«Vi, folket» – om behovet for ei ny nasjonsbygging i ei ny tid

KRONIKK: Immigrasjon blir ofte trekt fram som eit stort problem i Noreg, og føreslått løyst ved strengare grenser og konservering av det norske. Men det som trengst, er ei ny nasjonsbygging der me utvidar og re-definerer «folket».

Publisert: Publisert:

Globalisering og innvandring utfordrar nasjonsbegrepet. Då nyttar det ikkje å freiste å konservera fortida, men om å setja fri håpet som ligg i fridomsideala frå nasjonsbygginga sin barndom. Her opplever asylsøkjarar frå Forus Asylmottak for første gong norsk 17. mai i år. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad
    PhD i sosiologi, master i nasjonalismestudiar
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Nasjonen er ikkje fastsett og evig. Den amerikanske grunnlova av 1787 byrjar med dei kjente orda «we the people». Vi, folket – det er dette nasjonen djupast sett handlar om. I den norske grunnlova står det også at «folket utøver den lovgivande makt». Men kven er folket? Nasjonen er eit evig ope spørsmål som lyder: «Kven er vi, folket?» I denne forstand blir ei nasjonsbygging aldri ferdig, ho går sin gang og re-definerast stadig.

Nasjonane var ikkje på førehand avgrensa.

Historisk bakgrunn

I europeisk historie har spørsmålet på svaret om kven folket er blitt gjeve forskjellige svar til forskjellige tider. I den tyske og den italienske samlinga på 1870-talet, som i mange andre europiske land på same tida, vart folket definert etnisk og kulturelt. Ein sette fram ein samanheng mellom folket og jorda, landskapet og blodet. Slik vart folket ein avgrensa storleik. Men dette var ikkje objektivt. Som den italienske politikaren Massimo d’Azeglio sa det i samband med samlinga av Italia: «Me har laga Italia, no må me skapa italienarar.»

Nasjonane var ikkje på førehand avgrensa. I opptakta til den franske revolusjonen (sjølve ur-revolusjonen når det kjem til nasjonale revolusjonar) sa revolusjonsapostel Emmanuel-Joseph Sieyès at nasjonen, det var tredjestanden. Og kva var tredjestanden? Jo, den var «alt!». Sieyès meinte nok ikkje at alle menneska på jorda var franske, men det ligg ei universell fordring i utsegna hans.

Etnisitet hadde ikkje så mykje å seie. Kven «vi, folket» er, var ope.

Ideelt utgangspunkt

Det er talande at både Napoléon Bonaparte og ein av grunnleggjarane av den amerikanske nasjonen, Thomas Jefferson, begge såg nasjonen som noko ein kunne utvida eller eksportera: Napoleon fór rundt i Europa for å spreia dei nasjonale ideane, Jefferson såg føre seg USA nesten som eit universelt «empire of liberty», som han sa det sjølv. Dei amerikanske grunnlovsfedrane meinte i stor grad at USA var ein nasjon som skulle byggjast av alle dei fattige og utslitte frå Europa. Etnisitet hadde ikkje så mykje å seie. Kven «vi, folket» er, var ope.

Men sjølvsagt, dette vart veldig fort berre i teorien; veldig ofte tyda det å vera amerikansk å vera kvit europear, aller helst anglosaksar. Slavane var heller ikkje rekna som ein del av nasjonen, og då USA var grunnlagt, var det nært utenkelig å sjå på slavane som ein del av nasjonen. Så kom borgarkrigen, og kven som var «vi, folket», vart forandra, slavane vart sakte tekne inn.

Stoda i dag er ei venstreside mest utan nasjonale idear, og ei høgreside som skapar eit forstokka bilete av det nasjonale.

«Vi, folket» steg for steg i Noreg

Den norske nasjonen var lenge forstått som ein nasjon av sjølveigande bønder. Dette fekk seg utslag i røystrettsreglane som ein utforma i 1814; dei med eigedom fekk røysta. Det var sjølvsagt forskjellige grunnar og interesser som la grunn for desse reglane, men det fanst ei førestilling om den norske nasjonen som ein nasjon av bønder. Utover på 1800-talet, gjennom kampar om årlige Storting, parlamentarisme og utvida røysterett, vart Noreg ein nasjon av arbeidarar. Fleire grupper vart definert inn i den politiske nasjonen. «Vi, folket» vart utvida.

Nasjonen er open og stadig i endring. Denne kontinuerlige prosessen skjer heile vegen, men den blir ofte dekka til og meisla i stein – som når Listhaug seier at å vera norsk, det er å eta svin å drikka alkohol. Stoda i dag er ei venstreside mest utan nasjonale idear, og ei høgreside som skapar eit forstokka bilete av det nasjonale. Dette er ikkje den beste måten å få i stand ein open dialog om korleis ein skal byggja eit norsk samfunn der stadig nye grupper av menneske kjem til.

Nasjonsbygging handlar også mange gonger om å byggja institusjonar og fellesskap i eit frigjeringsprosjekt.

Den nye nasjonsbygginga

Det er openbart at migrasjon og integrering har skapt problem for Noreg i dag. Skal det norske samfunnet møta desse utfordringane, må det først og fremst skapast eit inkluderande fellesskap som kan vera eit springbert for å møta utfordringane. Dette kan vi oppnå med ei ny nasjonsbygging.

Det har skjedd mange utilgivelige ting under tidligare nasjonsbygging. Måten samane vart «fornorska» på er eit døme på det. Men nasjonsbygging handlar også mange gonger om å byggja institusjonar og fellesskap i eit frigjeringsprosjekt. Både den amerikanske, den franske og den norske nasjonsbygginga handla i stor grad om å byggja institusjonar for å frigjera seg frå undertrykking og band, om å gi makt til folkegrupper som før ikkje hadde det. Det handla om totalt å re-definera kven og kva «vi, folket» var.

Det me treng er ei ny nasjonsbygging der me på nytt definerer og utvider «vi, folket». Theodor Adorno og Max Horkheimer skreiv ei gong at «det som det handlar om, er ikkje å konservera fortida, men å innfri dens håp». Dette bør me overføra på nasjonen også: Det handlar ikkje om å konservera ein forsteina nasjon, men om å setja fri håpet som ligg i den.

Publisert:

Les også

  1. Kva skal me gjera med nasjonalismen?

  2. «Er Trump tidsånda på hesterygg, eller vil han og meiningane hans liggja vonbrotne att på historia sin skraphaug?»

Mest lest akkurat nå

  1. Korona-virus knakk eventbyrået hennes

  2. Et nytt smittetilfelle i Sola, tre i Stavanger

  3. Haaland byttet ut etter mål og assist. Så vant Bayern supercupen: – Kjenner meg paff

  4. Se video: Derfor er Sola og Stavanger konserthus farget i rødt i kveld

  5. Eigersund: Omstridt rådmann går av

  6. 40 kulturbygg skal lyse rødt i kveld. Men Kilden sier nei.

  1. Immigrasjon
  2. Nasjonalisme
  3. Kronikk
  4. Eirik Magnus Fuglestad