Forbrukslån – mange sit i botnlaus gjeld
DEBATT: Det har blitt svært lønnsamt å driva med inkasso her i landet. Grunnen er dei skyhøge satsane me har på småkrav, og skyhøge renter på større lån som er gitt utan sikkerheit.
- Solveig NessaStavanger


Satsane er langt høgare her enn i nabolanda våre. Ein faktura på 200 kroner på eit legekontor eller for strøm eller telefon blir raskt til over 4000 kroner i løpet av kort tid i forliksrådet og hjå namsmannen. Til samanlikning er inkassosalæret 180 kroner i Sverige, pluss purregebyr på 60 kroner.
Kritisk til systemet
Jusprofessor Mads Andenæs med universitetet i Oslo uttalar seg svært kritisk til systemet i eit intervju med NRK under overskrifta «Jusprofessor kritisk til inkassobransjen: - Norge i Verdenstoppen» på nrk.no. – Bør staten stilla seg bak eit kvart pengekrav? spør han.
Bør dei små pengekrav i staden vera ei sak mellom partane? Kanskje bør nokre lån slettast? Å annonsera for forbrukslån og kredittkort bør kanskje ikkje vera lovleg?
Bankar og finansieringsselskap får hjelp av det offentlege til å driva inn pengekrava sine. I Norge er me kanskje best i verda i å forfølgje gamal gjeld, i motsetning til mange andre land som lettare slettar gjeld t.d. i Amerika.
Namsmannen trekker frå lønnsslippen med tvungne trekk. Og Nav og trekkjer gjeld før utbetaling av stønad. Det går 10 år før krava blir sletta hjå namnmannen. Det er ingen spøk å måtta leva for 3500 kroner i månaden. Det er langt under fattigdomsgrensa og lang mindre enn det ein minstepensjonist får. Dette vil gå ut over liv og helse på sikt. Folk fell utanfor.
Det skadar eit samfunn når så mange menneske blir sett ut av spel og er utan evne til å reisa seg igjen når tidene blir betre. Folk har ikkje pengar til ferier, tannlege, kjøp av leilegheit, gåver til barna eller god og sunn mat.
Gjeldsregisteret
Endeleg kjem Gjeldsregisteret, og det er positivt. Dette registeret kjem fem år forsinka fordi det første den blå regjeringa gjorde då dei tok over var å stoppa registeret som låg klar til å bli tatt i bruk. Utviklinga har vore negativ. Mange sit i botnlaus gjeld. Paradokset er at finansinstitusjonane tener gode pengar på systemet.
Det forventast 10 millionar inkassosaker her i landet i 2018, og det er aukande. 20 prosent fleire saker på eit år. Å søka om kredittlån på nettet utan sikkerheit er kjempelett. Det finns hundrevis av lån tilgjengeleg. Ein mann hadde 12 kredittkort og forbrukslån i ni ulike bankar. Han fekk aldri eit kritisk spørsmål, hevda han til nrk.no 11. nov.
Marknadsføringa er aggressiv. Eg får fleire e-postar kvar dag tilbod om masse pengar utan nokon form for sikkerheit. E-postar som eg hatar, men som eg ikkje greier å stoppa. Bankane byr opp i mot ein halv million utan sikkerheit og rentene er opp i mot 33 prosent i t.d. Scandibanker og Svea finans. Gebyra kjem i tillegg.
Vi gleder oss over at gjeldsregisteret kjem i 1.1.2019, og enda betre ville det vore om låna hadde normale renter, reelle kostnadar og om inkassobyråa og bankar tar meir ansvar for dei pengane som dei lånar ut til folk.
Må vakna
Finanstilsynet, Stortinget og politikarane må vakna. Politikarane må regulera finansmarkedet for det er ikkje fornuftig at folk må betala 20 gonger meir enn dei skuldar på ein faktura, og det er heller ikkje fornuftig å betala opp i mot 33 prosent i rente på eit lån. Dette hastar.