Høgre misforstår med vilje

DEBATT: Ingen i Ap har foreslått å avvikla norsk oljeindustri.

Publisert: Publisert:

«Faktum er at Unge Høgre på sitt landsmøte i 2018 var 11 stemmer frå å få fleirtal for varig vern av Lofoten, 136 stemde for og 147 i mot. Dette viser at kampen for eit stabilt klima og vern om naturressurser i stadig større grad er ein generasjonskamp», skriv Wenche Skorge. Her frå ein demonstrasjon i 2017. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Wenche Skorge
    Varamedlem for Ap til kommunalstyret for byutvikling
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

I debatten om olje og klima misforstår Høgre med vilje, noko som Trygve Pedersen, styremedlem i Stavanger Høgre, demonstrer i sitt svar på mitt innlegg i Aftenbladet den 14. februar. Ingen i Ap har foreslått å avvikla norsk oljeindustri.

«Kraftfull styring»

Eg brukar omgrepet «kraftfull styring» om det vellukka grøne skiftet som er i gang i dei tre største norske byane våre, som alle er leia av koalisjonar med Ap i spissen. Det var ein respons på Vestland-Høgres oppmoding om å lære av «Lykkeland», der nettopp politisk styring blei brukt med særs gode resultat.

Om olja fastslo eg at korkje høgresida eller venstresida vil få til oljeverksemd i Lofoten fordi samarbeidspartnarane på begge sider blokkerer. Det seier Pedersen seg einig i, for å så å halde fram med å påstå at Ap er trugsmålet mot framtidig aktivitet.

Pedersen framstiller Unge Høgre som garantist for meir olje, utan atterhald av noko slag. Faktum er at Unge Høgre på sitt landsmøte i 2018 var 11 stemmer frå å få fleirtal for varig vern av Lofoten, 136 stemde for og 147 i mot. Dette viser at kampen for eit stabilt klima og vern om naturressursar i stadig større grad er ein generasjonskamp.

Sjølv den liberalistiske avisa Dagens Næringsliv og den kjende økonomiprofessoren, Knut Anton Mork, ein bankmann som aldri har stått fram korkje som sosialist eller populist, manar nå til å ta debatten om olje og klima. Høgres uvilje viser at dei skriv frå seg det ansvaret.

Mangel på eigne idear

I år er det lokalval. Oljeprisen blir danna i den internasjonale oljemarknaden. Norsk oljepolitikk blir uforma av storting og regjering. Derfor bør lokalpolitikarane bruka kreftene sine til det dei kan gjera noko med. Næringspartiet Høgres slag i lause lufta mot Aps oljepolitikk vitnar mest om mangel på eigne idear.

Publisert:

Les også

  1. Høgre har ein tanke i hovudet, Ap har to

  2. Bedre med én klar tanke enn to uklare, Ap

  3. Hevder Ap svikter Vestlandet: – Bør lære av «Lykkeland»