Er leiterefusjonsordninga subsidiering?

DEBATT: Miljøorganisasjonar har hevda at leiterefusjonsordninga er subsidiering av oljesektoren.

– Det bør vera heva over tvil at leiterefusjonsordninga ikkje er subsidiering, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg ressursutnytting og mest mogeleg grunnrente, skriver Seniortanken.
  • Njål Kolbeinstveit
    Seniortanken
  • Gunnar Berge
    Seniortanken
  • Torvald Sande
    Seniortanken
  • Jostein Soland
    Seniortanken
  • Hjalmar Inge Sunde
    Seniortanken
  • Ivar Sætre
    Seniortanken
  • Kjell Traa
    Seniortanken
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Dei har klaga leiterefusjonsordninga inn for overvakingsorganet i EØS/ESA – der den nå skal vurderast.

Frå olja vart ein ressurs for Norge, har vi slått fast at den tilhøyrer fellesskapet. Det blir teke vare på gjennom særskild lovgiving og skattlegging. I tillegg til vanleg inntektsskatt for aksjeselskap betaler dei som utvinn olje og gass, 55 prosent ekstraskatt av overskotet, slik at oljeselskapa totalt sett betaler 78 prosent skatt.

Tilfell fellesskapet

Skilnaden mellom ordinær skatt og 78 prosent er eit utrykk for dei verdiar oljeressursane utgjer. Det blir ofte kalla grunnrente, og er den verdien som blir igjen når alle kostnader ved å bringa olja og gassen opp, er dekte. Slik tilfell verdien av olje- og gassressursane fellesskapet.

Ikkje alle funn av olje og gass har slikt omfang at det freistar store oljeselskap til å gje seg i kast med utvinninga under dette strenge skatteregimet. For å trygga at også mindre ressursar kan bli utnytta, og gje grunnrente til staten, er det etablert ei særordning som gjer det mogeleg for oljeselskap å få utbetalt 78 prosent av kostnaden ved å leita etter olje og gass der dei har fått konsesjon. Då er det tilstrekkeleg at oljeselskapa sjølve finansierer dei resterande 22 prosent av kostnadene. Ordninga inneber dermed at staten og dei private initiativtakarane deler på risikoen.

Ordninga kan reknast som ei vinn-vinn-ordning mellom staten som forvaltar av oljeressursane våre, og private selskap som står føre utvinninga.
Les også

Samfunnsøkonomi er enkelt – særlig hvis man ikke behøver å se inntekter og utgifter i sammenheng

Les også

Oljegiganter flykter fra høy norsk oljeskatt

Større skatteinntekt

Blir det funne olje eller gass og skapt inntekter, får staten 78 prosent av verdiskapinga, og dermed ei grunnrente på 55 prosent, i tillegg til vanleg inntektsskatt på 23 prosent. Føresetnaden er såleis at ordninga skal gje staten vesentleg større skatteinntekt enn utbetalinga av dei 78 prosent av investeringskostnadene som er utbetalte frå staten. Ordninga skal trygga god utnytting av ein naturressurs, og gje staten større skatteinntekt enn ved anna bruk av dei private investeringane. Alternativt kunne staten sett ut på anbod same oppdraget, og teke heile kostnaden og risikoen.

Vinn-vinn-ordning

Særordninga kan ikkje reknast som urimeleg i høve til andre næringar som berre betaler ordinær skatt på 23 prosent av inntektene. Staten får rett på ei motyting gjennom særskatten på 55 prosent av vinsten. Ordninga kan reknast som ei vinn-vinn-ordning mellom staten som forvaltar av oljeressursane våre, og private selskap som står føre utvinninga. Selskap som allereie er i skatteposisjon som oljeselskap og betaler 78 prosent skatt, har automatisk ei slik ordning gjennom dei ordinære skattereglane.

Ordninga tek difor sikte på å skapa interesse hos selskap som ikkje er i slik posisjon. Det inneber større konkurranse om å få delta i utnyttinga. Det er til fordel for staten.

Det bør vera heva over tvil at dette ikkje er subsidiering, men ei ordning som skal syta for at staten får best mogeleg ressursutnytting og mest mogeleg grunnrente. Alternativet kunne vore at ekstraskatten for oljeverksemd generelt gjekk ned. Det ville oljeselskapa tent på, men staten hadde gjeve frå seg inntekter som nå går til fellesskapet.

Sjølvråderetten vår

EØS-avtalen trygger at vi får utnytta landets ressursar godt gjennom internasjonalt varebytte. Då må det finnast reglar som gjer at vi ikkje påfører kvarandre ordningar som hindrar god ressursutnytting.

Ein kan ha ulikt syn på norsk oljeutvinning. Dersom interessegrupper vil ha mindre oljeutvinning, er det eit legitimt politisk standpunkt. Det bør i så fall skje gjennom påverknad av norsk politikk.

Å søkja å svekka sitt eige land sin sjølvråderett gjennom ESA, viser i dette tilfellet manglande respekt for demokratiet vårt.

Publisert: