Misjon: Ein veldig dårleg «deal»?

KRONIKK: Nyleg runda Det norske misjonsselskap 175 år. Kva har desse åra gitt?

Publisert: Publisert:

1985: Jordmor og misjonær Gunvor Pedersen frå Det Norske Misjonsselskap spreier informasjon om hygiene og helse på landbygda i Kamerun. Teksten i illustrasjonen: «Heile familien brukar ein god WC.» Foto: Arne Nilsen

Debattinnlegg

Magnar Kartveit
Professor i Det gamle testeamentet, VID Misjonshøgskolen

Ein mann som jobba i oljå, vart på eit fly sitjande ved sida av ei ung kvinne. Dei kom i prat, og ho fortalde at ho var på veg ut i verda for å bli misjonær. Han vart interessert i arbeidsvilkår og lønn, og konkluderte fort med at ho hadde fått ein veldig dårleg «deal».

Det har dei fått, dei mange tusen misjonærar som Norge har sendt ut. Ein av organisasjonane er Det norske misjonsselskap (NMS), som 8. august fylte 175 år, stifta i Stavanger i 1842. Tre forskjellige grupper som stod bak danninga av Misjonsselskapet, og Alexander Kielland har glimrande skildra dette miljøet for eksempel i romanen «Skipper Worse» frå 1882. Madam Torvestad og Hans Nilsen Fennefoss representerer to av gruppene, prestane var den tredje.

Misjonsselskapet starta på verst tenkeleg måte: Hans Paludan Smith Schrøder ville reisa ut som misjonær for Den norske kyrkja, og vart etter kvart einig med Misjonsselskapet om at han skulle dra til Sør-Afrika. Dit kom han i 1844, og arbeidde der til han døydde i 1882, 65 år gammal. Han rauk uklar med alle, hadde liten suksess, og sa opp avtalen med Misjonsselskapet i 1873 – oppseiinga var velkomen. Schrøder var eit mistak, og eit unntak.

I den nykolonialismen som Madagaskar opplever no for tida, er kyrkjene ein av dei institusjonane som arbeider for gassisk språk i skulen, og for at landet skal ha hand om eigne naturressursar.

Resultat av arbeidet?

175 år har gått – kva er resultata av arbeidet?

Misjonsselskapet har hovudæra for den lutherske kyrkja på Madagaskar, med tre millionar medlemer ei av dei største i den lutherske kyrkjefamilien. Der er det oppretta ein landbruksskule, ein lærarskule, mange folkeskular og eit nettverk av teologisk utdanning. Og misjonen har bidratt til sjukehus, døve- og blindearbeid. I tider med politisk krise har leiarane i kyrkja blitt tilkalte som meklingsmenn. Kyrkjene har ofte vore dei einaste institusjonane med ganske korrupsjonsfritt rulleblad. Misjonsselskapet har medverka vesentleg til demokratiutviklinga og arbeidet for menneskerettar. I den nykolonialismen som Madagaskar opplever no for tida, er kyrkjene ein av dei institusjonane som arbeider for gassisk språk i skulen, og for at landet skal ha hand om eigne naturressursar. Ein del utanlandske firma og politikarar likar dette ille.

Les også

NMS feirer med søppelkunst og salmesang

Les også

– Misjon har gjerne fått en litt negativ klang

Det var andre tider i transporten då misjonæren Aagot Kjeldseth arbeidde på Madagaskar, her på kyrkjeveg. Biletet er truleg frå 1896. Foto: NMS Arkiv

I Etiopia har Misjonsselskapet medverka til å skapa ei luthersk kyrkje med åtte millionar medlemmer, den største lutherske kyrkja i verda. Det er skapt utdanning og arbeidt for menneskerettar. Kvinnene sin status er lyfta, for eksempel ved innsats mot omskjering.

Arbeidet har aldri gått lett. Det fekk ein misjonær i Kamerun oppleva. Landet har fleire hundre språk, og misjonæren hadde ikkje lært språket på plassen, så han trong tolk. Etter talen spurde misjonæren om han hadde høyrt rett når han meinte tolken sa «Muhammed» kvar gong misjonæren nemnde «Jesus». Ja, det stemmer det, sa tolken, for Muhammed er mykje meir kjend på desse traktene enn Jesus.

