Politiet skal vera ei nøytral ordensmakt og går heller ikkje i tog 8. mars

DEBATT: Diskusjonen om uniformert politi skal gå i Pride-paraden eller ikkje nemner ikkje det som etter mitt syn er det viktigaste, det at politiet skal vera ei nøytral ordensmakt.

Kvifor er politiet så opptekne av å vera der for skeive i FRI Rogaland, kva med engasjementet for kvinner som krev omvendt valdsalarm?

Debattinnlegg

  • Anne Kalvig
    Nestleiar WDI Norge – Women’s Declaration International
Publisert: Publisert:

«Vi har invitert det nye styret til et møte for å ha en dialog med dei» uttalar politiinspektør Grete Winge i Sør-Vest politidistrikt i Aftenbladet 22. april, som reaksjon på at FRI Rogaland ikkje ønsker å ha uniformert politi i Pride-toget sitt. Så viktig er det tydelegvis for vår politisk nøytrale ordensmakt, å delta i uniform på ei politisk markering eigt og arrangert av ei politisk gruppe, FRI Rogaland.

Politiets endelause kvinnesvik

Det nye FRI-styret, med leiar Karoline Skarstein i spissen, har erklært uniformert politi som uønskt i toget. Diskusjonen i Aftenbladet har dreidd seg om kor vidt FRI burde ønska uniformert politi velkomen eller ei – det har fram til nå visstnok vore stas at representantane for statens valdsmonopol deltar i den politiske markeringa i uniform. Tidlegare og nåverande FRI-leiing er usamde om uniformert og formell tilslutning skapar dialog og samarbeid, eller om det finst personar i LHBTQ+-miljøet som kan oppfatta politiuniformer som negativt og skremmande.

Ingen av argumenta for eller imot dreier seg om det vesentlege, nemleg at politiet ikkje skal visa tilslutning til visse politiske agendaer og grupper framfor andre. Politiet er ei nøytral ordensmakt som representerer staten og som skal trygga alle innbyggarar, uavhengig av kva politisk syn eller tilhøyrsle me måtte ha. Derfor opptrer politiet som deltakarar i uniform i 17. mai-toga, som gjeld statens grunnlov, men ikkje i 1. mai-toget, som gjeld arbeidarrørsla sine krav. Opptrer politiet i dette toget, er det utan uniform og som representantar for fagforeininga, Politiets Fellesforbund. Derfor opptrer dei heller ikkje i 8. mars-toget, sjølv om kvinners endelause soge med å bli svikta av politi og ordensmakt og vårt behov for styrka rettsvern, er akutt.

Den seksuelle praksisen BDSM som fetisj skal frontast til barn, og fleirgifte må bli tillate. Dette signerer politi og Den norske kyrkja og andre som deltar på. At kyrkja synst Pride og FRI er gode greier, er så si sak. I motsetning til kyrkja, er politiet altså vår felles ordensmakt som skal vera politisk nøytral.
Ved å omfamna FRI-rørsla støttar politiet ein organisasjon som mellom anna seier ja til surrogati, fleirgifte, hallikverksemd og prostitusjonskjøp.

Ja til hallikverksemd og prostitusjon

Kritikk av «rosavasking» frå FRI og deira allierte handlar likeins om at offentlege etatar, organisasjonar og næringsliv som kastar seg på Pride-toggang og regnbogelogo og -flagging, ikkje gjer nok eller ikkje meiner dei rette tinga om kjønnsidentitetsideologi og skeiv teori året igjennom. Denne kritikken, og dessutan FRI-styret sitt togvedtak, avslører det vesentlege: Pride og regnbogelogoen er uløyseleg knyta til FRI som organisasjon og deira politiske krav. Det finst ingen organisatorisk uavhengig Pride. At Bygdepride i Volda ikkje er FRI, men ein eigen organisasjon når dei arrangerer tog der, endrar ikkje dette faktum. Ergo skulle heller ikkje offentlege flaggstenger vaia med regnbogeflagg på Pride-arrangement året igjennom.

Kva er FRI-krava? Jo, at kjønn er ei kjensle, at det finst mange kjønn, ikkje to, at kvinner og lesbiske kan ha penis og at dette skal lærast til barnehagebarn, skoleelevar og heile Norge. Vidare skal surrogati bli tillate, så vel som hallikverksemd og prostitusjonskjøp. Den seksuelle praksisen BDSM som fetisj skal frontast til barn, og fleirgifte må bli tillate. Dette signerer politi og Den norske kyrkja og andre som deltar på. At kyrkja synst Pride og FRI er gode greier, er så si sak. I motsetning til kyrkja, er politiet altså vår felles ordensmakt som skal vera politisk nøytral.

Les også

Uniformert politi i Pride-paraden er et viktig signal

Kva med å hjelpa kvinner?

I 2019 sa politiet i Norge formelt unnskyld til homofile for måten dei er blitt handsama på. Politiet tar direkte kontakt med personar i sosiale media for å hjelpa dei med politimeldingar med utgangspunkt i kjønnsidentitet. Kvinner, som faktisk blir drepne i Norge av menn, fleire titals kvart år, og 165 drepne av partnar sidan 2000, får verken unnskyldning eller omvendt valdsalarm. Menns vald mot og drap på kvinner og barn kunne høgst sannsynleg vore unngått om politiet hadde tatt i bruk omvendt valdsalarm, slik dei har heimel for i norsk lov.

Kvinner som kjønn er i motsetning til seksuell legning og kjønnsidentitet, heller ikkje inkluderte i hatparagrafen. Sånn går det når lobbyverksemder får endra norsk lovgjeving og politikarane søv eller er redde. Men politiet kan ikkje seia at dei ikkje har fått vekkingssignal med beskjed om å sikra likskap for lova – i offentleg framferd og i utøving av profesjon. Etaten skal vera politisk nøytral og ikkje støtta visse grupper framfor andre.

Politiet er ei nøytral ordensmakt som representerer staten og som skal trygga alle innbyggarar, uavhengig av kva politisk syn eller tilhøyrsle me måtte ha. Derfor opptrer politiet som deltakarar i uniform i 17. mai-toga, som gjeld statens grunnlov, men ikkje i 1. mai-toget.

Les også

  1. – Poli­tiet er en støtte­spiller, ikke en motstander

  2. Markerer misnøye: Ønsker ikkje politi i uniform under pride-paraden i Stavanger

Publisert:
  1. BDSM
  2. Surrogati
  3. Den norske kyrkja
  4. Kjønn
  5. Rogaland

Mest lest akkurat nå

  1. Tok avskjed med Tor Martin (19) fra Hommersåk: – En gledesspreder

  2. Alle nye sykehjem skal ha eget kjøkken

  3. Trafikkuhell ved Kvadrat

  4. Mistet førerkortet etter farlig forbikjøring

  5. Ingve Bøe slakter tv-ekspert etter Tripic-episoden

  6. Enighet mellom byggherre og utbygger om Sola Arena - Folkehallene punger ut med 49 millioner kroner