Tyven, tyven skal du hete …

DEBATT: – For du tillot ran av vann.

Publisert: Publisert:

Bønder rundt Birkelandsvatnet i Bjerkreim, også kalla «Storavatnet», frykta for fire år sidan at dei ville måtte gå frå gard og grunn for at Stavanger-regionen skulle sikrast reint drikkevatn. Nå har dei tapt kampen – men Bente Gro M. Slettebø har eit håp om at IVAR IKS seine eigarar ombestemmer seg og lèt vera å bygga ut. Framme frå venstre i 2016: Gunnhild Vassbø og Camilla Gjedrem. Bak frå venstre: Sunniva Veen, Ivar Are Veen, Bente Gro M. Slettebø og Tor Gunnar Gjedrem. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Bente Gro M. Slettebø
    Talsperson for gruppa som anka konsesjonen til å ta ut drikkevatn frå Birkelandsvatnet

Kva er dette for demokrati? Det er då ikkje greitt å ta for seg og legge ulempa på andre? Alle (!) folkevalde stemmer i Rogaland som hadde konsesjonssøknaden til å ta ut drikkevatn frå Birkelandsvatnet i Bjerkreim på sitt bord, ønska matproduksjon rundt Birkelandsvatnet og drikkevatn ein annan stad ifrå.

Aftenbladet sin leiar går ut, på sjølvaste Kristi Himmelfartsdag, og fortel eventyr om julenissen. Leiaren skriv at landbruket skal få forsikringar, og at der kjem ingen nye reglar. Ingenting av det stemmer.

Tina Bru og Høgre kom inn i olje- og energidepartementet midt i ankeprosessen. Den mangelfulle konsekvensutgreiinga tok ho ikkje i. Med uante konsekvensar gav ho vekk grunneigarane sin sjølvråderett til IVAR IKS. Med orda «dette går fint» stiller Aftenbladet seg attmed IVAR-leiinga, som har stått åleine i kampen mot folket, men som på simplaste hersketeknikk-vis heile tida har sagt «ro dykk ned, dette går fint, vårt behov er større enn dykkar».

Kva betyr fleirtal i folket når det berre trengst éin politikar?

Les også

Tina Bru gir grønt lys til kontroversiell drikkevannskilde for Stavanger-regionen

Tek frå andre, gong etter gong

Dette føyer seg inn i rekka av IVAR sin ufine praksis: Ved behov for meir vatn går dei utanfor eigne grenser og gjer krav på område.

Då Stavanger var åleine som eigar, tok dei vatn frå Sandnes.

Då Stavanger og Sandnes var eigarar, så tok dei vatn i Gjesdal.

Dette er dokumentert i ei masteroppgåve ved UiS i 2017, av Ove Sembsmoen: «Verdien av vann. Ein studie av konfliktar i vassforsyninga til Nord-Jæren, 1950–2017.»

Ifølge studien har det som regel vore mot grunneigarane sin vilje. Og det har gått som grunneigarane har frykta; ulemper og jord ut av drift. Og nå skjer det igjen. Terje Halleland samanfatta godt i fylkesutvalet: «Det er besynderleg at 13 kommunar med eit problem finn løysinga i den 14.»

Bjerkreim har hatt to og ein halv kamp med IVAR om vatn. Det byrja med den havle: IVAR kjøpte opp gardar i nabodalen til Birkelandsvatnet; Stølsvatnet og Romsvatnet forsyner i dag folket til IVAR IKS. Dalen er blitt ein spøkelsesdal. Gardsbygningane vart jamna med jorda. Hyttefeltet som var til behandling, vart stoppa. Ingen dyr er tillatne. Matjorda ligg brakk og riv i landbrukshjartet til Bjerkreim.

I 1980 vart det skikkeleg kamp: IVAR ønska Austrumdalsvatnet. Hyttefeltet på Stavtjørn og Stavtjørn Alpin hadde ikkje vore det viktige ressursområde for Bjerkreim i dag, om ikkje grunneigarane hadde vunne den gongen. Arne Rettedal var styreleiar i IVAR. Han sa at Birkelandsvatnet kunne dei òg brukt, men det hadde nok aldri bjerkreimsbuen tolt. Og det hadde han rett i. Me vil ikkje dette. Det er eit ran.

Les også

Bente Gro. M. Slettebø: «Er det ok at dyra mine skit i drikkevatnet ditt?»

Vassressurslova, Aftenbladet

Aftenbladet har rett i at det foreløpig kan drivast landbruk i området, men påstår at reglane blir uforandra. Det er ikkje rett: Drikkevatn krev anna beskyttelse enn Gisketjern og Breiavatnet. For vassressurslova seier at det er ulovleg å forureina drikkevatn.

Bjerkreim kommune får nå ansvaret med å beskytta drikkevatnet til dei 13 kommunane som eig IVAR IKS. For landjorda rundt Birkelandsvatnet er Bjerkreim sitt.

Vatnet gav Tina Bru til naboane.

Opp til eigarane nå

Saka kan få ein annan slutt enn det me ser nå: Eigarane av IVAR IKS kan endra utfallet. De kan gjera som Ikea, som snudde i planane om å bygga på Dehlijordet i Vestby i Viken fylke. Etter ein lang kamp fekk dei løyvet dei trong, men lét vera å nytta den.

Dehlijordet-saka handla om eitt jorde. Denne handlar om produksjon frå 40 gardar og busettinga i eit stort område av Bjerkreim som for alltid må bæra ansvaret for drikkevatnet.

Gloppedalsura burde alle kjenna til – og ja, det er i dette området kampen har stått. Håpet nå er at IVAR IKS sine eigarar – du som skal drikka og dusja i dette vatnet – seier nei takk. Då tar eg i tilfelle tilbake alt eg har sagt om ran. For det er ikkje ran om ein lèt vera å ta.

Mitt og ditt. Viktigaste lærdommen me burde ha i oppsedinga.

Publisert:

Les også

  1. Aftenbladet mener: «Riktig vedtak om drikkevann»

  2. Bondelagsleder om ny drikkevannskilde: – Jeg er utrolig skuffet og overrasket

  3. Ba minister om å velge et annet vann som drikkevann for Stavanger-regionen