Radiostasjonen er legitimt nærvær i det offentlege rommet – ikkje ufølsom kristen propaganda!

DEBATT: Det å støtta SAT-7 sitt arbeid er ganske langt frå å vera «seg selv nok».

«Radiostasjonen er med på å stadfesta den gamle kristne minoriteten i Midtausten sin legitimitet. Etter 2000 års kontinuerleg nærvær er det fortsatt nødvendig», skriv Kjetil Aano.

Debattinnlegg

  • Kjetil Aano
    Kjetil Aano
    Prost i Tungenes, styreleder Kirkens Nødhjelp
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Sigurd Vik stiller i eit innlegg i avisa den 30. desember i år fleire spørsmål som han rettar til soknepresten i Domkyrkja, Øivind Holtedahl.
Det kan Holtedahl sjølv svara på. Men i siste avsnitt har Vik ein merknad som eg gjerne vil kommentera: Han seier at i kyrkja der han var på julafta, gjekk offeret ikkje til Kirkens Nødhjelp, men til ein kristen radiostasjon som «driver kristen propaganda i muslimske land». Det, hevdar han, er å vera sjølvsentrert.

Les også

Listhaug samler inn penger til forfulgte kristne

Viktig stemme

Om eg ikkje tar feil, dreier dette seg om radiostasjonen SAT-7. Den kjenner eg godt. Det er ikkje ein stasjon som driv med «kristen propaganda». Derimot er det ein av dei viktigaste stemmene dei kristne har i det offentlege rommet i heile Midtausten. Det er ein stasjon som er med på å stadfesta den gamle kristne minoriteten i Midtausten sin legitimitet. Etter 2000 års kontinuerleg nærvær er det fortsatt nødvendig.

Truga av eit religiøst og kulturelt fleirtal

I Dagsrevyen seinast i går, den 29. desember, blei det påpeikt korleis dei kristnes situasjon i denne delen av verda er stadig meir usikker og truga av eit pågåande religiøst og kulturelt fleirtal. Denne radiostasjonen bidrar til å synleggjera på ein positiv måte at dei høyrer med til, og har ein legitim plass i dette området av verda. Og at dei som kristne ønskjer å spela ei konstruktiv rolle i dei samfunna dei er ein del av, utan å bli unødvendig sjølvopptatt eller nærsynte.

Som leiar av Kirkens Nødhjelps styre ser eg sjølvsagt gjerne at offeret julafta går til det viktige arbeidet som Kirkens Nødhjelp gjer over heile verda. Men det er falskt å setja desse to opp mot kvarandre. Og eit av dei siste viktige tiltaka som Kirkens Nødhjelp har bidratt til i området, er gjennom rapporten «The protective Needs of Minorities from Syria and Iraq» å retta merksemda mot minoritetars – deriblant kristne minoritetar – særleg utsette plass i eit uroleg Midtausten.

Les også

  1. Kristne flykter fra Midtøsten

  2. Me må stå opp for forfølgde kristne

Publisert:
  1. Propaganda
  2. Nødhjelp

Mest lest akkurat nå

  1. Korvetten AS begjært konkurs

  2. Klar oppfordring fra de voksne: Ta russetiden tilbake!

  3. Fikk sparken i Dalane Kraft etter at han varslet NVE om et sikkerhetsproblem

  4. 38-åring tiltalt for vold mot gutt etter ring-på-spring

  5. Russisk gass fyrer opp Tyskland

  6. Han mener livet blir bedre med lavere forbruk. Stadig flere tenker sånn