Ta òg dei som køyrer for seint!

DEBATT: I tillegg til å ta dei som køyrer for fort, bør sinkene i trafikken og få reaksjonar i trafikkontrollar.

Om dette er spegelen på førarsida i din bil, og du ligg først i køen, køyrer du truleg for seint. Då er det sikrast for alle om du køyrer til sides og slepp køen forbi.
  • Jan-Kjetil Vikane
    Jan-Kjetil Vikane
    Lofthus
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Alle skal ferdast med omsyn og vera aktsam og varsam i trafikken, så det ikkje oppstår fare eller valdast skade, og slik at annan trafikk ikkje unødig blir hindra eller forstyrra.

Statens vegvesen, Trygg Trafikk og politiet har søkelys på å halda fartsgrensene. Greitt! Men det må gjelda begge vegar. Realiteten er at dei sjåførane som ligge 5–20 km/t under fartsgrensa, og ikkje slepp forbi anna trafikk, indirekte utgjer ein stor fare i trafikken, sjølv om dei sjølve ikkje er direkte involverte! Sjåføren bryt òg grunntrafikkreglane på fleire punkt.

Dette er ikkje å visa omsyn til andre, det oppstår fare og det kan bli skade, – og trafikk blir hindra og forstyrra!

Å bremsa unødig inn i svingar og for møtande trafikk, opp og ned i fart heile tida, er heller ikkje miljøvennleg køyring!

Køyr til sides!

Med slik køyring skapar ein frustrasjon, forseinkingar, farlege forbikøyringar, påkøyrslar bakfrå, møteulukker – og fartsbot og førarkortbeslag til dei som vel å ta ei forbikøyring når dei får sjansen til det på ein rett strekning viss det er fartskontroll der.

Dei som ligg under fartsgrensa, må verta flinkare til å sleppa forbi ved å legga køyra til side på utkøyringar, i busslommer og liknande. Eg har sjølv vore innblanda i ei alvorleg ulukke der ein bil låg under fartsgrensa og ein trafikant prøvde å køyra forbi tre bilar.

Det må òg vera veldig slitsamt og trøyttande å ha ein lang, trykkande kø bak seg.

2000 kr i førelegg og éin prikk
viss ein køyrer for seint med
meir enn fem bilar bak seg.

Heller bitte litt for fort

Om ein ligg 5–10 km/t over fartsgrensa der det er bra veg, i 70-, 80-, 90-, 100- og 110-soner, bryt ein fartsgrensa, – men ein lagar gode luker, god flyt og hindrar ikkje annan trafikk. Ein skapar i realiteten ikkje farlege situasjonar og køyrer meir miljøvennleg ved å spara drivstoff når ein rullar og brukar energien i farten til bilen. Det er mindre krevjande å følgja med på bilen framføre, og ein kan ha meir merksemd på anna som kan oppstå lengre framme.

Ved ei forbikøyring er det viktig at dei sekunda ein er på feil side av vegen er så få som mogleg. Det er god HMS, sjølv om fartsgrensa vert broten i nokre sekund.

Slik kan trafikkreglane i Noreg til tider vera for teoretiske og ikkje heilt fungere i praksis.

Les også

Trafikksentralen-arkivet: 77 episoder på ett sted

Bot og prikkar til sinkene!

Det bør vera på tide å sjå på om ein skal bruka andre og meir rettferdige metodar på å ta trafikksyndarar.

Kva med å bruka gjennomsnittsmålingar over eit lengre stykke? Då får ein registreringsnummer på bilen, og ein får vinka til side dei som køyrer for fort – og dei som køyrer for seint og lagar kø, dårleg flyt og skapar frustrasjon og farlege situasjonar.

Det er mogleg at ein ikkje hadde tatt så mange fartssyndarar om ein meir brukte snittmålingar. Det krev nok meir ressursar, men er meir rettferdig enn laser på ei rett strekke der ein kan køyra forbi.

Det er på tide at sjåførar som ligg under fartsgrensa og ikkje slepp forbi køen bak seg, òg får påpakning: 2000 kr i førelegg og éin prikk viss ein køyrer for seint og har meir enn fem bilar bak seg.

Publisert: