Kunnskapslaust av Klepp Høyre å sausa saman subsidiar og jordvern

DEBATT: Klepp Høyre har i Stavanger Aftenblad avslørt sitt syn på landbruket. Det som med litt godvilje kunne tolkast som eit kunnskapslaust sleivspark frå kommunestyrerepresentant Morten Erga, blei seinare solid stadfesta av leiinga i Klepp Høyre i eit lesarinnlegg i Aftenbladet.

Å verne matjord er nettopp til samfunnets beste, ikkje minst til komande generasjonar sitt beste. Å snakke om landbruket som ei næring som har gått ut på dato, og som av rein politisk godvilje kan haldast kunstig i live, er berre trist.
  • Jon Tore Refve
    Bore Bondelag
  • Frank Tunheim
    Klepp Bondelag
  • Marianne Erga
    Orre bondelag
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Der skriv dei blant anna: «På same måte som norske skattebetalere aksepterer å subsidiere norsk landbruk, bør også bonden akseptere at i enkelte tilfelle må jordvernet vike til fordel for samfunnets beste.»

At Høyre i ein av landets mest produktive landbrukskommunar tenker slik, er både oppsiktsvekkande og urovekkande. At dei framleis forsvarar det, etter at dei har hatt tid til å tenke seg om, er kunnskapslaust.

Subsidiane til landbruket er ikkje ei gåve til oss bønder. Det er ei gåve til forbrukarane, blant anna medlemmane i Klepp Høyre. Skulle vi hatt betalt det det kostar å produsere maten, var det svært få som kunne ete seg mette i dette landet.

Jordvern er god beredskap

Å ta vare på matjorda er ikkje først og fremst for bonden si skuld. Kynisk sett kunne vi heia på meir nedbygging, då jord betalast mykje betre til utbygging enn til matproduksjon. I tillegg vil resterande matjord auke i verdi dess mindre det finst av ho. Bøndene blir heller ikkje dei første som svelt dersom landet blir råka av matmangel.

Å verne matjord er nettopp til samfunnets beste, ikkje minst til komande generasjonar sitt beste. Å snakke om landbruket som ei næring som har gått ut på dato, og som av rein politisk godvilje kan haldast kunstig i live, er berre trist. Å produsere trygg mat lokalt og nasjonalt er ikkje nostalgi og bonderomantikk. For verda er i endring. Det må også Klepp Høgre ta inn over seg. Å tru at verda vil forsyne oss med den all den maten vi treng, i all framtid, er rett og slett naivt.

For det er minst to ting som skurrar: Vi har ingen garanti for at norsk økonomi vil halde seg så sterk i all framtid. Vi har heller ingen garanti for at våre internasjonale handelsavtalar vil stå seg gjennom krisetider. Kvifor skulle det det? Blir det mangel på mat i Europa, er det ikkje sikkert Norge er landet som står først i matkøen. Kvifor skulle Europa dele med oss, som i desse dagar håvar inn pengar på andre si krise? Utan å dele …

Å tenke det utenkelege

Landbruket er ei av få næringar som har ein politisk styrt målpris. Vi kan ikkje legge kostnadsauke over på varene vi produserer. Lønsemda i landbruket er sterkt svekka dei siste åra. Mange bønder har ikkje lenger økonomi til å drive jorda og produsere mat. Med dette perspektivet er det svært provoserande å høyre korleis høgrepolitikarane i Klepp sausar i hop subsidiar og jordvern.

Tilskot til norsk landbruk har mange formål. Kompensasjon for driftsulemper og høgt kostnadsnivå er viktig for å sikre bonden ei inntekt å leve av. Like viktig er det å sikre god dyrevelferd og trygg norsk mat til ein konkurransedyktig pris. Å sikre eigen matproduksjon er god beredskapspolitikk. For vi må våge å tenke det utenkelege. Bondelaga i Klepp møter gjerne høgrepolitikarane for ein prat om norsk matproduksjon.

Publisert: