Tunnel må kunna byggast billigare

DEBATT: Det gode tunnelprosjektet Espedal-Frafjord, som er eit prosjekt som vil binda regionar saman på ein god måte, har fått ein pris på litt over 1 mrd. kroner. Det verkar urimeleg høgt, og det må vera råd å få prisen ned ein god del.

Publisert: Publisert:

Her Tore Hans Mikkelson foran fjellet hvor tunnelen Espedal-Frafjord er tenkt. Bildet er fra 2013. Foto: Magnus Nødland Skogedal

Debattinnlegg

  • Debatt
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
  • Innlegget er skrevet av Tunnelforeininga Espedal-Frafjord: Mikal Mikkelson, Ingeborg L. Søyland, Sjur Lærdal, Thor Espedal, Geir Hetland, Terje Idsø, Tore Hans Mikkelson, Per Steinskog og Torstein Haukalid.

Me kan samanlikna med to andre tunnelprosjekt i vårt område; nemleg Svotunnelen på Tysdalsstrånnå og Ryfast. Svotunnelen blei opna hausten 2013, den kosta 480 mill. kroner, inklusiv 1,6 km ny veg. Lengda på tunnelen er 4,8 km. At vårt tunnelprosjekt som bare er 0,6 km lenger og har to tilførselsvegar som er lette å byggja, skal kosta over det doble av Svotunnelen, er svært vanskeleg å skjøna, sjølv om me legg inn prisstigning desse fem åra som har gått. Ja, sjølv om me til dømes legg inn prisauke på 50 prosent , kjem ein godt under 1 mrd kroner.

Med smidigheit og god velvilje bør det vera lett å unngå innløysing av hus i Frafjord, og store ulemper for grunneigarane, både i Espedal og Frafjord.

Når det gjeld Ryfastprosjektet er dei to tunnelane til saman 40 km lange. Her har me høyrt ein pris på vel 100.000 kroner pr. meter ferdig tunnel. Overfører me dette til Espedal-Frafjord skulle det bli ein pris på 540 mill. kroner på sjølve tunnelen. Sjølv om ein skulle rekna ei prisauke på 30 prosent, kjem ein bare til 700 mill kroner.

Meterprisen bør bli lågare

Tunnelen mellom Espedal og Frafjord bør også vera enklare å bygga. Det er ikkje så mykje som skal på plass, som i Ryfast. For bare å ta litt av det som skil, er det mellom anna veldig mange tverrtunnelar, to ventilasjonssjakter opp til Hidle, pumpesystem og mykje elektronisk utstyr til overvaking. Hundvågtunnelen har også høgare standard; klasse T 9,5. Solbakktunnelen og Espedal- Frafjord har same klasse T 8,5. Med desse momenta, burde faktisk meterprisen blitt lågare enn i Ryfast.

Ut or fjellet komne, skulle også Espedal-Frafjord vera langt billigare og enklare å laga. Her slepp me store rundkjøringar, store overbygningar, mykje omlegging av vegar, dyre innløysingar av store kostbare areal, omlegging av leidningar og røyr. Med smidigheit og god velvilje bør det vera lett å unngå innløysing av hus i Frafjord, og store ulemper for grunneigarane, både i Espedal og Frafjord.

Inder 50 mill., viss det er vilje

I alt er det planlagt 2,7 km veg og to bruer. Dette bør vera råd å bygga til under til dømes 50 mill. kroner, viss det er vilje. Det er viktig at det blir lagt opp til rasjonelt arbeid, og at økonomiske ressursar blir nytta på ein mest mogeleg effektiv måte. Med fleire betongvarefabrikkar i området, vil det vera fornuftig å bruka bruelement. Massar til veg er lett tilgjengeleg. Å frakta inn steinmassar langvegs frå til murar, er bare ein måte å få opp kostnadane på, utan at kvaliteten blir betre. Utbetringar av eksisterande vegar inn til området, bør også vera råd å få til utan alt for store kostnader.

Samanliknar ein Ryfast og Espedal-Frafjord verkar det urimeleg at sistnemnde tunnel skal kosta 1/7 av det kjempestore Ryfastprosjektet. Ein kostnad på omlag 1/10 eller jamvel mindre kunne verka meir rimeleg, prisauke medteke.

Me kan og sjå på andre liknande prosjekt rundt i landet, som har blitt fullført dei siste åra. Då kan ein sjå at kalkulert pris, verkar svært høg.

Manglar arbeid

Til slutt kan me nemna at det er mange entreprenørselskap som manglar arbeid. Bygging av tunnel Espedal-Frafjord bør vera interessant for dei. Det bør gå an å få rimeleg pris på prosjektet nå. Året 2019 bør bli eit år, der dette lova og gode og viktige regionprosjektet bør få sitt ja, til ein fornuftig pris.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Viking leier ut tre spillere

  2. Leter etter John Olav med full styrke

  3. Fire nye smittebærere i Sandnes siden torsdag

  4. Her blir det nytt kjøpesenter og sykehus

  5. Politiet søker ikke ved Månafossen gjennom helgen

  6. Gunnar Eiterjord slutter som sjef for Rogfast

  1. Debatt
  2. Tunnel
  3. Frafjord