Sandnes er eit patriotisk mirakel

KRONIKK: Sandnes har ingen katedral, men Sandnes har kumlokk frå eigen by

Sandnes-identiteten er uvanleg, så annleis at kumlokk designa av Sandnes-kunstnaren Turi Gramstad Oliver er stor stas, ifølgje sosiologen Erik Fossåskaret (t.v.).

Debattinnlegg

  • Erik Fossåskaret
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Sandnes takkar nei til Stavangers tilbod om å gi frå seg namn og rådhus i byte med sams kommunegrense. Stanley Wirak lèt seg ikkje lokke:

«Hva babyen skal hete eller hvor rådhuset skal ligge er helt uinteressant i denne debatten. […] Dette handler om stolthet til sin egen by.»

Spørsmålet trenger seg fram. Kva er det storslåtte ved Sandnes som mobiliserer gaukane til stolte sverdslag for kommunegrenser dei snautt kan peika ut i terrenget? Skal tru om me ikkje kjem på sporet av eit svar ved å gå til det nye kumlokket i Krossen; mellom Langgata 1a og Langgata 2a. Den byen som feirar sine kumlokk som samlande storhende, med ordførarkjede, tale og musikk, film og utstillingar, lèt seg ikkje gjera til inkjes av tilbod om å gi rom til naboens rådmannskontor.

Les også:

Les også

Snart får Sandnes kumlokk i Turi-design

Byen som hending

I arbeidet med å byggja seg opp som ei merkevare nystar byar og bygder opp trådar gjennom lange tider. Det gjeld så mykje å feira ei stolt soge kring markante historiske hendingar og institusjonar. Sverd i fjell, ein mellomalderkatedral, forteljingar frå tider med årvisse seriegull, og sigrar på den nasjonale rockescenen gjer seg godt.

I ei særstilling er den byen som har språket som sin fremste markør. Bergen er den største hendinga av alle norske byar. Rosenkrantz og Rundemann, Bryggen og Buekorps. Etter modell frå europeiske mellomalderbyar kan festleg lag i bergensk borgarskap arta seg som halvt hyllest til byen og halvt feiring av familien. Dei gjævaste blåturane i Bergen går med «Statsråd Lehmkuhl» til Fanafjorden og Lysøen. I det den staslege barken sig inn på Vågen ved turens slutt, stiller bergensarane seg med handa mot hjarta vendt mot Ulriken og syng «Nystemten», alle ni versa.

Bergen har ei rekkje sterke identitetsmarkørar med lang historie som er med på å gjere Bergen til Bergen. I Sandnes er det lite slikt, men likevel er bypatriotismen svært sterk.

Kva har Sandnes å visa til av historiske identitetsmarkørar? Jau, gauken sjølvsagt; brakt dit av ein harding. Og Tempo Lett. Men dagens Sandnes er verkeleg ein underleg ung by. Fram til for femti år sidan var Sandnes ein ladestad, i areal to gonger Mosvatnet i Stavanger. 302 km2 av dagens Sandnes på 303 km2 var Høle, Høyland og del av Hetland kommunar. Høyland hadde i 1965 18.000 innbyggjarar; Sandnes 4000.Innflytting og innvandring dei siste 15–20 åra har ført 75.000 personar til Sandnes; like mange som det i dag bur i kommunen. Ein overveldande stor del av dagens Sandnes-innbyggjarar har bak seg så snau tid i byen at det snautt gir god meining å rekne dei som gjennomsausa gaukar. Godt over 90 prosent av innbyggjarane bur i område som langt inn i manns minne høyrde til kommunane Høyland, Høle og Hetland.

Korleis kan det verta slik at denne nyss utsprungne byen, med bymurar gjennomhola av arbeids— og fritidsreiser, maktar å mobilisera så mykje vilje til stolt sjølvkjensle?

Sandnesgauk på deltid

Sandnesfolk er for ein stor del sandnesbuar på deltid. Halvparten av dei yrkesaktive har sin arbeidsplass i ein av nabokommunane, hovudsakleg i Stavanger. Prat ved middagsbordet på Håbafjell og i Håholen, på Soma og Stokkeland, gjeld for ein stor del erfaringar frå landskap og lokalitetar, folk og fakter i andre kommunar.

