Kroppspress, her må vi vere på vakt!

DEBATT: Det er på sin plass med ein 18-års aldersgrense for å kunne gjere kosmetiske inngrep som det ikkje er medisinsk grunnlag for.

«Reklame for kosmetiske inngrep skal ikkje rettast mot barn og unge, eller bidra til kroppspress», skriv Anne Kristin Bruns.

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Anne Kristin Bruns
    Stavanger KrF
Publisert: Publisert:

Vi trengjer å ta fleire grep for å setje søkelys på skjønnheitsindustrien sine negative påverknader overfor barn og unge. Kosmetiske inngrep og kroppspress påverker sjølvkjensla og psykiske helse på alle, og særleg barn og unge.

I tida vi no er inne i viser det seg at der er fleire enn før som blir tilvist til psykiatrien for mellom anna eteforstyrringar og psykiske utfordringar.

Presset knytt til kropp og utsjånad blir peika på som ein av dei viktigaste årsaker til at mange unge slit psykisk. Fleire undersøkingar viser at spesielt unge jenter og gutar er misfornøgde med kroppen sin. I ei undersøking utført for Redd Barna i 2018 svarte mellom anna 68 prosent av jentene, og 52 prosent av gutane, at dei ønska å endre på eigen utsjånad. 43 prosent seier at dei kjenne på kroppspress i kvardagen.

Bombardert med reklame

Dagleg vert unge bombardert gjennom ulike media med reklame, særleg via sosiale media, for – og omtale av – kosmetisk kirurgi. Kroppspress påverker både sjølvkjensla, sjølvtilliten og den psykiske helsa til unge menneske i dag. Dette har uroa meg og KrF lenge.

I dag kan ein 16-åring få utført kosmetiske inngrep for å endre på kroppen sin. Dette utan noko krav om at den som utfører inngrepet, injeksjonen og behandlinga er kvalifisert helsepersonell. Med lite informasjon vel unge å endre på utsjånaden, utan at det blir gjort på ein forsvarleg måte. No er fleire innstrammingar sendt ut på høyring for å hindre påverknad på unge, og for å sikre seriøse aktørar.

Les også

Regjeringen vil ha aldersgrense på kosmetiske inngrep

Les også

Ellos får kritikk for influenser-reklame: – Et eksempel på hvordan fettfobien sprer seg

Vi må jobbe på ei rekke områder for å motverke kroppspress. Noko av det viktigaste vi gjer, er å styrke barn og unge si tryggleik og sjølvkjensle, og legge til rette for at dei kan meistre egne liv. Her er foreldra også viktige rollemodellar. Kva haldningar har vi til vår egen og andre sin kropp, korleis styrker vi barn og ungdommane sine bilde av seg sjølv gjennom det vi seier og kommentere? Vi speler ei viktig rolle og særleg i dag med den massive digitale påverknad.

Ver nyfiken

Ein måte å få meir innsikt i kva barnet og ungdommen din er ein del av er å vere nyfiken og vise interesse på same måte som ein kan vise interesse overfor annan fritidsaktivitet. Stille spørsmål og vere på dei ulike kanalane saman med dei. La dei unge lære deg, då får du sjølv innsikt og moglegheit for å både kunne diskutere og stille kritiske spørsmål.

No foreslår regjeringa ytterlegare endringar, fordi KrF tek kroppspress på alvor. KrF vil at barn og unge skal få vekse opp utan å oppleve press om å forandre kroppen sin for å bli «bra nok». Difor foreslår vi å stramme inn markedsføringsreglane. Reklame for kosmetiske inngrep skal ikkje rettast mot barn og unge, eller bidra til kroppspress. Dette er ei viktig innstramming.

KrF meiner at det er på sin plass med ein 18-års aldersgrense for å kunne gjere kosmetiske inngrep som det ikkje er medisinsk grunnlag for. I tillegg foreslår vi å innføre kompetansekrav for å kunne tilby inngrep, injeksjonar og behandlingar. I tillegg vil me gjere lovverket meir tydeleg når det gjeld tilsyn av helsepersonell som utfører dette.

Strengare regler

Politisk tek KrF no ytterlegare grep for å hindre kroppspress som ledd i å styrke barn og unge sin tryggleik og sjølvkjensle. Med strengare reglar skal færre barn og unge bli utsett for unødvendig kroppspress og heller få høyre at de er bra nok som de er.

Saman kan vi klare å snu trenden, både med politiske vedtak og haldningsskapande arbeid.

Les også

  1. Barn får store mengder kropps­fokusert reklame på nett

Publisert:
  1. Debatt
  2. Kroppspress
  3. Anne Kristin Bruns
  4. Redd Barna
  5. Psykiatri

Mest lest akkurat nå

  1. Se hvor mye det har snødd i Sirdal

  2. Koronasmitten doblet på en uke

  3. Alec Baldwin skjøt og drepte en filmfotograf ved et uhell

  4. Storbritannias dronning på sykehus

  5. Slutt på midlertidig bevæpning av politiet

  6. Ble tobarnsmor med 18 års mellomrom: – Jeg er ikke lenger så skråsikker