Framleis behov for å drøfta kommunestruktur

KRONIKK: Etter kommunereforma er mange store kommunar blitt endå større, og skilnadane mellom store og små kommunar er større enn før. Ei undersøking viser at både små kommunar og byområde med fleire kommunar har store utfordringar.

Kommunereforma var krevjande for mange, og nokre stader måtte det folkerøystingar til, som i Forsand i april 2019 (biletet) om grensejusteringar. No må debatten om kommunestruktur halde fram, i både små og store kommunar, skriv dei to fremste representantane hos Fylkesmannen i denne saka. Foto: Tommy Ellingsen

Debattinnlegg

  • Lone M. Solheim
    Fylkesmann i Rogaland
  • Anfinn Rosnes
    Leiar for arbeidet med kommunereforma hos Fylkesmannen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Frå årsskiftet blei talet på kommunar i Rogaland redusert frå 26 til 23. I Noreg har 119 kommunar slått seg saman til 47 nye kommunar. Framleis har halvparten av kommunane i landet under 5000 innbyggarar. Dette skaper utfordringar.

Eit gjennomgåande trekk ved kommunereforma som ligg bak oss, er at store kommunar blei endå større. Dette gjeld ikkje minst i Rogaland. Og då blir dei minste kommunane relativt sett mindre. På kort sikt er ikkje dette problematisk, men er kommunekartet i Rogaland tilpassa dagens og framtidige utfordringar?

Kommuneundersøking i 2019

Våren 2019 samarbeidde Fylkesmannen i Rogaland med forskingsinstituttet NORCE om ei stor undersøking i rogalandskommunane. I undersøkinga kom det fram at det er knytt utfordringar til kapasitet og kompetanse på viktige tenesteområde som barnevern og helse/omsorg i alle kommunane, men samla sett er utfordringane størst i små kommunar. Det kom også fram at det er problematisk å få til god areal- og transportplanlegging i dei fleirkommunale byområda i fylket. Ifølgje svara i undersøkinga er det vilje til vidare endring av kommunestrukturen.

Framleis behov for endring i kommunestruktur

Stortinget og regjeringa har slått fast at det framleis er behov for endringar i kommunestrukturen. Nok folk og rett kompetanse er særleg krevjande for små kommunar. På landsbasis har 80 prosent av kommunane med under 5000 innbyggarar til dømes eitt eller færre årsverk innan samfunnsplanlegging. Under 20 prosent har jurist i organisasjonen.

Fylkesmennene har framleis ei sentral rolle i kommunestruktur-arbeidet. Vi har fått i oppdrag å stimulera til gode diskusjonar der det lokalt ligg til rette for dette, og blir utfordra til å ha god dialog med kommunane, mellom anna om utfordringsbiletet. For å stimulera til endring er dei økonomiske ordningane vidareførte, med 25 millionar kr som minstesats.

Kompetanse og kapasitet i kommunane

Ut frå undersøkinga vår er det utfordringar med kompetanse og kapasitet i alle kommunane i Rogaland, medan andre undersøkingar viser at små kommunar har størst utfordring. Sårbarheit er truleg størst i dei små kommunane, der fråvær eller stillingar som står tomme kan ha store konsekvensar.

Det blir stadig meir krevjande å rekruttera dyktige fagfolk til viktige jobbar i kommunen. Vi ser ein tendens til at kommunane i aukande grad må setja i gang nye samarbeidstiltak med andre kommunar for å få kabalen til å gå opp, både ressursmessig og fagleg.

Interkommunalt samarbeid er for mange eit alternativ til endring i struktur. Dette fungerer for enkelte oppgåver, men samstundes svekker det generalistkommune-prinsippet, eit prinsipp som slår fast at alle kommunane skal tilby gode og likeverdige tenester til innbyggarane, uavhengig av kommunestorleik.

Tempo og kompetansekrav knytt til digitalisering er eit anna døme. Det er gledeleg at alle rogalandskommunane står saman om prosjektet Digi Rogaland. Offentleg forvaltning står føre ei modernisering vi berre ser starten av, og det blir i stadig aukande grad digital kommunikasjon. Dei minste kommunane kan få utfordringar med å vera oppdaterte, trass gode fellestiltak.

Samordna utvikling i byområde

I kommuneundersøkinga blir det, med god grunn, trekt fram problemstillingar når byområde veks saman. Kommunane i Rogaland er kjende for å vera gode på planlegging, men undersøkinga viser at kommunane har utfordringar på dette området. Utfordringane har blitt meir samansette, eksempelvis på klima og samfunnstryggleik.

Kommunen si rolle som samfunnsutviklar er eit undervurdert tema. Mange kommunar i Rogaland utgjer ein felles bustad-, service- og kvardagsregion, med fleire døme på tettstadsområde som går gjennom fleire kommunar. Kommunar har her ei felles utfordring med infrastruktur og kollektivtransport, særleg i dei sentrale byområda.

Dette kom også klart fram av rapportar som blei laga som grunnlagsdokument i reformprosessen i 2015–2016, både på Haugalandet og på Nord-Jæren.

I nasjonal jordvernstrategi blir det peika på at endring av kommunegrenser vil bidra til å styrka jordvernet der fleire kommunar inngår i same bu- og arbeidsmarknadsregion. Særleg fordi færre kommunar gir ei meir heilskapleg og samordna planlegging. Truleg hadde jord vore spart i Rogaland med færre kommunar.

Eit dristig tema å ta opp

Som ny politikar kan det vera vanskeleg å ta opp kommunestruktur som tema, særleg med tanke på kor omstridd det har vore. Det som kanskje er mest dristig, er truleg å ikkje ta opp framtidig kommunestruktur i den komande kommunestyreperioden, eit tema som bør ha eit langsiktig perspektiv.

Fylkesmannen gav ei fagleg vurdering om framtidig kommunestruktur i Rogaland til Kommunal- og moderniseringsdepartementet i september 2016. Denne kan gjerne nyttast som diskusjonsgrunnlag, men det er først og fremst opp til kommunane å finna oppskrifta på kva som gir den beste løysinga.

Publisert:
  1. Fylkesmannen i Rogaland
  2. Kommunereform
  3. Lokalpolitikk

Mest lest akkurat nå

  1. «Det er nok nå!»

  2. Preben Aavitsland: – Vi er inne i pandemiens vanskeligste periode

  3. Ida (25) lyktes med å gå ned i vekt og holde den. Her er seks feil mange gjør.

  4. Hjerneforsker Marianne Fyhn: – Det er forskjell på menns og kvinners hjerne

  5. Madla/Revheim: Første etappe vedtatt

  6. Ordførerne er bekymret, men håper å unngå nye, lokale tiltak