Kan Norden hjelpa Ukraina å ta vare på kulturskattane sine?
DEBATT: Liv og helse står på spel i ein krig, men det gjer også Ukraina sine kulturminne. Tap av kulturarv er ikkje det ein tenker mest på i krigens akutte fase, men i eit lengre perspektiv er kulturminne viktig for dei krigsramma og deira identitet.
- Kristin Armstrong-OmaProfessor i arkeologi, Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger
- Håkon ReiersenFørsteamanuensis i arkeologi, Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger


Direktøren for Ukrainas Nationalmuseum, Fedir Androshchuk, har i dag, 25. februar 2022, sendt ut dette til kollegaer i Norden: (Omsett frå svensk)
«Eg lever, overnattar på museum. Heile dagen har me pakka alle gjenstandar for å plassera dei i kjellaren. Det meste er nede. Eg hadde ein ide om å senda det mest verdifulle med fly til Sverige, men fekk ingen respons frå kulturdepartementet. Nå er det for seint. Me får sjå korleis det blir i morgon, enn så lenge finst ingen instruksjonar og eg ser mi oppgåve som å bevare gjenstandane til nokon kjem for å ta over. Noko må gjerast frå Norden si side, men eg har ingen kontaktar med nordiske ambassadar.»
Tap av kulturminne gir sår
No er situasjonen i Ukraina heilt fortvila – kulturminne er ikkje det som me tenker på som mest umiddelbart kritisk i ein krigssituasjon – liv og helse kjem jo først. Men i eit lengre perspektiv er likevel kulturminne veldig viktig for dei krigsramma og deira identitet. Difor er øydelegging av kulturminne vurdert som krigsforbrytingar, og slike øydeleggingar skaper sår som blir nasjonale traume og hat som strekk seg over generasjonar.
Her i Norge har me stått ovanfor ein liknande situasjon då andre verdskrig braut ut. I 1939 tilspissa situasjonen seg i Europa. Dei norske arkeologane samla seg då for å planlegge evakuering av dei arkeologiske samlingane i tilfelle krig. I Stavanger blei viktige funn pakka ned og flytta til Rennesøy. Heldigvis gjekk det bra med desse. Derimot blei både gravhaugar og steinkyrkjer gjennom krigen raserte av okkupasjonsmakta. Norsk kulturarv blei omtolka av okkupantane som ei germansk kulturarv. Som fleire andre grupper i samfunnet, blei kritiske røyster i fagmiljøet fengsla.
Kulturarv står sentralt i vår nasjonale sjølvforståing, og i alle nasjonar sine forteljingar om seg sjølv, om kven dei er. Demokratiske statar bør tilstrebe ei open og reflekterande haldning som tillèt at forsking granskar og utfordrar vante forteljingar. Men i mange land i verda har det vist seg at autoritære regime bruker kulturarv bevisst som eit politisk reiskap for å legitimera eige maktgrunnlag, og for å skapa usanne forteljingar som er opportunistiske og splittande. I desse forteljingane er det gjerne eit herrefolk som har gudgitt rett til å styra landet, og rett til å diskriminera og forfølgja grupper som ikkje høyrer til – det er denne forteljinga Putin sitt propagandaapparat no kverner fram.
Våpen i kampen om historia
Kulturarv som ikkje passar i forteljinga blir øydelagt og motstemmer blir knebla og rydda av vegen. Dette såg me då Taliban sist styrte i Afghanistan, då dei bevisst øydela og plyndra uerstatteleg kulturarv, som Buddha-figurane i Bamiyan-dalen som vart sprengde av Taliban i 2001, og plyndringa av nasjonalmuseet i Kabul. I Syria vart arkeologen Khaled al-Assaad drepen – halshogga – av Isis i 2015 fordi han nekta å oppgje kvar verdifull kulturarv var. Seinare sprengde Isis bort mange store og viktige monument frå oldtidssivilisasjonar. Difor fryktar me for tryggleiken til våre museumskollegaer i Ukraina no. Det at Putin bruker taletid på å omskriva historia til Ukraina syner kor viktig historieforfalsking er for okkupasjon og utøving av krig – og kor viktig forsking på arkeologi, kulturarv og historie er for demokratiet.
I autoritære regime blir falske forteljingar brukt for å undertrykka grupper av befolkninga, og kan vera basis for forfølging og folkemord. Dei truger både ytringsfridom og demokratiet, sidan berre dei borgarane som passar inn i forteljinga har fridom i samfunnet.
Bøtemiddelet mot slik utvikling er meir kulturarvsforsking, open refleksjon og samtale om kva som gjer oss til oss, og meir formidling til folket. Ved å legga gode rammer for sterke forskingstradisjonar og god formidling innan kulturarvsforsking vil det bli danna motstandsdyktige borgarar som kan stå imot denne faren. Refleksjon og medvit om eigen kulturarv er dermed demokratifremmande.
Band frå vikingtida
Når museumsdirektøren i Kiev snur seg mot Norden for hjelp, er det mellom anna fordi det er gamle kulturhistoriske band mellom oss og dei. Skandinaviske krigarar og handelsmenn («rus») var sentrale i etableringa av kongeriket Kiev-Rus i vikingtida. For ein vikingtidsforskar som Fedir Androshchuk er det difor heilt naturleg å sende ei bøn om hjelp til sine fagfellar i nord. Så håper me at Fedir og kollegaene hans ikkje vert råka av krigshandlingane.
Dei norske arkeologane samla seg i 1939 for å planlegge evakuering av dei arkeologiske samlingane i tilfelle krig. I Stavanger blei viktige funn pakka ned og flytta til Rennesøy.