Kor er nynorsken i Stavanger?

Målform: Frå 1. januar skjedde det nokon historisk. Stavanger gjekk frå å vera ein bokmålskommune til å verta ein språknøytral kommune.

Publisert: Publisert:

Debattinnlegg

  • Henrik Hageland
    Fylkesstyremedlem i Rogaland Senterungdom
  1. Leserne mener

No halveges inn i den fyrste månaden ser lite ut til å verta endra, iallfall skal ein tru Stavanger kommunes nettside og kontoar på sosiale medium. Her går det so seia på bokmål. Dette er ikkje godt nok!

Nynorsk vert taparen

Som språknøytral kommune må ein fylgja opp båe målformer og i denne omgang, slik som so ofte, ser det ut som nynorsk vert den store taparen. Dagens politikare må taka alvoret inn over seg og setja større krav til bruken av båe målformer via deira informasjonskanalar som nettsida, Facebook osb. Viss ikkje kan ein risikera at Stavanger kommune om få år er attende til der ein var føre samanslåinga: Ein bokmålskommune.

Oppfordrar til å taka grep

Det vil ikkje berre vera eit slag for nynorsken og dei som nyttar nynorsken som hovudmål, men ogso for norsk språkmangfald. Eg vonar difor at ein no tek grep for å styrka nynorsken i den nye kommunen gjennom auka bruk av han i kommunens informasjonskanalar og oppfordrar politikarane til å taka grep! For fleirtalet i Stavanger vil vel ikkje verta kjende for å gravleggja nynorsken i hjarte av Ryfylke?

Publisert: