Fylkesordføraren feilinformer om kraft til ammoniakkfabrikk
DEBATT: I Stavanger Aftenblad den 1 februar seier fylkesordføraren at det er eit overskot av kraft i Sauda som skal brukast til ammoniakkproduksjon. Det stemmer ikkje.
- Ivar TangeraasSauda

I Sauda brukar smelteverket alt nesten halvparten av krafta som vert produsert i kommunen. I tillegg kjem det alminnelege forbruket til hushaldning og industri som også er betydeleg. Når me veit at ein ammoniakkfabrikk i full produksjon kjem til å bruka 8–10 gonger meir kraft enn det smelteverket gjer, seier det seg sjølv at det berre er ein liten del av Saudas kraftoverskot som er til «overs» og kan brukast i ammoniakkproduksjon. Kraftrekneskapen til fylkesordføraren går ikkje opp.
Men, Sauda ligg godt til i sentralnettet slik at det er mogleg å få levert nok kraft om ammoniakkfabrikken skulle bli realisert. Når det er sagt, er det store spørsmålet, kor skal denne krafta komma frå? Statnett sine prognosar fortel om underskot på kraft alt i 2026/27. Altså, før den straumslukande ammoniakkfabrikken har starta sin produksjon, er landet vårt i underskot på elektrisk kraft.
Kvar skal ein henta krafta?
Eg undrar meg på om fylkesordføraren har sett desse prognosane? Det kjem vidare svært lite ny kraft på marknaden i Norge dei næraste åra. Då er mitt spørsmål til fylkesordføraren, kor skal denne krafta hentast frå? I artikkelen i Aftenbladet seier ho at det er betre å foredle krafta sjølv, enn å sende krafta med utanlandskablane. Dette er å snu problemstillinga på hovudet.
Dersom Statnett sine prognosar er rette, legg me opp til ein stor import av straum for å halde liv i ammoniakkfabrikken. Me veit kva auka etterspurnad etter ei vare betyr, det betyr høgare prisar. Og me veit også kven som får rekninga. Det er den norske forbrukaren. Eller har fylkesordførar Marianne Chesak andre planar for å dekke inn kraftunderskotet? Er det fleire verna vassdrag som skal opnast for utbygging? Eller skal ein rasera endå meir av den norske naturen med gigantiske vindturbinparkar? Har fylkesordføraren rekna på kor mange vindturbinar som må til for å gi ammoniakkfabrikken i Sauda nok straum?
Stavanger Aftenblad har den siste tida vore opptekne av eigarskap i samband med utbygging av vindturbinparkar. Avisa skriv at utbyggarane av store vindkraftanlegg er firma med ukjende eigarar registrerte i skatteparadis. I dag er 62 prosent av norske vindkraftanlegg eigd av utanlandske selskap. Heile 76 prosent av planlagde anlegg er eigd av utanlandske eigarar. Desse selskapa er ikkje i Norge for å driva velgjerd og hjelpa oss med å produsera meir «miljøvennleg» kraft. Dei er her utelukkande for å tena pengar.
Ammoniakk laga på kolkraft?
Desse selskapa bryr seg verken om miljø eller straumprisar, her er det profitt som tel. Er det desse aktørane fylkesordføraren ser for seg at skal forsyna oss med straum? Me ser nå at kolkraftverk i Europa blir fyrte opp igjen for å sikre nok straum. Dersom Statnett sine prognosar slår til og me får ein langvarig situasjon med mangel på straum, kan det fort vera denne typen straum som blir importert til å produsere «grøn» ammoniakk. Då er det all grunn til å spørja seg sjølv om kor grøn denne produksjonen er.
Uttalen frå fylkesordføraren i Aftenbladet er skuffande lite nyanserte, og gir etter mitt syn ikkje rett bilde av energisituasjonen, verken i Sauda eller i Norge.
Kor ukjende eller kjende dei utanlandske eigarane av Iverson eFuels er som vil byggja ammoniakkfabrikken i Sauda er, har ikkje eg undersøkt, men eg kjenner meg trygg på at profitten fer til utlandet, medan me sit att med driten.
Kven må betale prisen, og kor går profitten?
Ivar Tangeraas er tidlegare fylkespolitikar for Høyre (red.anm.)