Grøn omstilling – meir enn fagre ord?

DEBATT: Solamøtet stod i det grøne skiftets teikn. Plutseleg har alle oppdaga at me kan få til den nødvendige omstillinga ved å utnytta kompetansen som alt er utvikla i industrien.

«Alle innser at oljealderen ikkje varer evig, me treng ein plan for korleis andre bransjar gradvis kan byggast opp til å avløysa den», skriv Leiv Olsen i Raudt. Foto: Scanpix

Debattinnlegg

  • Leiv Olsen
    Raudt, Rogaland
Publisert: Publisert:

Havvind kan gi energi både til oljeriggar og til skipsfarten langs kysten, CO₂-fangst kan bli god butikk samtidig som den kan gjera utvinninga (men ikkje bruken!) av olje utsleppsfri, naturgass kan nyttast til å produsera hydrogen, ei utsleppsfri energikjelde (men då må CO₂ enten lagrast eller nyttast i f.eks. drivhus). Hydrogen og elektrisitet kan avløysa diesel og bensin som drivstoff i bussar og båtar. Og boreteknologien frå Nordsjøen kan nyttast til jordvarme, det vil seia: Henta opp varme djupt nede i jorda og nytta den som energi. Og mye, mye meir — bare fantasien set grenser.

Me må utnytta den verdsleiande kompetansen som alt er utvikla i oljebransjen, for eksempel til å utnytta jordvarme og havvind.

Trengs investeringar

Men korleis skal alle dei gode planane bli meir enn bare vakre planar? Då trengst investeringar — store investeringar. Det er ikkje regjeringa med på. Dei stoler på at marknaden ordnar det heile, samtidig oppfordrar dei fylkeskommunane til å satsa. Sjølv bidrar regjeringa helst med å knipa igjen pengesekken. Men er det realistisk å tru at marknaden skal finansiera omstillinga? Korfor skal marknaden satsa stort på investeringar som fyrst kastar av seg om 10-20 år når dei kan få super-profitt i olja? Statoil (også kalla Equinor) vil kutta utsleppa i oljeproduksjonen, bare for å flytta endå større utslepp til utlandet, der olja og gassen blir forbrukt. Som om det er noko å skryta av.

Me må læra av korleis Norge bygde opp oljeteknologien i 1970-åra. Då stod me på bar bakke, men blei på få år verdsleiande på mange område, fordi staten stilte krav til oljeselskapa samtidig som staten aktivt bygde opp norsk teknologi.

Nasjonal styring av naturressursane

Rødt la i fjor fram ti industribod for framtida (Klassekampen 20.6.2019). Der slår me fast: Me må ha nasjonal styring av naturressursane våre, og nytta dei i aktiv, statleg næringspolitikk. Då må me bygga ut verdikjedane i industrien, nytta råvarene og energien vår ikkje bare til å produsera råvarer; frå dei same råvarene må me produsera langt fleire ferdigprodukt enn kva me gjer i dag. Slik kan me òg bli sjølvforsynte på fleire område. Også tømmer og andre materiale kan nyttast til å produsera plast, fiber og matprodukt. Me må utnytta den verdsleiande kompetansen som alt er utvikla i oljebransjen, for eksempel til å utnytta jordvarme og havvind. Me må setta strenge miljøkrav — det vil samtidig stimulera til innovasjon. Krafta må i størst mulig grad nyttast på staden der den blir produsert. Kortreist kraft betyr mindre energitap samtidig som det gir lokale arbeidsplassar.

Statleg eigarskap er ein føresetnad for å få til langsiktig tenking og god utnytting av ressursane, og derfor også nødvendig for å få bygd opp ny industri her heime som litt etter kvart kan avløysa den fossile.

Industrien skal vera til for arbeidsfolk. Me må ha slutt på underprisa anbod der oppdraga går ut av landet bare for at nokon her heime etterpå må retta opp alle feila i det som er produsert i utlandet. Me må også setta ein stoppar for den sosiale dumpinga som brer seg som ein epidemi i arbeidslivet vårt. Fellesskap fungerer: Bruk delar av oljeformuen til å finansiera velferd for fellesskapet, det gir størst utbytte på sikt! Unngå marknadsstyrt krasjlanding. Overlet me omstillinga til marknaden, vil oppturar og nedturar avløysa kvarandre inntil det ein dag ikkje lenger er etterspørsel etter olja, og botn dermed fell ut av heile oljeeventyret. Alle innser at oljealderen ikkje varer evig, me treng ein plan for korleis andre bransjar gradvis kan byggast opp til å avløysa den.

Vakna opp til blåmåndag

Trur me marknaden skal ordna alt for oss, kan me ein dag vakna opp til blåmåndag. Skrur me av oljekrana over natta, blir folk kasta ut i arbeidsløyse. Tar staten ansvar, kan omstillinga gi mange nye arbeidsplassar, og Norge kan bli verdsleiande også i den grøne teknologien.

Les også

  1. Disse fikk Forsknings- og nyskapingsprisen under Solamøtet

  2. Viktige rogalendinger til Solamøtet

  3. Avlyser dag to av Solamøtet

Publisert:

Klimasaken

  1. 2019 var Europas varmeste år

  2. Første hetebølge i Antarktis

  3. Autoritært og farlig fra Oslo MDG

  4. – Totalt kan det ende med at du egentlig bare flytter det meste av utslippene til andre land i Europa

  5. – Grønn omstilling — meir enn fagre ord?

  6. Ta strømmen fra oljedepartementet

  1. Klimasaken
  2. Debatt
  3. Omstilling