Hafrsfjord har eit stort potensial for meir turisme

DEBATT: Kva finn dei turistane som kjem til Hafrsfjord? Ingenting, ingen tekst, ingen video, teater, leik, eller info.

– Busslast etter busslast av turistar går rundt sverda, for å læra, oppleva og forstå. Det er derfor viktig å få bygd eit nytt opplevingssenter frå vikingtida for å fortelja vår nasjonale historie om starten av samlinga av landet til eit kongerike, skriv Solveig Nessa.

Debattinnlegg

  • Solveig Nessa
    Solveig Nessa
    Historikar og livskunstnar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Mange er interessert i vår nasjonale historie då Norge blei Norge og ein nasjon. Cruiseturistane kjem til Hafrsfjord i hopetal for å oppleva historia på nytt og for å forstå kva som skjedde og kvifor det skjedde i 872. Men kva finn dei her? Ingenting, ingen tekst, ingen video, teater, leik, eller info. Det einaste dei finn er eit vakkert, monumentalt monument over slaget; Sverd i fjell av Fritz Røed utan nokon form for informasjon om kvifor sverda er plassert i fjellet inne i Havfjorden som den blei kalla av Snorre.

Ikkje berre pilspissar

Busslast etter busslast av turistar går rundt sverda som er sett ned i fjellet for å læra, oppleva og forstå. Det er derfor viktig å få bygd eit nytt opplevingssenter frå vikingtida for å fortelja vår nasjonale historie om starten av samlinga av landet til eit kongerike. Dette må ikkje berre bli eit senter for pilspissar, perler og vakre vikingkostymer, men om noko som får oss til forstå vår lokale og nasjonale historie om bygginga av ein nasjon og ein stat.

Eg meiner at vikingsenteret bør liggja i Møllebukta

Kong Olav stoppa alltid kortesjen på veg inn til Stavanger og stilte seg opp i Møllebukta ved Hafrsfjord og stod og såg ut over sjøen. Han må ha sett slaget i sine indre. Kampen som utspela eg mellom dei som ville samla riket og småkongane.

Turistar lurte bak buskar

For nokre få år sidan laga me eit historisk spel ved Hafrsfjord om Harald Hårfagre og starten på samlinga av landet til eit rike, «Harald Hårfagre». Erling Gjelsvik skreiv spelet og Torfinn Nag regisserte. Folk frå teateret hadde alle hovudrollane og frivillige var med på alle plan. I kulissane og bak buskar og vegetasjon lurte turistane med sine kamera og lange linser for å ta del i vår historiske vandring i Norgeshistoria.

Kor skal opplevingssenteret liggja? Skal senteret liggja ved museet i sentrum av Stavanger og vera knytt til universitetet eller i Møllebukta? Eller begge deler? Ein besøkssenter i Møllebukta og eit nytt universitetsmuseum i sentrum av byen?

Les også

Den avsluttende striden sto på selve Ytraberget

Les også

Det er det som skjedde i Hafrsfjord, som er tema

Beste, lokale råvarer

Det er kanskje ikkje det viktigaste spørsmålet, men eg har tidlegare skrive ein leiar i lokalavisa for Madla og Kvernevik at eg meiner at vikingsenteret bør liggja i Møllebukta i Hafrsfjord. Lenge har eg hatt ein visjon om å sitja på ein terrasse med eit kvitvinsglas i handa utanfor ein fin restaurant i eit besøkssenter i Møllebukta. Eg vil sitja der og sjå utover Hafrsfjord i solnedgangen og kjenna på den historiske suset frå fortida vår. Vil eg ha ein entrecote, så vil eg få det i saman med dei beste råvarene distriktet har å by på frå dei beste kokkane i distriktet.

Me må tilby meir

Hafrsfjord har eit stort potensial for meir turisme dersom vi vil satsa meir på det. Vi må tilby turistane meir enn å leggja til i indre hamn og å vandra trøystelaust rundt i gatene. Dei må kunna kjøpa suvenirar, gå på toalettet og kjøpa seg ein betre middag.

Eit moderne opplevingssenter for kunnskap og oppleving som vi gje unge og gamle auka kunnskap om vår kollektive historie er det vi treng no.

Det er tid for å feira samlinga av landet til eit rike fordi det var i vår region at det legendariske slaget stod i 872. Det er tid for oppleving og auka kunnskap om fortida.

Les også

  1. Leder: «Løft fram historien om slaget om Hafrsfjord»

  2. Hvorfor et nasjonalt kultur- og historiesenter ved Hafrsfjord?

  3. Stavanger kan få et vikingsenter allerede neste år

  4. «Hvis hver turist legger igjen 10 kroner, blir det fort penger av det»

Publisert:
  1. Debatt
  2. Hafrsfjord
  3. Teater

Mest lest akkurat nå

  1. 270 var med i trekningen for å få kjøpe de 30 boligene. Nå kjemper huseierne for millioner i erstatning

  2. Kortvarig tomatlukke for «Geggi»

  3. Lokalt kjøkken-selskap skifter eiere

  4. Fra koronaskam til deling av positive tester på sosiale medier: – Overhodet ikke flaut

  5. Ruskeværet torsdag var bare en liten forsmak på det som kommer i helgen

  6. – Hver helg gikk jeg i badstue i Giskehallen. Jeg ville ikke lukte mink på fest