Og likevel: I Kamerun er det bygt ei kyrkje med ein halv million medlemer, det er starta skulearbeid og gjort ein innsats i helsearbeidet. Ikkje minst er biskop Bjørn Bue sitt arbeid for landbruket kjent gjennom innsatsen med Rogalandsgarden.

Seinare biskop Bjørn Bue i 1971, klar for tredje perioden sin som misjonær i Kamerun. Med på lasset var eit trykkeri. Kona Else Marie var sjølvsagt òg med, men ikkje på dette biletet. Foto: Egil Eriksson

Kyrkja var korrupt, og pengane forsvann.

Europa – ein katastrofe

På 1990-talet starta Misjonsselskapet arbeid i Europa, nemleg i Kroatia. Det vart ein katastrofe. Etter at Sovjetsamveldet fall i 1989–90, var iveren stor etter å støtta dei lokale kyrkjene i Aust-Europa. Dei var små og hadde lidd under regimet, no var tida inne for støtte. Og den kom, frå USA og Vest-Europa. I Kroatia eksisterte det ei luthersk kyrkje, og sonderingane tyda på at det var verdt å støtta henne. Organisasjonar i mange land var med på det. Satsinga var heilt feil: Kyrkja var korrupt, og pengane forsvann. Ingen kyrkjer vart bygde opp att, ingen hjelpetiltak nådde fram via dei lokale personane. Det var ein veldig dårleg «deal».

«Elieser», «Paulus» og «Ansgar»

Misjonsskipet «Elieser» fotografert i Stavanger havn, trolig rett før avreise til Sør-Afrika i 1865. Foto: H.P. Thykier, Stavanger

Misjonsselskapet har til tider satsa stort. I 1864 vart Misjonsskolen bygt i Stavanger, og huset er i dag verna som eit eksempel på god byggeskikk frå den tida. Samtidig fekk misjonen bygt to skip: «Elieser» og «Paulus». Det var seglskip som kunne meistra dei store hav. Dei dreiv både fraktefart og persontransport: misjonærar ut og heim. Henrik Ibsen har harsellert over denne trafikken. Han lar Peer Gynt skryta av at han frakta gudestatuar éin veg og misjonærar tilbake: «For hver en gud, hist over kjøpt, de fikk en kulier grundig døpt, så virkningen nøytralisertes. Misjonens mark lå aldri brakk, for gudene, som kolportertes, av prestene ble holdt i sjakk.»

Det skandinaviske misjonsflyet «Ansgar» i Mansjuria i Kina i 1946.

Under andre verdskrigen vart mange misjonærar sitjande fast i utlandet, og nye misjonærar venta på å reisa ut. Etter krigen samarbeidde Misjonsselskapet med søsterorganisasjonar i Sverige og Danmark, og kjøpte eit eige fly til å ta seg av transporten. Det var ein Dakota DC-3, og eit fly av denne typen eksisterer enno i Norge, tatt vare på av flyentusiastar. Misjonane kjøpte eit fly av amerikanske styrkar, som hadde kalla det «Haystack-Annie» og dekorert det tilsvarande. Men då misjonane overtok flyet, fekk det namnet «Ansgar», etter munken og erkebiskopen Ansgar (801–865), eller «Nordens apostel», som han blir kalla. Det flaug 39 flygingar på 885.000 km og dekka både Afrika, India og Kina i trafikken til og frå Skandinavia.

Ullstrømper til Afrika

Kvinneforeining i NMS i 1901. På den tida var fotografering ei alvorleg sak; ein tok ikkje bilete av strikking, ein pynta seg og poserte for ein profesjonell fotograf. Foto: Scanpix

Det som var drivkrafta i Misjonsselskapet, var kvinneforeiningane. Ein gong talde dei over 7000, og Gustava Kielland var motoren i rørsla. Kåsøren og journalisten Arthur Klæbo hylla dei med boka «Ullstrømper til Afrika» i 1963. Av handarbeidet i foreiningane vart det skapt inntekter som i mange land endra samfunnet og mentaliteten. Misjonsselskapet har verka i Tanzania, Mali, Midtausten, Kina, Hongkong, Japan, Brasil, Taiwan og fleire stader, i tillegg til dei som er nemnde ovanfor. Kvinnene gav av det dei hadde, misjonen sende ut misjonærar med ein veldig dårleg «deal», men for mange mottakarar vart det ein «big deal».

Publisert: