Takk for støtta, Tore Renberg!

DEBATT: Tore Renberg seier klart ifrå om at nynorsken må få ein god plass i Nye Stavanger, og at det er på overtid å leggja bort forakta mot det skriftspråket som ligg nærmast Stavanger-målet.

Publisert: Publisert:

Elin Rydningen og Gunvor Eiane i Rennesøy Mållag er fornøgde med støtta dei har fått frå Tore Renberg under Kapittel-festivalen. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Elin Rydningen
    På vegner av Rennesøy Mållag
  • Gunvor Eiane
    På vegner av Rennesøy Mållag
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Me i Rennesøy Mållag er svært glade for språk-ytringa frå Tore Renberg ved opninga av Kapittel-festivalen. Kommunane må bakka opp dei som ønskjer å skriva nynorsk.

Nye, mangfaldige Stavanger

Og – som Renberg seier – dette handlar ikkje minst om respekt for dei nye innbyggjarane frå Rennesøy og Finnøy.
Rennesøy er formelt ein språknøytral kommune i dag, men det er mange nynorskbrukarar her, både privat, i næringsliv og i skulen. Finnøy er ein nynorskkommune med nynorsk som administrasjonsmål.

Samanslåinga må nyttast til å skape eit reelt språkmangfald.

Nye Stavanger vil få «språknøytralt» administrasjonsspråk, men det bør ikkje bli opp til kvar einskild byråkrat kva språk han eller ho vel når dei skriv. Nei, samanslåinga må nyttast til å skape eit reelt språkmangfald.

Dette kan sikrast gjennom ein målbruksplan. I ein organisasjon med lang bokmålstradisjon vil dei fleste språkvala bli til bokmål om kommunen ikkje aktivt styrer det.

Les også

Den paradoksale nynorskforakten

Målet for ein slik plan må vera at det skal verta like lett å vera nynorskbrukar som bokmålsbrukar i den nye kommunen, og at barn som har nynorsk på skulen også får møte nynorsk elles. Nynorsk må vera godt synleg i all offentleg informasjon frå storkommunen. Og ikkje minst må nynorsk halde fram å vera og styrkjast som ei sterk kraft i eit felles mangfaldig kulturliv – i den vakre gamle internasjonale landsbyen Stavanger med dei grøne øyperlene ikring .

Velje nynorsk aktivt

Om administrasjonsmålet er «nøytralt», kan likevel Stavanger krevja nynorsk i skriv frå statsorgan. Det vil over tid òg gjera det lettare for den einskilde tilsette i kommunen å produsera nye skriv på nynorsk. Det vil også bidra til at Rogaland, som no, får ein Fylkesmann og andre regionale statsetatar som skriv nynorsk.

Når det gjeld administrasjonsmålet, så kan ein ha reglar for at saksframlegg, protokoller og andre dokument skal veksla mellom nynorsk og bokmål. Det same kan gjelde informasjon på nett, i sosiale media, i publikasjonar, pressemeldingar, kunngjeringar og annonsar. Programvara kommunen nyttar, må ligge føre både på nynorsk og bokmål, det same gjeld skjema som privatpersonar og verksemder skal fylle ut.

Nynorsk er kulturarv og klarspråk

Om me treng ein målbruksplan og korleis den skal vera, må helst diskuterast høglytt der folk samlast – og i aviser og på nett. Planen må stø opp om respekten for språkvalet den einskilde gjer. Privatpersonar, private bedrifter, institusjonar og organisasjonar skal få svar på nynorsk eller bokmål alt etter kva målform dei har. I intern kommunikasjon er det opp til kvar einskild tilsett kva språk han eller ho vil bruke, og dei folkevalde brukar sjølvsagt det språket dei sjølv vil.

Byråkratar som er gode i nynorsk skriv faktisk betre og meir forståeleg - også når dei skriv bokmål!

Viktigst er omsynet til barna

Viktigast er likevel omsynet til barna som vel nynorsk hovudmål. Det er viktig at kommunen tek avgjerder som gjer desse barna til trygge nynorskbrukarar i skulen, gjennom gode nynorske språkmiljø frå barnehagen og heilt opp til vidaregåande skule, og gjennom det hindrar språkskifte frå nynorsk til bokmål.

Barn som skal ta til i nynorskklasse i skulen, må møte nynorsk i barnehagen. Det må syngast og lesast på nynorsk eller dialekt. Alle barn i Nye Stavanger må få den gåva det er å kjenne songar, dikt og eventyr på både nynorsk og bokmål. Dette vil også hjelpe framandspråklege å forstå meir når det blir snakka dialekt. Og for ein song og diktskatt det er å dele !

Nye Stavanger må sørgja for at elevane får god opplæring på nynorsk. Og bokmål. Og framandspråk og morsmål. Digitale læremiddel som skulen tek i bruk skal finnast på nynorsk. Dei må og sikra at lærarane er gode i nynorsk og tilby kurs om dei ikkje er det. Det kan stillast tydelege krav til nynorskkompetanse i utlysingstekstar.

Byråkratar som er gode i nynorsk skriv faktisk betre og meir forståeleg - også når dei skriv bokmål!

Ny open port i Stavanger

Stavanger går gjennom ein viktig overgangsfase dei nærmaste åra – det gjeld ikkje minst når det gjeld sjølvbiletet me har som innbyggjarar har. Tore Renberg seier at det er eit paradoks at mange ikkje vil skriva det språket som er nært deira eigen tale og tanke, men dei synest det er fint så lenge det er lyrikk og poesi.

Me i Rennesøy Mållag meiner at nynorsken er brukande på alle område i Nye Stavanger kommune, og vi håpar og trur at frå 2020 så bur vi i ein tospråkleg kommune der nynorsk nyt like mykje respekt som bokmål.

Publisert:

Les også

  1. Nye Stavanger må likestille nynorsk og bokmål

  2. Nye Stavanger må likestille nynorsk og bokmål

  3. Renberg skriv om «nynorskforakt», eg vil skrive om nynorskfrustrasjon

  4. Nye Stavanger bør bli nynorsk-kommune, mener SV

  5. Tilståingar frå ein bokmålsgut

Mest lest akkurat nå

  1. Tre nye smitte­tilfeller i Stavanger – ett med ukjent smitte­kilde

  2. Knivstukket i armen på Storhaug

  3. Laila Helland sitter med en svær sjekk i fanget. Rundt henne står en gjeng syklister med klump i halsen og tårer i øynene

  4. Åpner gigant­butikk på Forus – alle konkur­rentene er borte

  5. Har du lurt på hva som er inni Ulland­haug­tårnet?

  6. Sykkelen til Lene kostet 56.000 kroner. Nå er den en del av en særdeles dyster statistikk

  1. Debatt
  2. Nynorsk
  3. Finnøy
  4. Tore Renberg
  5. Rennesøy