Fuck bestemor? Kan reaksjonane mot Sumaya Jirde Ali forståast?

KRONIKK: Er det mogleg å forstå dei kjenslene den hijabkledde samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali vekker hjå mange med tilgang til både tastatur og internett?

Publisert: Publisert:

Kva med ho som kanskje gjennom eit langt liv har stått på for likestilling, kvinners rettar og nedbygging av dei patriarkalske tradisjonane? Her møter ho eit symbol, hijaben, som for henne står for det motsette av det ho og medsystrene delvis har kjempa for gjennom ein lang kamp. Men ho blir heller ikkje høyrt i dag, for denne debatten vågar få å ta opp. Foto: NTB Scanpix (illustrasjonsbilde)

Debattinnlegg

  • Jon Skrudland
    Lærar, Bryne
  1. Leserne mener

Jarl Wåge har på side 5 i Aftenbladet 3. mars ein harmdirrande kommentar til reaksjonane som har kome etter Sumaya Jirde Ali, som kvinne, mørk i huda og med hijab, våga seg til å kritisera det norske samfunnet. «Plutseleg er det bestemødrer, med fullt namn og bilde av seg sjølv, som lirar av seg hatefulle ytringar. Eller bestefedrar. I tillegg til all slags andre folk,» skriv han. Og «dette må me ikkje finna oss i».

Wåge stiller ingen spørsmål om kvifor desse hatefulle og rasistiske kommentarane kjem fram. Om det er mogleg at dei er uttrykk for noko anna enn reinspikka framandhat som tenderer til fascisme. Han berre sablar ned rasismen som dei fleste lett kan sjå i kommentarane, og ser likskap med Tyskland på tretti-talet. Ikkje utan grunn, men veldig moraliserande og temmeleg unyansert etter mi meining. Altså; er det mogleg at reaksjonane kan sporast til noko anna?

Wyller meiner at hijaben, likt med andre religiøse symbol, ikkje har noko i det offentlege å gjera.

Opplevinga av uniformering

I Klassekampen 15. desember i fjor tok filosofiprofessor Truls Wyller i kronikken «Problemet med uniformen» opp det problematiske i at svært mange kvinner med utanlandsk herkomst ifører seg hijab i det offentlege rom. Kronikken har, etter det eg har sett, blitt merkeleg lite kommentert etterpå. Wyller reagerer på «den religiøse uniformeringen som strider mot den moderne, universelle likhetstanken», at det kanskje med rette kan stillast spørsmål ved kor lojaliteten ligg når ein uniform som kjenneteiknar ein bestemt religion vert boren særs synleg i alle samanhengar. Bruken av hijab me ser i dag har kome etter framveksten av islamisme frå Det muslimske brorskapen og presteskapen i Iran etter 1980. Islamisme bryt med veldig mange av dei rettane me i Norge i dag ser på som sjølvsagte. Hijaben er for mange eit symbol på dette, og framstår i tillegg «som brudd med et nøytralitetsprinsipp som ellers kjennetegner offentlig virksomhet i en demokratisk rettsstat». Wyller meiner at hijaben, likt med andre religiøse symbol, ikkje har noko i det offentlege å gjera, og at bruk av hijab når ein arbeider i offentleg verksemd som helsevesen, politi eller i skuleverket bryt med skiljet mellom religion og politikk som vi er vane med i eit sekulært samfunn som vårt.

Rettsvesenet ved Gulating lagmannsrett har i dommen mot Merete Hodne slått fast at «bæring av plagget tilkjennegir at vedkommende er en muslim, og som sådan må det uansett annen symbolverdi, også anses som et religiøst symbol». Islam vert av mange, rett eller ikkje, sett på som ein mellomaldersk doktrine, kjelde til kvinneundertrykking, med prestemakt som blandar seg i politikk, men òg som inspirasjon for den islamistiske terroren som har ramma mange europeiske land dei siste åra. Og retten har altså slått fast at hijaben er eit signal om at den som ber denne er muslim.

Les også

Merete Hodne anker «nazi»-frifinnelse til lagmannsretten

Les også

Lederartikkel: «Hodne-anken bør gi avklaring»

For all del, Sumaya Jirde Ali fortener sjølvsagt ikkje den hetsen ho får.

Privat/offentleg

Ja, det er religionsfridom i landet vårt, og det skal det fortsatt vera. Eg veit det er fleire enn meg som ikkje likar framveksten av nye kristne trussamfunn i lokalområdet vårt, som den på Lye der berre menn skal sitja i eldsterådet. Men skilnaden er at dei har si gudstru privat. I det daglege går dei på jobb, verkar i lokalsamfunnet, men ber ikkje synlege markørar som religiøse symbol; dei fungerer inn i det sekulære samfunnet, og bryt ikkje slik med «den moderne, universelle likhetstanken» som Wyller viser til i kronikken sin. At mange av dei så sender borna sine på eigne «kristne» skular, er verre, men det er ei anna sak og ein annan diskusjon.

Noko anna er det altså med hijaben. Wyller innrømmer at han «føler ubehag ved synet av stadig flere hijab-kledde kvinner på gater og torg». Er det då så rart om bestemora og alle dei andre som Wåge kjeftar på, kanskje reagerer på denne uniforma som Sumaya Jirde Ali ber på seg, og at kommentarane vert forsterka av dette? Ho ber til overmål ein særs stor hijab og lange skjørt, som ekstra tydeleg viser at ho representerer islam. Ho representerer noko som for mange er unorsk der ho uttalar seg om det norske samfunnet.

Nei, for all del, Ali fortener sjølvsagt ikkje den hetsen ho får. Desse kommentarane er unekteleg teikn i retning av ideologiar me ikkje vil ha. Ho hadde truleg heller ikkje unngått mykje av dette dersom ho, som kvinne og mørk, men utan hijaben, hadde sagt det same. Likevel kan ein undrast, for verre enn dette har det sjeldan vore.

I kvinnekampen mot mannemakt gjennom tidene minner hijaben i dag om slikt ein i tidlegare tider kjempa mot. Foto: Kåre Eikeland

Mogleg å forstå kjenslene?

Men samstundes, er det mogleg å forstå dei kjenslene Ali vekker hjå mange med tilgang til både tastatur og internett? Kan me snart prøva å ta den vanskelege debatten om religiøse symbol som nok er ein del av dette? Eller skal me fortsetta med å bombardera kvarandre frå kvar våre posisjonar, utan annan synleg effekt enn at det blir verre? Kva med bestemor som Wåge problematiserte, ho som kanskje gjennom eit langt liv har stått på for likestilling, kvinners rettar og nedbygging av dei patriarkalske tradisjonane? Her møter ho kanskje eit symbol, hijaben, som for henne står for det motsette av det ho og medsystrene delvis har kjempa for gjennom ein lang kamp. Men ho blir heller ikkje høyrt i dag, for denne debatten vågar få, utanom Wyller, å ta opp. Det kan gje seg utslag i slike kommentarfelt. Ho har dessutan akkurat same stemmerett ved stortingsval som alle andre som skriv slike kommentarar. I kva retning vil Wåge og andre at bestemor skal bruka denne stemmeretten?

Publisert: