Ingen kritikk av oppdrettsnæringa, takk!
DEBATT: Når det gjeld oppdrettsnæringa, er det visst berre ja-folk som skal ha talerett, ifylgje Trine Danielsen. Dette er nye tonar frå Høgre.
- Tore ThorsenJelsa
- Trine Danielsen (Blueplanet/Høgre): «Å flytte all lakseproduksjon på land er en dårlig idé»


Det er trist at folk som tar mål av seg til å styra landet inn i framtida, snakkar ned oppdrettsnæringa, skriv Trine Danielsen i Høgre (og Blueplanet; red.mrk.) i Aftenbladet 4/7. Ho går strengt i rette med Solfrid Lerbrekk og Halgeir Langeland fordi dei to SV-politikarane argumenterer for å flytta oppdrettet på land.
For min del synest eg det er trist med politikarar som er så skråsikre at dei avviser alle andre syn på sakene enn sitt eige. Minst av alt innbyr oppdrettsnæringa til skråsikkerheit, sjølv om industrien sjølv gjerne vil stå fram som tilnærma plettfri.
Leiarartikkelen i Aftenbladet den 23/6 får også refs av Danielsen. Der blir det nemlig antyda at forskarar som påpeikar skuggesider ved laksenæringa, gjerne blir utestengde frå det gode selskap. For i det selskapet er det visst berre ja-folk som skal ha talerett.
Kjønnsløs, genmodifisert laks kan bli næringens redning
Kloakk i sjøen
Ein god kjennar av næringa som heller ikkje blir beden i selskap, er mangeårig journalist i bladet Fiskaren, Kjersti Sandvik. Den boka om fiskeoppdrett som ho gav ut i fjor, har eg ikkje sett at Aftenbladet har omtala. Eg kan ikkje tru at Danielsen heller kan ha bladd i den, elles ville ho knapt stått fram med så kategoriske påstandar som ho gjer.
«Under overflaten. En skitten historie om det norske lakseeventyret», heiter boka. Sandvik er ikkje så negativ til oppdrettsindustrien som undertittelen kan tyda på. Ho vil ikkje avvikla næringa, men ho vil ha den på land.
Det vil ikkje Danielsen. «Utslipp av fiskeskitt er ikke negativt for fjorden så lenge det spres og tynnes ut som gjødsel på jordet», skriv ho. Dersom det er tilfelle, må me spørja oss kvifor det skal finnast forureiningslover – restriksjonar på utslepp frå industri, avrenning frå landbruk og kloakk frå bustadfelt. Går Høgre, partiet som Danielsen representerer, brått inn for å tillata slike utslepp i sjø? Kloakkutslepp er nemlig positivt, argumenterer Danielsen, «for det øker primærproduksjonen i fjord og hav».
Naturvernforbundet: Vanvittige påstander og usannheter fra Blueplanet
Lakselus
Dette er nye tonar frå Høgre. Men skal me fylgja Danielsen sitt resonnement, så er det logikk i det. Kloakken frå dei samla husstandane i Norge er nemlig beskjeden samanlikna med kloakken frå det samla norske lakseoppdrettet. Den tilsvarar nemlig avføringa frå mellom 11 og 12 millionar menneske, over det doble av innbyggjartalet i landet. Får regjeringa det som ho vil, skal lakseproduksjonen femdoblast dei nærmaste tiåra. Det vil medføra utslepp i norske farvatn som tilsvarar kloakken frå 60 millionar menneske. Primærproduksjonen i fjord og hav går med andre ord rike tider i møte.
Kloakk i sjøen er berre av det gode, ifylgje Danielsen, iallfall er det harmlaust. Det er visst lakselusa også, forstår eg henne rett, for me menneske lever jo bra, sjølv med flått i knehasane og lus i håret! Ved hjelp av varmt saltvatn og rensefisk er dessutan utfordringa med lakselus på det nærmaste løyst, høyrer me. Det må i så fall ha skjedd i løpet av det siste halvåret, for i 2016 rapporterte både Sandvik og store delar av media om heilt andre tilstandar.
Lite tillitvekkande
Eg er klar over at den økonomien som ligg i lakseproduksjonen, er det argumentet som slår alle andre omsyn i hel. Men derifrå og til å nekta for at det finst betenkelege sider ved denne industrien, det er eit stivt stykke. Dersom det stemmer at politikarar og stortingskandidatar lever med eit slikt tunnelsyn, så er det ikkje berre trist, det er lite tillitvekkande. Me ventar liksom av politikarane våre at dei skal kunna sjå kompleksiteten i dei sakene dei skal behandla.