Me må kunna tru at dei som markerer vilje til vern om dagens Sandnes, for ein stor del kjenner seg som borgarar også av regionen. Både for mange av 65-åringane med heile sitt liv i Høyland, og for 40-åringane som seier dei har flytta til Stavanger, med bustad på Stangeland og jobb i Tananger, ville det vore ei større sak om Viking rykte ned enn det kjentest då det gjekk den vegen med Sandnes Ulf.

Så melder igjen spørsmålet seg: Korleis kan det verta slik at denne nyss utsprungne byen, med bymurar gjennomhola av arbeids- og fritidsreiser, maktar å mobilisera så mykje vilje til stolt sjølvkjensle? Kvar er kjelda for all denne krafta til sjølvrespekt, så mykje patriotisme, og ubøyeleg vilje til sjølvråde? I eksempelet Sandnes har me beint fram å gjera med eit identitetssosiologisk og patriotbyggande tilfelle av mirakuløs karakter.

Romleg identitet, by- og bygdepatriotisme, er ein konstruksjon.

Ordfattig identitet

Sandnes illustrerer og utdjupar det vi kjenner av stadidentitetens uutgrunnelege vesen. Kollegaer ved universitetet i Lund ville gjerne få meir kunnskap om fenomenet menneske og sted. Kva er det som gir kjensla av å høyre til; heimstadkjærleiken (og heimstadhatet)?

Det viste seg at den vesentlege, men ganske ubestemmelege kjensla av å høyra til, saknar verbalitet. Den var vanskeleg å setja ord på for både intervjuarar og informantar. Romleg identitet, stadkjensler, synast å byggja seg ut av relasjonar, hendingar, lukt, smak og lyd; alt fletta saman i kjensler mennesket meir ber innomhuds enn i språket.

Frå mi fyrste tid i Rogaland, då motorvegen sette oss av ved Lura, feste Sandnes seg i meg som det biletet eg fekk av byen ved å køyra Strandgata. Eg kjende spørsmålet trengja seg fram: Kunne Sandnes-patriotismen vera anna enn agg til denne grannen lengre nord i fjorden med sitt ufordrageleg oppblåste ego? Sandnesbuen, som Arne Garborg, lærer oss at røter fester seg i kva mold og landskap som helst. Garborg undra seg over kunstmålarane som kom til Jæren fordi det skulle vera så vakkert der.

«Andre stader kan vere vene. Dette kan vere vent eller stygt. Men det er mitt. Desse heidane og myrane med fjelli i aust og havet i vest, det er det einaste av land som rett kjem meg ved i denne verdi.»

Nytt kumlokk i Langgata, designa av Turi Gramstad Oliver.

Stader og menneske skaper kvarandre – på godt og vondt. «Et sted er ikke et sted før et menneske har vært der» , skriv Lars Saabye Christensen i «Halvbroren». «Et menneske er ikke et menneske før det har et sted.» Romleg identitet, by— og bygdepatriotisme, er ein konstruksjon. Den som ikkje har mellomalder-katedralen å samla seg i, kan velja å søkja stolt feirande fellesskap kring det nye Turi-kumlokket i Krossen. Det er designa for Sandnes.

  • Fikk du ikke med deg direktesendingen? Her kan du se hele folkemøtet i opptak
Les også

Alt om Nord-Jæren kommune

Les også:

Les også

  1. Derfor deltar næringslivet ikke i kommunedebatten

  2. Små kommuner blir svake i en stor vestlandsregion

  3. Tenk på de som fødes nå, stem JA til Nord-Jæren kommune!

  4. Kvifor ser ikkje folk at Sanner vil dei vel?

  5. Lokaldemokratiet vil bestå i større kommuner, men det vil utvikle seg i retning av et elitedemokrati

  6. Lokalt selvstyre er styrket av endring av Grunnloven og europeisk charter

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kommunereform
  3. Sandnes
  4. Nord-Jæren kommune

Mest lest akkurat nå

  1. – Julebordsesongen er nå avlyst

  2. Kjempeopplegg!

  3. Bensinstasjonssjefen på Ålgård tjente over 15 millioner i fjor

  4. Falske eposter utgir seg for å være fra Helsenorge

  5. Slik ble Rogalands 20 rikeste gode for 15 milliarder

  6. Da julebordet ble avlyst, fikk Morten en idé