Er det greitt med russesongar om incest og vald?

RUSSEN: Kjære russ, eg bed dykk vere med og skape gode arbeidsmiljø på skulane. Vel heller det i staden for å latterleggjere medelevar som har opplevd seksuelt misbruk og oppmode til vald mot dei svakaste i samfunnet.

Publisert: Publisert:

«Korleis treffer desse songane elevar som har opplevd incest eller blitt krenka på andre område som russesongane harselerer med?» spør rektoren ved Bryne vgs. Foto: Kyrre Lien, NTB Scanpix (illustrasjonsbilde)

Debattinnlegg

  • Ingunn Folgerø
    Rektor, Bryne vidaregåande skule

Det er Norge i raudt, kvitt og blått, og no rullar russesongane over det ganske land med innhald som incest, vald og ulovleg rusbruk. Kvifor er desse songtekstane lovlege når dei latterleggjer dei grovaste fornedringar som vert gjort mot medmenneske?

Skjemst ikkje

Det er releasetid for russesongar. Russegruppene har bestilt eigen song for gruppa si, og no leverer låtskrivaren varene. Drygast mogleg, slik at songen får flest mogleg treff på Spotify og dermed aukar marknadsverdien til russegruppa. I år latterleggjer songane incest, drap av uteliggjarar, å utsetje småsøsken for narkotika og andre lovbrot.

Media gjorde oss merksame på teksten, og me fekk uttale oss [i Jærbladet; red.mrk.]. Det var stas for gruppa at me hadde reagert, og elevane la straks ut det kritiske avisoppslaget, noko som kan tyde på at omtalen var av det gode for russen.

Gjennom skuleåret gjer skulen ei rekke tiltak rundt russen og elevar generelt: seksualopplysing, førebygging av rus, oppfølging av rus, samtalar med elevar som ber sår med seg heimanfrå etter vald, rus eller seksuelle overgrep, hjelper elevar med angst, samarbeider med politiet om førebyggjande arbeid og sikrar at elevane skal ha det godt og trygt på skulen sjølv om dei står i vanskelege livssituasjonar.

Lova strekk ikkje til

Dersom elevane våre får ein kommentar av rasistisk karakter, legning eller knytt til funksjonshemming, kan dei melde saka til politiet, og straffelova kan handsame forholdet. Songar med krenkande innhald som oppmodar til vald og narkotikabruk, inngår ikkje her. Er det greitt at det er slik?

Korleis treffer desse songane elevar som har opplevd incest eller blitt krenka på andre område som russesongane harselerer med? Det kan tenkjast at dei 6 prosentane av elevmassen som er seksuelt misbrukte, opplever medelevar og deira val av russesongar som ei ekstra påkjenning på toppen av dei vonde opplevingane dei ber med seg.

Så kvifor er det greitt med slike songar? Kvifor handsamar ikkje lova denne type ytringar, slik dei gjer med ytringar om funksjonshemming, rasisme eller legning?

Oppmoding

Kjære russ, eg bed dykk vere med og skape gode arbeidsmiljø på skulane. Vel heller det i staden for å latterleggjere medelevar som har opplevd seksuelt misbruk og oppmode til vald mot dei svakaste i samfunnet.

Og alle de som inst inne tek avstand frå tekstane: Gi beskjed om det! Ikkje la eit fåtal få setje uverdige standardar.


Sjekk disse Byas-artiklene:

  • Forbrukerrådet: Unge kan tape tusenvis av kroner i russetiden
  • Husk dette før du kjøper eller selger russebil
  • Herman (18) dropper russetiden
  • Dette var russeknutene for 2019
Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Tre personer fra Stavanger testet positivt for koronaviruset etter å ha reist med Color Line

  2. Bergelands­tunnelen blir stengt fra mandag til jul: – Veldig omfattende oppgradering

  3. Viking har signert ny keeper

  4. Fem nye smittet og to innlagt med korona i Stavanger: – Vi er forberedt på flere smitte­tilfeller

  5. Venter på klarsignal til Ryfast-innkreving

  6. Ødela dyrebar statue i Italia og lot som ingenting. Så ble han avslørt

  1. Russen
  2. Vold
  3. Rus
  4. Incest
  5. Seksuelt misbruk