Nå treng me politikarar som er heilt tydelege på at nå skal laksen i fjøs

Publisert:

«Oppdrettselskapa manglar ikkje pengar, dei går så det susar. Det som manglar, er politikarar som tør å regulere næringa», skriv Solfrid Lerbrekk og Hallgeir H. Langeland. Scanpix

Debattinnlegg

  • Solfrid Lerbrekk
    1. kandidat for SV i Rogaland
  • Hallgeir H. Langeland
    Tidligere stortingsrepresentant, SV

DEBATT: Flott at leiaren i Aftenbladet 23. juni tør å gripa fatt i oppdrettsnæringa: «Fleire lukka anlegg, mindre bruk av antibiotika og å få bukt med lakselusa er noko av det som oppdrettarane må jobba mykje meir med på vegen mot ein verkeleg blå planet.»

Mest ingen restriksjonar

Me er også for lukka anlegg, eller fjøs som me vel å kalle det. I eit vanleg fjøs samlar vi opp drit og brukar det til gjødsel. Kloakken frå oss menneske går ikkje rett på havet lengre. Men i oppdrettsnæringa er det mest ingen restriksjonar. Det vil me ha slutt på.

Oppdrettslaksen må inn lukka anlegg. Den må ha sitt fjøs, slik Dagros og gjengen har hatt lenge. Då stansar forureininga, og me kan ta driten frå oppdrettsanlegga i bruk. Og oppdrettselskapa manglar ikkje pengar, dei går så det susar. Det som manglar, er politikarar som tør å regulere næringa.

Dette godtek det store fleirtalet av politikarar i Norge at kan sleppast ut årleg:

  • 208.800 tonn kloakk.
  • 83.000 tonn matrestar.
  • 26.300 nitrogen.
  • 39.940 fosfor.

I tillegg lusemidlar og medisinar, som ingen er sikre på omfanget av.

Ansvarslaust

Rett i havet ved vår kyst. Dette er ansvarslaust. Nå treng me politikarar som er heilt tydelege på at nå skal laksen i fjøs. Laksebaronane har rådd grunnen lenge nok og må tøylast. Det er på tide med eit skifte. Me krev rein fjord og kyst.

Les også

Leiar: Still krav til norsk oppdrett og glade laksar

Les også

Feil om antibiotikabruk i fiskeoppdrettsnæringa

Publisert: