Eg veit at eldreomsorg er generelt betre i mindre kommunar, og svært god i Rennesøy

DEBATT: Eg legg merke til at ingen av dei som kommenterer mitt innlegg skriv noko om eldreomsorg. Kanskje våre tenester på dette feltet ikkje er så interessante å samanlikne med Stavanger sine?

«Dei tre siste åra har vi hatt pengar til å setje av i fond. I 2015 hadde vi eit rekneskapsmessig mindre forbruk på 13 millionar kroner. Dette visar at vi har god budsjettkontroll», skriv Øydis Westersjø i Senterpartiet. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Øydis Helene Westersjø
    Øydis Helene Westersjø
    Rennesøy Senterparti
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Eg legg merke til at ingen av dei som kommenterer mitt innlegg skriv noko om eldreomsorg. Kanskje våre tenester på dette feltet ikkje er så interessante å samanlikne med Stavanger sine?

Etter mitt lesarinnlegg 14. desember der eg er skeptisk til Rennesøy si framtid som ein bydel i Stavanger, har eg fått mange munnlege, positive reaksjonar og to skriftlege i form av avisinnlegg frå

Åge Sola (H) og Aadne Aasheim Andersen (Ap). Desse vil eg gjerne vil kommentere.

Lista kunne vore lengre

Eg nemner i mitt innlegg fleire område der Rennesøy sine tenester og resultat er svært bra. Dette står eg fast på, og lista kunne blitt forlenga med mange nye moment som t.d. helsesøsterteneste, kommunalt reinhald (forslag om privatisering tilbake i tid) osv.. Eg legg merke til at ingen av dei som kommenterer mitt innlegg skriv noko om eldreomsorg. Kanskje våre tenester på dette feltet ikkje er så interessante å samanlikne med Stavanger sine? Eg veit at eldreomsorg generelt er betre i mindre kommunar, og svært god i Rennesøy kommune.

Les også

Fleirtalet i kommunestyret representerer ikkje folkeviljen i Rennesøy

Utfordringar også i Rennesøy

Mitt poeng er ikkje å skape eit rosenraudt bilete av Rennesøy eller kome med ei forvridd "elendighetsbeskrivelse", slik Åge Sola skriv. Sjølvsagt har vi utfordringar også i Rennesøy, akkurat som i andre kommunar, og eg veit at mykje er bra også i Stavanger. Sola sjølv er svært sparsam med skryt i forhold til tenestene i Rennesøy, og er snar med å påpeike alt som han meiner ikkje fungerer optimalt. Han legg som vanleg alltid vekt på å svartmale og snakke ned Rennesøy kommune. Dette truleg for å forsvare Høgre sitt mål med kommunereforma, nemleg sentralisering og privatisering.

Det som for Senterpartiet blir heilt feil, er å gi frå oss sjølvråderett og medbestemming over korleis vi i vår kommune skal ha det, altså lokaldemokrati. Vi som politikarar er så nær alt som skjer i Rennesøy at det er lett å gjere vedtak som raskt rettar opp eller forbetrar ting som uroar oss.
Lurte av spørsmålsstillinga
I førekant av folkeavstemminga i juni blei det gjennomført ei spørjeundersøking i forhold til kommunesamanslåing. Det paradoksale her var at ingen av spørsmåla/alternativa hadde som svar at Rennesøy skulle bestå som eigen kommune. Når det gjeld folkeavstemminga i juni, er mine tal rette. Ser ein på resultata enkeltvis, er talet høgast for alternativet "eigen kommune". Det blir feil å slå saman to alternativ og setje dette opp mot det eine. Mange, spesielt Utstein-veljarar, har i etterkant kommentert at dei føler seg lurte av spørsmålsstillinga. Kommunestyret er til og med blitt meldt til Fylkesmannen for dette.

Les også

Rådmennene i Stavanger, Finnøy og Rennesøy vil ha rask sammenslåing

I ei så viktig sak som denne, burde det kunne gå an å ta ein runde til for å få eit klart svar frå innbyggjarane. Ønskjer dei ei samanslåing med Stavanger og Finnøy, eller vil dei at Rennesøy skal bestå som eigen kommune? Det var veldig skuffande at ikkje andre parti støtta vårt forslag om ny avstemming etter at Utstein-alternativet fall bort. Dette burde folket i Rennesøy fått sagt si meining om. No vil det for alltid vere usikkert kva folk i Rennesøy hadde valt om det stod mellom desse to alternativa.
Aasheim Andersen har rett i at Sp har vore mot at Rennesøy skal slå seg saman med andre kommunar. Vi har heller ikkje vore særleg taktiske, og gjekk med på utgreiande samtalar med Stavanger (naboprat) fordi vi ville ha dette utgreia på lik linje med Utstein.

Uvisst kva som kan realiserast

Det som for meg er urovekkande, er den haldninga dei fleste politikar i Rennesøy viste ved budsjettarbeidet i haust. Her var det om å gjere å få lagt inn mest mogleg i den neste fireårsperioden, for etter samanslåing med Stavanger er det uvisst kva som kan realiserast.
Dette gjeld blant anna kyrkjestove på Hausken, riving av kommunalt bygg på Vikevåg kai, oppføring av nytt kommunalt bygg på same stad, renovering av Bru barnehage, gang og sykkelveg til Hanasand osv. Det verkar som kommunestyret ser for seg at Rennesøy bydel ikkje skal bli tilgodesett med så mykje etter 2020. For meg handlar politikk om å gjere langsiktige, gode vedtak som står seg langt fram i tid.

Les også

Rennesøy-ja til storkommune

Billig gått-ut-på-dato-retorikk

Både Åge Sola og Aadne Aasheim Andersen har i sine innlegg ein glimrande sjanse til å kome med gode argument for at Rennesøy kommune skal inn i Stavanger. Eg kunne tenkt meg å få vite kva som skal bli så mykje betre her ute på dei grøne øyane etter at vi er blitt ein bydel i Stavanger. I staden fyrer Sola laus med billig, gått-ut-på-dato-retorikk der han gir Sp skulda for det han oppfattar som økonomisk uføre. Rennesøy har aldri vore under statleg administrasjon pga økonomisk uføre, som så mange andre kommunar.

Dei tre siste åra har vi hatt pengar til å setje av i fond. I 2015 hadde vi eit rekneskapsmessig mindre forbruk på 13 millionar kroner. Dette visar at vi har god budsjettkontroll. Dersom Sola meiner dette er økonomisk uføre, får det stå for hans rekning. Han har jo saman med resten av Høgre stemt for felles budsjett for 2017.

Les også

  1. Stavanger best for Rennesøy og verst for Randaberg

Publisert:
  1. Debatt
  2. Eldreomsorg

Mest lest akkurat nå

  1. «Det er nok nå!»

  2. Preben Aavitsland: – Vi er inne i pandemiens vanskeligste periode

  3. Ida (25) lyktes med å gå ned i vekt og holde den. Her er seks feil mange gjør.

  4. Hjerneforsker Marianne Fyhn: – Det er forskjell på menns og kvinners hjerne

  5. Madla/Revheim: Første etappe vedtatt

  6. Ordførerne er bekymret, men håper å unngå nye, lokale tiltak