit oppgjer med desse ekstremistane den gongen. Nei, ho la ut ein takkevideo.

Les også

Jarl Wåge: «Når ytre høgre marsjerer»

Mange, blant andre eg, har fleire gongar oppfordra Frp til ein gong for alle å reinske opp i grumset. Ein av grunnane til at eg har kome med denne oppfordringa, er at i diverse Facebook-grupper eg har vore innom, der det florerer av muslimhat og rasisme, framstår Sylvi Listhaug nærmast som helgenforklara heltinne og den einaste som kan frelse landet vårt.

Les også

Jarl Wåge: «Sjokkerande hat mot muslimar og Ap, Sylvi Listhaug er den store frelsaren»

Etter at stortingsvalet var unnagjort i haust, tok Listhaug endeleg eit slikt oppgjer. Då sa ho klart ifrå om at slike krefter ikkje høyrer heime i Frp. Sjølvsagt er ikkje Frp eit høgreekstremt parti, men det er ikkje løgn at dei tiltrekkjer seg ein del av desse elementa.

Ta ein skikkeleg rundvask!

Eg er heilt sikker på at Christian Wedler, og mange andre i partiet, er særs lite glade for utspel og haldningar som poppar opp og skaper bruduljar med jamne mellomrom. Men det vil dei halde fram med å gjere om partiet trur det er nok å toe hender. Det må ei skikkeleg vårreingjering til for å få bukt det.

Publisert: