Skaldekvad mot sagaer, kven av dei skal me tru på?

DEBATT: Professor Torgrim Titlestad reagerer på innlegget mitt i Aftenbladet 25. juni. I eit svar 30. juni forsvarar han sagaenes framstilling av korleis Harald Hårfagre samla Norge og avviser at den kan vera oppdikta.

Ein av Erik Werenskiold sine illustrasjoner til «Kongesagaer» av Snorre Sturlason (1179-1231), som kom på J.M. Stenersens forlag i Kristiania (Oslo) i 1899.

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Leiv Olsen
    Historikar
Publisert: Publisert:

Faktum er at sagaene er skrivne lenge etter hendingane dei omtalar, dei eldste sagaene er skrivne 300 år etterpå. Då må ein ta for gitt at fakta og fiksjon har blitt blanda i hop.

Snorres utførlege forteljing om korleis Harald, som Vestfold-konge, fyrst la under seg Opplanda, deretter Trøndelag og Namdalen, for så å kjempa seg nedover vestlandskysten til endeleg å sigra i Hafrsfjord, står ikkje i nokon av dei eldre sagaene. Snorre Sturlason si forteljing om at Harald bestemte seg for å samla Norge fordi kongsdottera Gyda elles ikkje ville gifta seg med han, står heller ikkje i eldre sagaer. Skal me tru på desse historiene?

Les også

Leiv Olsen: «Kva veit me om Hafrsfjord-slaget?»

Les også

Torgrim Titlestad: «Hva vi vet om Hafrsfjord­slaget»

Samtidige kjelder

I innlegget mitt peika eg på at me har pålitelege kjelder: Skaldekvada som blei dikta til Haralds ære då Harald enno levde. Dei gir ei litt anna framstilling enn kva sagaene gir. «Glymdrápa» (Glymdråpa) blei fyrst gjeve att i sagaen «Fagrskinna», skriven mellom 1218 og 1220. Der står to og ei halv strofe som handlar om Hafrsfjord-slaget. Ifølgje dei var Harald barnung då han sette skip på havet for å kjempa mot to kongar sør for havet, som må vera sør for Boknafjorden. Det som elles står i «Glymdrápa», samsvarar med det kvadet som i ettertid er kalla «Haraldskvædi» (som kan vera eitt eller fleire kvad). Var Harald barnung, enno ikkje fylt femten, då han kjempa og vann i Hafrsfjord, kan ikkje dette slaget ha vore det siste i ei ti år lang rekke av slag som Harald kjempa og vann.

Me må velja kven me vil tru på: sagaene eller skaldekvada? Eg er ikkje i tvil om at kvada er dei mest pålitelege kjeldene. Går me ut frå det skaldekvada fortel, må Hafrsfjord-slaget ha vore eitt av dei fyrste slaga Harald utkjempa – truleg det aller fyrste, og Harald må fyrst ha kome til makta som konge ein stad på Vestlandet. Etter Hafrsfjord kunne han sikra seg makta over heile vestlandskysten, og med det kontroll over alle som ville ferdast i handelsferder langs kysten. Det er viktig.

Honnør til Titlestad!

Titlestad skal ha honnør for å ha forska mykje på Harald Hårfagre og Hafrsfjord-slaget. Dessverre har få av dagens historikarar vist særleg interesse for dette viktige emnet, som er historia om korleis Norge blei til.

Titlestad har blant anna peika på at Harald kan ha forsøkt å vinna kontroll over to viktige inntektskjelder: Handelen med samiske produkt som blei frakta langs norskekysten for å seljast i handelsbyar i sør, og rikdommane frå Irland, dei to viktigaste rikdomskjeldene i 800-talets Norge.

Harald fekk kontroll over den eine kjelda, finnehandelen (dei samiske produkta), men ikkje over den andre, irskehandelen. Arkeologiske funn viser ein bratt nedgang i irsk-britiske funn i Rogaland på slutten av 800-talet. Titlestad har antyda at kampen for å vinna kontrollen over desse inntektskjeldene kan ha vore det som dreiv fram rikssamlinga. Det er eg einig i.

Publisert: