Me har alle ei psykisk helse

DEBATT: Psykisk helse er vi alle født med. Korleis denne helsa utviklar seg gjennom åra vi lever, avheng av ulike brikker. Men det å vere merksame på at vi har ei slik helse, er naudsynt for alle individ. Den psykiske helsa formar våre grunnleggjande behov som menneske.

Vi knyter ofte psykisk helse opp mot den alvorleg deprimerte, eller den psykotiske. Men det er viktig å hugse på at vi alle har ei psykisk helse, og korleis denne er betyr noko for kvaliteten på liva våre.
  • Jeswanthiny P. Mayooran
    Konst. Overlege, akuttpsykiatri Stavanger Universitetssjukehus
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Uansett om du er ein treåring, tenåring, mor, far, bestefar; har vi alle ein psyke som styrer kvaliteten og fungeringa på liva våre. I somme kulturar er det kanskje enklare enn andre, å snakke om, vere bevisste rundt og våge å oppsøke hjelp, når det elementære begynner å skurre.

Eg sjølv kan kjenne meg att i den tunge atmosfæren mellom våre fire vegger når eit slikt tema blei teken opp. Ja, og slik er jo det for mange. Det er sårt å snakke om det ein ikkje kan sjå. Om det som «feilar» hjernen. Om det som strir med forventningar til dagens samfunn. Psykisk helse, er eit sårbart tema for mange.

Mange land har ein veg å gå

For mine foreldre som er fødde og har vakse opp i eit land som Sri Lanka, har det aldri vore eit aktuelt tema å kunne snakke om ord som depresjon, traume, angst, psykose og flashbacks. Dette trass i landminer, soldatar som banka på døra, eller ein vedvarande frykt for å bli kidnappa på veg heim frå skulen. Frykta var der, men kunnskap eller reiskap til å kunne jobbe med slike opplevingar i ettertid? Det å leve med slike symptom, blei fort det normale i eit uvitande samfunn.

Eg ønsker å nemne mine foreldre sin bakgrunn, i hovudsak for å spesifisere at synet på psykisk helse, varierer globalt. Men dei fleste land i verda har ein lang veg å gå.

I eit så godt utvikla land som Norge er det også framleis mykje stigma knytt til det å kunne snakke om det mentale. Det er ikkje lenge sidan eg møtte ein ung mann i psykiatrien, som over lenger tid hadde slite med tunge tankar om livet. Ein elles ganske høgt fungerande mann, men som den siste tida hadde erfart eit funksjonstap, grunna tankar om at livet var uuthaldeleg. Berre det at han oppsøkte hjelp, ønska behandling, og ville ha ein utgreiing, var altfor fjernt for familien hans. Dette trass i stor endring i åtferd og fungering. Men berre det å ha aksept for at psyken til tider kan svikte, akkurat som at hjartet til tider kan svikte, er utenkjeleg for mange. Kunnskap er naudsynt.

Det gjeld oss alle

«Ingenting er verre enn å miste kontroll over dine eigne tankar og handlingar. Når ditt «eg» forsvinn frå di makt … kva har du att, eller kven er du eigentleg då?» er ord formulert i møte med ein pasient.

10. oktober er Verdsdagen for psykisk helse. Ein dag som blir markert i over 150 land verda rundt, er absolutt ein viktig dag som bør bli snakka om. Vi knyter ofte psykisk helse opp mot den alvorleg deprimerte, eller den psykotiske. Men det er viktig å hugse på at vi alle har ei psykisk helse, og korleis denne er betyr noko for kvaliteten på liva våre.

Publisert: