Nei, oldemor skal ikkje ut på anbod

DEBATT: Går det ikkje ei etisk grense mellom det å driva business i byggje- og vegbransjen, og det å gjera forretning på sjukdom og alderdom?

Publisert: Publisert:

«Den dagen eg måtte komma på aldersheim, sjukeheim eller sjukehus, så vil eg at omsorgsfulle menneske skal ta seg av meg, og eg vil at dei som gjer det, skal ha skikkeleg betalt for arbeidet sitt», skriv Tore Thorsen. Foto: Illustrasjonsbilde, Scanpi

Debattinnlegg

  • Tore Thorsen
    Jelsa

«Hvorfor er det helt greit at et privat selskap bygger et sykehjem, mens det er helt ugreit at et privat selskap driver det samme sykehjemmet?» spør Harald Birkevold i ein kommentar i Aftenbladet 16. august under tittelen «Skal oldemor ut på anbud?» Han siterer Terje Søviknes frå Frp.

Vel forlikte

På akkurat dette punktet er Frp og Venstre venner og vel forlikte: Kvifor er det greitt, seier Trine Skei Grande, at eit privat selskap kan tena pengar på asfaltering av vegar, men ikkje på stell av sjuke og gamle?
Det går an å tena pengar på nesten alt, berre folk er kreative og kyniske nok, og det blir då også gjort: menneskesmugling, prostitusjon, barnearbeid, regelrett slaveri. Det er snakk om bakmenn som utnyttar menneske i sårbare situasjonar.

Konkurranseutsetting og privat omsorg i Norge stiller ikkje i den kategorien. Men nettopp dette: Å vilja tena pengar på sårbare menneske – går det ikkje eit etisk og prinsipielt skilje her? Barn, gamle og sjuke er sårbare menneske. Den dagen eg måtte komma på aldersheim, sjukeheim eller sjukehus, så vil eg at omsorgsfulle menneske skal ta seg av meg, og eg vil at dei som gjer det, skal ha skikkeleg betalt for arbeidet sitt. Men eg ville kjenna det nedverdigande at eit bakanforliggjande konsern såg på meg som ein forretningside som kan utnyttast kommersielt.

Igjen: Går det ikkje ei etisk grense mellom det å driva business i byggje- og vegbransjen, og det å gjera forretning på sjukdom og alderdom? I mi verd har dette noko med menneskeverd og menneskerespekt å gjera, og eg reknar meg på ingen måte for moralsk høgareståande enn andre folk.
Høgre – spydig kalla «kremmarpartiet» blant uvenner – er også heilt på linje med Frp og Venstre i denne saka. Det undrar meg litt meir at det fjerde regjeringspartiet, KrF, stiller på same laget, særleg når ein ser korleis store, kommersielle såkalla omsorgskonsern er i ferd med å skvisa ut ideelle aktørar.

Utbytte på eigen bankkonto

Eg trur ikkje at dei som i si tid bygde opp velferdsstaten med knappe midlar, såg for seg at utanforståande skulle ha lov til å eta av felleskaka og plassera utbyttet på eigen bankkonto.

Eg seier som Mímir Kristjánsson: Kva ville Gerhardsen sagt?

Publisert: