UiS og Technion – fred i skvis

DEBATT: Meldingane om at Israel køyrer mot stupet med ein okkupasjon som krev stadig meir militærmakt, stadig meir vald og stadig meir annektering av palestinsk land, kjem ikkje lenger frå små grupper ein kan avfeia med eit pennestrøk.

– Harald Haukås meiner teknologisamarbeid på betente område, er den beste veien til ei fredsløysing. Det er lov å vera optimistisk. Det er og lov å stilla spørsmål ved slik tenkning, skriver Anndi Lomeland Jacobsen.

Debattinnlegg

  • Anndi Lomeland Jacobsen
    Anndi Lomeland Jacobsen
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Harald Haukås hevdar i innlegg 26. mai at å seia nei til samarbeid med Technion om oljeteknologi i uavklarte havområde, betyr generell oppfordring til boikott av akademisk samarbeid med Israel. Han meiner teknologisamarbeid på betente område, er den beste vegen til ei fredsløysing. Det er lov å vera optimistisk. Det er og lov å stilla spørsmål ved slik tenking.

Meldingane om at Israel køyrer mot stupet med ein okkupasjon som krev stadig meir militærmakt, stadig meir vald og stadig meir annektering av palestinsk land, kjem ikkje lenger frå små grupper ein kan avfeia med eit pennestrøk. Dei kjem frå sterke internasjonale aktørar, USA unnateke.

Mot ytre fiendar er Israel militært overlegne, innad er dei i oppløysing. Vi fekk det seinast dokumentert i Aftenbladet same dag som Harald Haukås hadde sitt innlegg. Vi har i lang tid fått same varsel frå Kåre Willoch så vel som frå forskarar i Noreg, i Israel og internasjonalt.

FN åtvarar, internasjonale rettsinstansar åtvarar, israelske, venlegsinna gruppa så vel som venlegsinna land åtvarar.

Når ein ser denne hopen av kristensionistar dytte Israel vidare mot stupet, kan ein sanneleg lura på kva ein skal med fiendar når ein har slike «vener».

Dødsreis for begge partar

Vi som har reist i område i årevis, har sett at dette er ei dødsreis for begge partar, den eine i førarsetet, den andre lenka til passasjersetene.

Samstundes ser ein at eit konservativt, kristent USA med Europa i hælane, dyttar Israel utfor dette stupet, gjennom ureflektert støtte. Er dei vener eller fiendar av Israel? Når ein ser denne hopen av kristensionistar dytte Israel vidare mot stupet, kan ein sanneleg lura på kva ein skal med fiendar når ein har slike «vener».

Israel er ein stat som er komen for å bli, same kor myke liding han har ført med seg. Det er mange som vil stå opp for staten, men dei vil ikkje stå opp for Israels okkupasjon, ikkje for Israelsk vald, ikkje for Israels menneskerettsbrot, ikkje for Israelsk apartheid, ikkje for israelsk landnåm. Å avvisa samarbeid som byggjer opp om ein slik okkupasjon, til dømes samarbeid med Technion, er ikkje å undergrava staten Israel, men å ta han inn i flokken av statar som fylgjer internasjonale statars lovar.

Snuoperasjonen må starta

Difor er eit venleg nei til samarbeid med Technion, støtte til eit Israel som kanskje kan bli. Eg vonar så, men då må snuoperasjonen starta, og Israel må ta ei anna retning enn no.

Les også

  1. Boikottbevegelsen motarbeider en fremtidig fredsløsning

  2. Kian Reme: Samarbeidet mellom UiS og Technion innebærer folkerettsbrudd

  3. Nei til akademisk boikott av Israel

  4. UiS må avvikle samarbeidsavtalen med Technion

  5. Har ikke UiS et etisk ansvar?

  6. Påstandene og uriktighetene mot Israel tar aldri slutt

  7. Her bryter vikaren fra Stavanger Stortingets regler fra talerstolen

  8. UiS driver ikke akademisk boikott

Publisert:
  1. Debatt
  2. Israel

Mest lest akkurat nå

  1. 2500 biler fast i snøen på E18

  2. Tomt for selvtester

  3. Slik kom omikron til Norge med reisende. Deretter skjedde alt lynraskt.

  4. - Tung beskjed å få før jul

  5. Kvinne tatt for ruskjøring for andre gang på to dager

  6. Dette er de nye korona­tiltakene