Leik og blodig alvor

KRONIKK: Kina brukar Vinter-OL for å få oss til å sjå ein annan veg, vekk frå brutaliteten som diktaturet utøver. Her er ei oppskrift til å unngå det.

Frå generalprøven på opningsseremonien i «Fuglereiret» i Beijing sist fredag. Ironisk nok: Kunstnaren bak designen av nasjonastadionet, Ai Weiwei, lever i eksil i Portugal.
  • Johannes Morken
    Johannes Morken
    Redaktør, Stefanusalliansen
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

«Det er vanskeleg å halda seg for nasen og klappa samstundes», skreiv ein aviskommentator då eit diktatur i fjor overtok ein engelsk fotballklubb. Problemet er ofte det motsette: Vi er så opptekne med å klappa at vi ikkje er i stand til å halda oss for nasen når vi absolutt burde.

Vinter-OL i Beijing er eit godt høve til å gjera begge delar. For Kina er politikk og idrett to sider av same sak. Då kan ikkje vi sitja framfor TV-skjermane og lata som om det berre er leik vi ser. Vi kan gjerne bruka dei to neste vekene til å jubla. Men vi sviktar dersom vi ikkje også lærer meir om brutaliteten like utanfor OL-arenaene.

Under opningsseremonien fredag kan vi til dømes senda tankane til meir enn ein million uigurar som er sperra inne i brutale fangeleirar i Xinjiang-provinsen vest i Kina. Der skal dei «omskolerast» til å bli kinesarar. Eit uavhengig britisk tribunal karakteriserte nyleg brotsverka som folkemord. Kvar gong vi ser OL-flammen brenna, kan vi vita at all den avanserte teknologien som Kina har utvikla for å overvaka uigurane, vert teken i bruk over heile Kina og eksportert til resten av verda.

Bitande kulde

I fjella i Chongli utanfor Beijing skal Johannes Høsflot Klæbo, Jarl Magnus Rieber og Marius Lindvik kjempa om medaljar i langrenn, kombinert og hopp, i bitande kulde. Det same distriktet er kjent for den bitande undertrykkinga av katolsk tru. Undergrunnsbiskopen Augustine Cui Tai sit internert.

Den dagen Noreg vinn den første gullmedaljen i Chongli, kan vi synga med på «Ja, vi elsker». Men dette kan også vera dagen for å lesa om undertrykkinga av demokratirørsla i Hongkong. Tryggingslov, tvang og straff skal byggja den kinesiske nasjonen.

Den dagen tv-kommentatorane blir over seg av glede over Norges andre gullmedalje, sender vi ein tanke til den uredde redaktøren Jimmy Lai i Hong Kong: 74-åringen er bura inne for å ha «organisert illegale protestar».

Fengsla journalist

I desse februardagane er det to år sidan den tidlegare kinesiske advokaten Zhang Zhan som journalist drog til Wuhan. Ho rapporterte om Kinas kamp mot pandemien og om Kinas arrestasjonar av uavhengige journalistar og trakassering av familiane deira. Det var folk som Zhang Zhan som fekk ut uavhengig informasjon då Kina hardhendt slo ned pandemien. Zhang Zhan vart arrestert og bortført og seinare uskuldig dømt til fire års fengsel.

Som straff for sveltestreik i fengselet fekk Zhang Zhan ein periode handjern døgnet rundt. Den dagen Noreg vinn den tredje og kanskje fjerde gullmedaljen, skjenk Zhang Zhan ein varm tanke der ho sit i cella si i Shanghai. Familien er djupt uroleg for henne. Vi bør også vera så urolege at vi gjerne kan skriva brev til Kinas ambassadør.

Heller ikkje må vi gløyma modige juristar som har forsvart menneskerettane, sjølv om Kina vil vi skal gløyma Gao Zhisheng og Guo Feixiong. Dei er torturerte og har forsvunne.

Les også

MAGASIN: Slik blir Kina stadig mektigere

Stengde kyrkjer

Søndag 6. februar konkurrer norske menn om gull i utfor og 30 kilometer langrenn. Like etter norsk gudstenestetid startar hopprennet i normal bakke. Enten vi legg inn tur til den lokale kyrkja vår eller ikkje mellom OL-øvingane, må vi vita dette:

Kina har dei siste åra rive mange kyrkjer og stengt andre. Moskear og buddhistiske tempel er ramma. Under president Xi Jinping utøver Kommunistpartiet sterkare og sterkare kontroll med alle dei fem godkjende religionane: Protestantisk og katolsk kristendom, islam, buddhisme og taoisme. I alle samlingar er det eit krav at det vert uttrykt støtte til «sosialistiske prinsipp».

Tusenvis av krossar er rivne ned frå kyrkjetak og erstatta med kinesiske flagg. Det er Xi Jinping dei truande skal akta og æra. Presidenten er ateist-Kinas eigen moderne guddom.

Xi Jinping krev at alle religion skal vera «kinesisk». Framleis er det modige folk som finn gode vegar rundt propagandaen og presset frå Kommunistpartiet. Dei treng tydeleg norsk støtte, ikkje minst under OL.

Skal vi sikra idrettens sjel, må vi stå opp mot Kinas krig mot fridom.

Fengsla før OL

Kinas brutalitet rammar alle trussamfunn som kommunistregimet fryktar, som Falun Gong. Under sommar-OL i Beijing i 2008 blei folkemusikaren Yu Zhou fengsla. Han blei funnen død på cella etter 11 dagar, truleg etter tortur.

I januar i år, like før Vinter-OL, var det enka, Xu Na, sin tur. Ho blei dømt til åtte års fengsel for aktiviteten i Falun Gong. Det må du gjerne protestera mot, innimellom norske gullmedaljar.

Les også

Aftenbladet mener: «Store kostnader har ført til at tradisjonelle vintersportsland ikke lenger ønsket å arrangere OL. Etter OL i Kina kan vi tro på endringer»

Modig tale

Om morgonen søndag 20. februar kan vi kanskje sjå Therese Johaug vinna tremila. Før avslutningsseremonien er det tid for å henta opp lagnaden til pastor Wang Yi. I Chengdu leia han ei veksande kyrkje som ikkje ville bli styrt.

Like før jul i 2018 var det kroken på døra. Året etter blei pastoren dømt til ni års fengsel, for å ha «oppfordra til undergraving av statsmakta». Han hadde talt mot all undertrykking. «Kina går til krig mot trua, men klarar ikkje å overvinna menneskets sjel», sa pastoren like før politiet kom.

Skal vi sikra idrettens sjel, må vi stå opp mot Kinas krig mot fridom. Medan vi jublar for leiken, må vi ikkje gløyma å protestera mot brutaliteten.

Publisert: